Sjå skatteoppgjeret ditt

Dei fleste får skatteoppgjeret mellom april og juni, medan andre får det til hausten. Alle får skatteoppgjeret sitt før 1. desember.

Etter at du har levert skattemeldinga di, må vi behandle henne og lage eit skatteoppgjer. I skatteoppgjeret står det kor mykje pengar du får att (til gode) eller kor mykje du må betale (restskatt).

Når kjem skatteoppgjeret?

Dei fleste får skatteoppgjeret mellom april og juni, medan andre får det til hausten. Alle får skatteoppgjeret sitt før 1. desember. Vi varslar deg når skatteoppgjeret ditt er klart.

Vi sender ikkje ut skatteoppgjer på heilagdagar, i påskeveka, i juli eller i første halvdelen av august.

Har du pengar til gode, blir dei utbetalte når du får skatteoppgjeret ditt.

Det kan vere fleire grunnar til at skatteoppgjeret ditt kjem seinare, til dømes:

  • Du har gjort mange endringar eller lagt til vedlegg.
  • Du er næringsdrivande eller har søkt om utsetjing
  • Du er tatt ut til tilfeldig kontroll.
  • Du har ikkje oppgitt alle nødvendige opplysningar i skattemeldinga di, til dømes om eigedomar du eig.
  • Du har fått etterbetaling frå Nav eller andre pensjonsutbetalarar. Då tar det lengre tid fordi me bereknar skatten på etterbetalinga slik at du får lågast mogleg skatt.
  • Du må betale restskatt. Då får du tidlegast skatteoppgjeret i juni.

Me kan dessverre ikkje svare på kvifor akkurat skatteoppgjeret ditt tar lengre tid. Du får beskjed når ditt er klart.

Ektefellar får skatteoppgjeret samtidig

Om du er gift, får du og ektefellen din skatteoppgjeret samtidig – etter at begge skattemeldingane er ferdig behandla. Om nokon av punkta over gjeld ektefellen din, kan det hende dykk begge får skatteoppgjeret seinare.

Viss ektefellen din får restskatt eller ikkje leverte innan fristen, får de tidlegast skatteoppgjera i juni.

Viktig informasjon

Vi kan dessverre ikkje svare deg på kvifor ditt skatteoppgjer tar lengre tid. Vi varslar deg når det er klart.

Det kan vere fleire grunnar til at du ikkje har fått utbetalt skattepengane:

Når du veit korleis det gjekk

Etter at du har fått skatteoppgjeret ditt, veit du om du får pengar att (til gode) eller må betale pengar (restskatt).

 

Sjå også

Skatteoppgjer for tidlegare år finn du blant skattedokumenta dine. Logg deg inn på Mi side.

Når ein person døyr, blir adressa automatisk fjerna i Folkeregisteret. 

Viss det er registrert ein kontaktperson i Folkeregisteret, vil skattemeldinga bli sendt ut automatisk. 

Skatteoppgjer blir sendt ut automatisk til dei som har registrert kontaktperson i Folkeregisteret.

Meir om skattemelding og skatteoppgjer for den avdøde.

Viss du har valt å få tilskot til energitiltak frå ENOVA som ein del av skatteoppgjeret, vil dette bli avrekna mot skatteoppgjeret ditt for i fjor.

Dersom du lurer på noko om dette, må du kontakte ENOVA.