Skjema RF-1141

Gevinst og tap på aksjar og partar ved utflytting

Oppgåva skal leverast av personlege skattytarar, inkludert personlege næringsdrivande, for latente gevinstar og tap dei har på aksjar og partar o.a ved opphøyr av skattemessig bustad i Noreg.

Dette skjemaet er ein del av skattemeldinga. Det inneber at du loggar inn og fyller ut skjemaet elektronisk. Om du er lønnstakar eller pensjonist og leverer på papir, kan du bruke dette skjemaet. Leverer du på papir får du ikkje skatteoppgjeret før tidlegast i august.

Næringsdrivande og aksjeselskap må logge inn og levere skattemeldinga og alle skjema elektronisk.

Næringsdrivande kan bruke papirskjemaet til å førebu seg og som støtte ved utfylling.

 

Hjelp til utfylling

Skjema på papir

Tidlegare års skjema og rettleiing

 

Du kan bruke dei eldre utgåvene som støtte dersom du treng å endre noko i skattemeldingar du har sendt inn tidlegare.

Skattemeldinga for lønnsmottakarar/pensjonistar og skattemeldinga for enkeltpersonføretak med vedleggsskjema for 2017 og 2018 kan du framleis endre og levere på nytt dersom du oppdagar feil eller har motteke nye eller forseinka oppgåver.