Skjema RF-1167

Næringsoppgåve 2

Aksjeselskap og andre føretak som utarbeider årsrekneskap etter rekneskapslova eller IFRS (internasjonal rekneskapsstandard), skal levere Næringsoppgåve 2 som vedlegg til skattemeldinga eller selskapsmeldinga.

Utsett frist

Leveringsfristen for skattemelding for 2019 for næringsdrivande og selskap blir utsett frå 31. mai til 31. august. Det er ikkje mogleg å søke om ytterleg utsetjing. Vi oppmodar likevel til å rapportere pliktige opplysningar så tidleg som mogleg.

Ektefellar til dei som har utsett frist har same frist. Det same gjeld deltakarar i selskap med deltakarfastsetjing.

 

Logg inn og fyll ut RF-1167:

Lever Næringsoppgåve 2

Næringsdrivande og aksjeselskap må logge inn og levere skattemeldinga og alle skjema elektronisk.

Næringsdrivande kan bruke papirskjemaet til å førebu seg og som støtte ved utfylling.

 

Selskap som ikkje hadde nokon aktivitet i fjor må likevel levere følgende skjema:

Personleg næringsdrivande (enkeltpersonføretak) har årsrekneskapsplikt viss føretaket i året har hatt eigedelar med samla verdi over 20 millioner kroner eller eit gjennomsnittleg antall ansatte høgare enn 20 årsverk.

Personleg næringsdrivande og andre som ikkje har årsrekneskapsplikt leverer i staden Næringsoppgåve 1 eller Næringsoppgåve 5.

Utanlandsk selskap og andre næringsdrivande som har skattekommune 2312 Utland, skal levere RF-1045 Rekneskapsutdrag.

Føretak som brukar IFRS eller forenkla IFRS må i tillegg levere RF-1269.

Utanlandsk aksjeselskap og andre næringsdrivande som utarbeider årsrekneskap etter rekneskapsloven eller IFRS (internasjonal rekneskapsstandard), skal levere Næringsoppgåve 2.

Hjelp til utfylling

Skjema på papir

Tidlegare års skjema og rettleiing

 

Du kan bruke dei eldre utgåvene som støtte dersom du treng å endre noko i skattemeldingar du har sendt inn tidlegare.

Finn du feil eller mangler skal du sende inn eit nytt fullt oppgåvesett for tidlegare år. Det er ikkje nok å sende inn korrigerte enkeltskjema. Logg inn her for å sende inn eit nytt fullt oppgåvesett:

Slik rettar du

Du sender inn eit nytt fullt oppgåvesett frå ditt fagsystem via Altinn. Hvis endringane skal gjerast direkte i Altinn, finn du tidlegare innsendte oppgåvesett i "Arkiv" i Altinn. Vel "Lag ny kopi" og korriger aktuelle skjema. Signer og send alt inn på nytt. Du treng ikkje å informera Skatteetaten om at du har endra.