Utsett frist

Leveringsfristen for skattemelding for 2019 for næringsdrivande og selskap blir utsett frå 31. mai til 31. august. Det er ikkje mogleg å søke om ytterleg utsetjing. Vi oppmodar likevel til å rapportere pliktige opplysningar så tidleg som mogleg.

Ektefellar til dei som har utsett frist har same frist. Det same gjeld deltakarar i selskap med deltakarfastsetjing.

 

Næringsrapport skatt

Næringsrapport skatt er ei leveringsform for næringsdrivande med enkle skatteforhold. Dersom denne løysinga passar for bedrifta di, tilrår vi at du brukar ho når du skal rapportere.

Logg inn og fyll ut:

  • Enkeltpersonføretak må gå vidare til skattemeldinga etter at Næringsrapport skatt er fylt ut for å korrigere personlege tal og sende inn.
  • Aksjeselskap er ferdige med innsendinga når dei har levert Næringsrapport skatt.

Kan eg bruke Næringsrapport skatt?

Test om Næringsrapport skatt passar for deg

Hjelp til utfylling

Se film: Næringsrapport skatt

Filmen viser trinn for trinn hvordan du fyller ut, endrer og sender inn.