Skjema Q-0150

Søkje om prøvings-/ekteskapsattest for å gifte seg

De må fylle ut ei eigenerklæring og søkje om attest før de giftar dykk. Attesten er gyldig i 4 månader etter at han er utferda.

Viktig informasjon

Det blir kalla prøvingsattest viss de skal gifte dykk etter norsk rett (gjeld også vigsel ved norske ambassadar og sjømannskyrkjer).

Det blir kalla ekteskapsattest viss du/de skal gifte deg/dykk etter utanlandsk rett. Viss du berre har d-nummer, kan du ikkje få ekteskapsattest.

 

Det elektroniske søknadsskjemaet omfattar både eigenerklæring og forlovarerklæring.

Viktig før du søkjer

  • Viss de skal søkje om prøvingsattest elektronisk, må brudeparet og forlovarane kunne logge seg inn med BankID eller tilsvarande.
  • Viss du skal søkje om ekteskapsattest elektronisk, må du og forlovaren din kunne logge dykk inn med BankID eller tilsvarande.
  • Før du byrjar å fylle ut skjemaet, bør du ha nødvendige fødselsnummer tilgjengelege – ditt eige og i dei fleste tilfelle for den kommande ektefellen din og forlovaren din.
  • Om du blir bedt om å laste opp vedlegg, må desse vere i PDF-format.

Viss du heller vil gjere det på papir, må du fylle ut skjemaa under og sende dei samla til:

Skatteetaten
Postboks 9200 Grønland
0134 Oslo

 

Har du vore gift tidlegare?

  • Er det mindre enn 2 år sidan skilsmissa vart innvilga, kan du bruke del 1 i erklæring om skifte. Viss siste felles adresse ikkje var i Noreg, kan du søkje om skiftefritak hos Statsforvaltaren.
  • For skifte av dødsbu må du nytta del II. 
  • Er det meir enn 2 år sidan skilsmissa, kan du bruke del 3 i erklæring om skifte.

For personar som er skilde etter utanlandsk rett, må skilsmissa vere godkjent av Statsforvaltaren. Kravet om godkjenning gjeld ikkje dersom skilsmissa vart gjennomført i eit av dei andre nordiske landa, og dersom begge ektefellane var busette og hadde statsborgarskap i eit nordisk land på tidspunktet for skilsmissa.

Ved vigsel etter utanlandsk rett

Dersom du giftar deg etter utanlandsk rett og den du skal gifte deg med ikkje har vore busett i Noreg, må du leggje ved informasjon om denne personen sitt fulle namn, fødselsdato, fødestad og statsborgarskap.

Last ned skjema for opplysningar om kommande ektefelle

Når du har søkt

Dersom søknaden om prøvingsattest er godkjent, vil han bli sendt til dykk i Altinn. 

Dersom søknaden om ekteskapsattest er godkjent, vil du få ei stadfesting på dette i Altinn. Samtidig vil vi sende attesten vidare til Statsforvaltaren eller Utlendingsdirektoratet for at dei skal føre på nødvendig apostille eller legalisering. Sjølve attesten får du i posten etter at apostille eller legalisering er ført på.

De må sjølve vidaresende prøvingsattesten eller ekteskapsattesten til vigslaren.

Prøvingsattesten/ekteskapsattesten er gyldig i 4 månader etter at han er utferda.

Sjå saksbehandlingstider for Folkeregisteret