Søk om utsett frist for levering av skattemeldinga

Viss det blir vanskeleg å rekke fristen, kan du søkje om utsetjing. Du kan ikkje søkje etter at fristen har gått ut, så du må vere ute i god tid om dette gjeld deg.

Desse kan få utsett frist

  • lønnstakarar og pensjonistar
  • enkeltpersonføretak og selskap
  • eigarar av andelar i deltakarlikna selskap
  • utanlandske næringsdrivande med fast forretningsstad i Noreg (filial)

Du kan søkje om utsetjing for éin månad. Vi gir ikkje lengre utsetjing enn det.

Dersom du er næringsdrivande og ikkje leverer eller søkjer om utsetjing innan fristen, kan du få tilleggsskatt eller tvangsmulkt.

Søk innan leveringsfristen

Du kan ikkje søkje om utsetjing etter at fristen har gått ut, så du må vere ute i god tid.

30. april

  • lønnstakarar
  • pensjonistar

31. mai

  • enkeltpersonføretak og selskap
  • eigarar av andelar i deltakarlikna selskap
  • utanlandske næringsdrivande med fast forretningsstad i Noreg (filial)

Elektroniske søknader blir innvilga automatisk.

Viss du ikkje kan sende søknaden elektronisk, må du sende oss eit brev der du ber om utsett frist. Send søknaden per post til:

Skatteetaten
Postboks 9200 Grønland
0134 OSLO

Det tar lengre tid å behandle søknader som blir sende på papir.

Viss ektefellen din er næringsdrivande, har de den same leveringsfristen

Dersom ein av dykk søkjer om utsett frist og får innvilga dette, vil den andre automatisk få den same fristen.

Viktig informasjon

Nokre grupper næringsdrivande har fått automatisk utsett frist i år. Dette gjeld berre for skattemeldinga for inntektsåret 2023, som du leverer i 2024.

Les meir og sjå kva grupper det gjeld

Utsetjing kan gi seinare skatteoppgjer

Viss du søkjer om utsetjing, kan det hende du får skatteoppgjeret ditt seinare. 

Vi kan dessverre ikkje svare på akkurat når du får skatteoppgjeret ditt, men du får beskjed.