Vi gir deg beskjed når skattemeldinga di er klar

Alle får ikkje tilgang til skattemeldinga samtidig.

Skattemeldinga blir sendt ut på ulike dagar mellom 7. og 22. mars. Du får beskjed på e-post eller sms når du kan sjekke di.

Innan 22. mars har alle mottatt skattemeldinga.

Andre varslar (ikkje skattemeldinga)

Vi sender òg ut andre varsel for tida. Vêr oppmerksam på at varslar du får kan gjelde anna enn skattemeldinga. Vi sender heller ikkje lenke uoppfordra i e-post eller sms. 

Andre måtar å logge inn

Hvis du prøver å komme inn på skattemeldinga før du har fått e-post eller sms, eller loggar inn frå andre stader som til dømes Mi side eller via Altinn, vil du ikkje finne skattemeldinga di. Du må vente på at vi varslar deg om at skattemeldinga di er klar.

Medan du ventar

Du kan førebu deg til skattemeldinga di kjem, ved å lese litt meir om desse temaa:

Frådragsrettleiaren
Hjelp til å forstå kva frådrag du kan ha krav på.

Skatt når noko skjer i livet
Dette er lurt å tenke på når livet endrar seg.

Tema: