Kompensasjonsmelding for meirverdiavgift

Kommunar, fylkeskommunar og nokre typar private og ideelle verksemder kan krevje refusjon for meirverdiavgift dei har betalt.

Desse kan krevje kompensasjon:

  • kommunar
  • fylkeskommunar
  • interkommunale selskap
  • barnehagar
  • kyrkjelege fellesråd og sokneråd
  • private eller ideelle verksemder som utfører lovpålagde helse-, undervisnings- og sosiale tenester for kommune eller fylkeskommune

Lovpålagde tenester er ytingar til personar som har eit rettskrav på å få det frå kommunen eller fylkeskommunen.

Viktig informasjon

Er du i tvil om verksemda di har rett til å krevje kompensasjon, ta kontakt med oss.

Du kan ikkje bruke denne kompensasjonsmeldinga viss du representerer frivillige lag og organisasjonar eller private verksemder innan kultur, idrett og samferdsel. Ordninga for momskompensasjon for frivillige organisasjonar finn du hos Lotteri- og stiftelsestilsynet.

Dette må du gjere:

Viktig informasjon

Verksemda må ha krav på kompensasjon for minst 20 000 kroner i meirverdiavgift i løpet av eit kalenderår før du kan sende første kompensasjonsmelding.

For at verksemda skal ha rett til kompensasjon for meirverdiavgift, må desse kriteria vere oppfylte:

  • Varene og tenestene skal brukast i verksemda.
  • Seljaren har berekna meirverdiavgift ved salet av varene eller tenestene.
  • Meirverdiavgifta må stå på kvitteringa (eller eit anna salsdokument).
Viktig informasjon

Dersom verksemda er registrert i mva-registeret, kan du ikkje krevje kompensasjon for det verksemda får frådrag for i den ordinære mva-meldinga.

Du kan heller ikkje krevje kompensasjon for meirverdiavgift på varer og tenester som ikkje gir rett til frådrag. Dette gjeld til dømes kjøp og drift av firmabilar som er klassifiserte som personbilar.

Viss du driv fleire typar verksemder, kan du ha delvis kompensasjonsrett

Ei verksemd som driv med andre ting i tillegg til lovpålagde tenester på oppdrag frå det offentlege, kan berre krevje kompensasjon for delar av meirverdiavgifta.

Du driv treningssenter og barnehage i same bygg og har kjøpt ei kopimaskin du skal bruke i firmaet ditt. Fordi det berre er barnehagedrifta som gir rett på kompensasjon for mva., kan du berre føre frådrag for den delen av kopimaskina som brukast av barnehagen.

Kopimaskina skal brukast like mykje i heile verksemda – 50 prosent i barnehagen og 50 prosent i treningssenteret. Kopimaskina kostar 50 000 kroner inkludert mva.

Totalsum på faktura inkludert mva.:
50 000 kroner

Meirverdiavgift du har betalt:
10 000 kroner

Meirverdiavgift du kan få kompensasjon for:
10 000 kroner x 50 prosent = 5 000 kroner

Fører du riktig her, er det enkelt å hente ut tala du skal rapportere.

Når du leverer kompensasjonsmelding i nytt format, skal du bruke mva-kodar.

1

Kjøp av varer og tenester med kompensasjonsrett (høg sats)

14

Kompensasjon for meirverdiavgift betalt ved innførsel (høg sats)

81

Kjøp av varer frå utlandet med kompensasjonsrett (høg sats)

86

Kjøp av tenester frå utlandet med kompensasjonsrett (høg sats)

91

Kjøp av klimakvoter og gull med kompensasjonsrett (høg sats)

11

Kjøp av varer og tenester med kompensasjonsrett (middels sats)

15

Kompensasjon for meirverdiavgift betalt ved innførsel (middels sats)

83

Kjøp av varer frå utlandet med kompensasjonsrett (middels sats)

13

Kjøp av varer og tenester med kompensasjonsrett (låg sats)

88

Kjøp av tenester frå utlandet med kompensasjonsrett (låg sats)

 

Du treng ikkje å leggje ved dokumentasjon når du leverer kompensasjonsmeldinga for meirverdiavgift, men det kan hende vi ber om det i ettertid.

Dokumentasjon kan til dømes vere fakturaar, kvitteringar og avtalar.

Rekneskapen må også innehalde ei signert melding frå revisor på at kravet som er sendt inn er kontrollert. Dette er ei stadfesting som skal liggje som dokumentasjon i rekneskapen, og er ikkje det same som revisoren si digitale attestering.

Viktig informasjon

Viss revisoren finn feil og må avvise kravet ditt, må du leggje inn kravet på nytt. Det er viktig at du leverer så riktig som mogleg første gong, og at du gjer det i god tid før fristen.

Innleveringsfristar

Fristane for å sende inn kompensasjonsmeldinga er annankvar månad, og delt opp i terminar. Du kan tidlegast levere krav om kompensasjon 40 dagar før fristen for kvar termin.

10
FEB

Meirverdiavgift, kompensasjonsmelding – frist for levering

10
APR

Meirverdiavgift, kompensasjonsmelding – frist for levering

10
JUN

Meirverdiavgift, kompensasjonsmelding – frist for levering

1
SEP

Meirverdiavgift, kompensasjonsmelding – frist for levering

10
OKT

Meirverdiavgift, kompensasjonsmelding – frist for levering

10
DES

Meirverdiavgift, kompensasjonsmelding – frist for levering

Fristane er absolutte

Det er ikkje mogleg å be om utsetjing av innlevering av kompensasjonskrav.

Aller siste frist for innlevering av kompensasjonsmeldinga for offentlege organisasjonar er terminen etter at kjøpa er gjorde. Etter det blir kravet forelda. Til dømes må kompensasjonskrav for mva. på kjøp du har gjort i 1. termin (januar og februar) leverast seinast 10. juni, som er innleveringsfristen for 2. termin (mars og april).

Du kan levere krav for tidlegare terminar i same kalenderår når du leverer første krav. Men du kan ikkje levere første kompensasjonskrav før verksemda har hatt mva-utgifter på minst 20 000 kroner i løpet av eit kalenderår (1. januar til 31. desember).

Aller siste innleveringsfrist for private organisasjonar er i siste termin året etter at kjøpa er gjorde. Etter det blir kravet forelda. Til dømes kan du levere krav om mva-kompensasjon for kjøp i 2023 seinast i kompensasjonsmeldinga for 6. termin 2024, som har innleveringsfrist 10. februar 2025.

Viss du må gjere endringar etter fristen, skal du sende inn ei ny kompensasjonsmelding for same termin. Beløpet må då vere lågare enn det var i den tidlegare kompensasjonsmeldinga. Revisor treng ikkje å attestere.

Skal du korrigere kompensasjonsmeldingar for terminar før 1. januar 2023, bruker du dette skjemaet:

RF-0009 Merverdiavgift (mva/moms) - søknad om kompensasjon

Viktig informasjon

Revisor får ikkje varsel når du har sendt kompensasjonsmeldinga til attestering, så det er viktig at du gir beskjed direkte. Du kan anten vidaresende stadfestinga verksemda får i Altinn, eller gi beskjed på annan måte.

Gi revisor riktige roller i Altinn

Det er verksemda sitt ansvar å sørgje for at revisor får riktige roller. Gi eller sjekk at revisor har følgjande roller på vegner av verksemda:

  • ansvarleg revisor
  • revisorattesterar – MVA kompensasjon

Du kan fylle ut og sende til attestering med ei av desse rollene:

  • avgrensa signeringsrett
  • rekneskapsførar med signeringsrett

Dersom du har ei av desse rollene, kan du fylle ut kompensasjonsmeldinga, men ikkje sende til attestering:

  • ansvarleg revisor
  • rekneskapsmedarbeidar
  • rekneskapsførar utan signeringsrett
  • revisormedarbeidar

For revisor

Du som revisor skal alltid attestere i løysinga til Skatteetaten – også når verksemda har levert via rekneskapssystem.

Du treng desse rettane i Altinn:

  • ansvarleg revisor
  • revisorattesterar – MVA kompensasjon

Regelverk