Sal av eigen fangst

Driv du næringsverksemd og sel eigen fangst, må du dokumentere kvart enkelt sal fortløpande.

Krav om kassasystem

Du skal bruke eit produkterklært kassasystem for å registrere og dokumentere kontantsal.

Med kontantsal meiner vi alt sal der kjøparen gjer opp for seg med det same, til dømes ved bruk av kontantar eller bankkort. 

Sjå liste over kassasystemer som er produkterklærte

Unntak frå kravet om kassasystem

Det finst fleire unntak frå kravet om å bruke eit produkterklært kassasystem. Kravet gjeld ikkje dersom kontantsalet ikkje overstig 50 000 kroner eksklusive meirverdiavgift i løpet av eit rekneskapsår.

Kravet gjeld heller ikkje dersom du har ambulerande eller sporadiske kontantsal, og salet ikkje overstig tre gonger grunnbeløpet i folketrygda (G) i løpet av eit rekneskapsår. 

Grensa på 3G gjeld berre det ambulerande eller sporadiske kontantsalet, og grensa er eksklusiv moms. Dersom du også driv kontantsal frå ein fast utsalsstad, skal du bruke eit kassasystem for den delen av verksemda.

Slik dokumenterer du utan kassasystem

Har du kontantsal under 50 000 kroner i løpet av eit rekneskapsår eller ambulerande eller sporadisk kontantsal under 3G, og ikkje bruker eit kassasystem for å dokumentere salet, må du dokumentere kontantsalet ved å:

  • føre kontantsalet fortløpande inn i ei innbunden bok med førehandsnummererte sider, eller
  • bruke ei kvitteringsblokk med kopi. Kvitteringane skal vere førehandsnummererte og må ha med salsdato, vareslag og -mengd, og salsbeløp inkludert moms, eller
  • lage ei oppstilling over ut- og innleverte varer og kontantar. Oppstillinga skal vere datert og signert.

Du skal alltid registrere salet, også når kunden bruker ein mobilapplikasjon (Vipps eller liknande) for å betale. Vipps er ei betalingsløysing på linje med kontantar og bankkort.

Ved kaisal skal du registrere den faktiske salsprisen, ikkje minsteprisen. Du skal også føre den faktiske salssummen for kvart fiskeslag, eksklusiv moms, i sluttsetelen. Dette dannar grunnlaget for den inntekta du skal føre i næringsspesifikasjonen.

Ambulerande kontantsal

Ambulerande verksemd er verksemd som ikkje blir driven frå ein fast tilrettelagd utsalsstad. Det kan til dømes vere sal frå fiskebil, sal av frukt og bær langs vegen om sommaren, sal på messer og liknande.

Sal av fisk frå båt vil i dei fleste tilfelle komma inn under unntaket for ambulerande kontantsal.

Sporadisk kontantsal

Sporadisk kontantsal betyr at verksemda som hovudregel har andre typar sal, men unntaksvis får betaling kontant.

Døme på sporadisk kontantsal: ein sjølvprodusent sel i hovudsak fiskekaker til butikkar og liknande mot faktura. Produsenten sel fiskekaker til privatpersonar mot kontantbetaling, men det skjer berre unntaksvis.

Om salet til privatpersonar derimot er regelmessig, må produsenten bruke eit kassasystem.

Frådrag for kostnader

Du kan ha rett til frådrag for kostnader som gjeld sal av fisk. For at du skal få frådrag, må kostnadene vere knytte til å få, halde ved like eller sikre skattepliktig inntekt. Frådraga fører du i næringsspesifikasjonen.