Livsopphald

Dersom vi må gjennomføre ei tvangsinnkrevjing og trekkjer deg i inntekta di, skal du likevel sitje igjen med nok pengar til livsopphald.

Når vi bereknar trekket, sørgjer me for at du har nok pengar til å dekke nødvendige leve- og bukostnader. Derfor må du sende oss dokumentasjon på buutgifter og utgifter til barnepass og barnebidrag.

Satsane for livsopphald blir bestemde av barne- og familiedepartementet og er berekna for å dekkje andre utgifter som utgifter til mat, drikke, klede, sko, straum, fyring, helse, hygiene, telefon, avis, reiser, daglegvarer og møblar.