Stadfesting på foreldreansvar

Stadfesting på foreldreansvar viser kven som er registrert med foreldreansvar for eit barn. Vi kan berre stadfeste foreldreansvar for barn som er busett i Noreg.

Sjå opplysningane dine

Viss du vil sjå kva for opplysningar vi har registrert om deg og barn som du har foreldreansvar for, kan du logge deg inn på Mi side

Slik får du stadfestinga

Du får stadfestinga tilsendt digitalt til innboksen din i Altinn. Viss du treng stadfestinga på papir med stempel og signatur, vel du det når du bestiller. Utskrift på papir blir sendt til den folkeregistrerte adressa di. Stadfesting på foreldreansvar finst berre på norsk.

Du kan du få stadfesting på foreldreansvar dersom du har del i foreldreansvaret for barnet.

Skal stadfestinga bli brukt i utlandet, vel du dette når du bestiller. Då får du ho på papir med stempel og signatur.

Du må sjølv sende stadfestinga til tingretten for notarialstadfesting, før du kan sende ho til Statsforvaltaren for apostille eller til Utanriksdepartementet for legalisering. Hugs å oppgi kva for eit land attesten skal brukast i. Attestar og stadfestingar som skal brukast i nordiske land treng ikkje apostille eller legalisering. Les meir om apostille og legalisering.

  • fødselsnummer og namn på barnet (etternavn, førenamn og mellomnamn)
  • dato for når foreldreansvaret vart registrert
  • namna til dei som har foreldreansvar