Utskrift av registrerte opplysningar

Viss du har behov for å stadfeste opplysningane som er registrerte på deg i Folkeregisteret, kan du bestille ei utskrift av registrerte opplysningar. 

Sjå opplysningane dine

Viss du vil sjå kva for opplysningar vi har registrert om deg og barn som du har foreldreansvar for, kan du logge deg inn på Mi side

Bestill utskrift av registrerte opplysningar

Utskrifta inneheld opplysningar om mellom anna sivilstand og statsborgarskap. Ho inneheld ikkje opplysningar om foreldra dine eller barn.

Bestill berre dei attestane som er heilt nødvendige

For tida har vi avgrensa moglegheit til å skrive ut attestar som krev stempel og signatur. Vi ber deg derfor om å berre bestille attestar dersom det er heilt nødvendig.

Ver merksam på at behandlingstida er lengre enn oppgitt.

Slik får du utskrifta

Utskrift av registrerte opplysningar blir utskrive digitalt. Treng du utskrifta på papir med stempel og signatur, vel du det når du bestiller. Utskrift på papir blir sendt til den folkeregistrerte adressa di innan tre arbeidsdagar etter at vi har fått bestillinga. Postgang kjem i tillegg. Du kan få utskrifta på norsk eller engelsk.

Du kan du få utskrift av registrerte opplysningar viss du er registrert som busett i ein norsk kommune, eller viss du er registrert som utvandra. Du kan også få utskrift av registrerte opplysningar viss du har d-nummer. 

Du kan bestille utskrift av registrerte opplysningar for

  • deg sjølv
  • barna dine under 18 år som du har del i foreldreansvaret for
  • ein person du er oppnemnt som verje for
  • ein klient du som advokat er prosessfullmektig for

Utskrifta kan innehalde informasjon om følgjande:

  • namn
  • fødselsdato
  • fødselsnummer/d-nummer
  • kjønn
  • statsborgarskap
  • fødestad/fødeland
  • personstatus
  • registrerte adresser
  • sivilstand (ugift, gift, separert, skild, enkje, enkjemann)
  • namn og fødselsdato på ektefelle

Skal utskrifta bli brukt i utlandet, vel du dette når du bestiller. Då får du ho på papir med stempel og signatur.

Du må sjølv sende utskrifta til tingretten for notarialstadfesting, før du kan sende ho til Statsforvaltaren for apostille eller til Utanriksdepartementet for legalisering. Hugs å oppgi kva for eit land utskrifta skal brukast i. Attestar og utskrifter som skal brukast i nordiske land treng ikkje apostille eller legalisering. Les meir om apostille og legalisering.