Registrert som utflytta i folkeregisteret fordi du ikkje lenger har lovleg opphald i Noreg

Viss du er utanlandsk statsborgar og ikkje lenger har lovleg opphald i Noreg, vil UDI gi beskjed til Folkeregisteret om at du skal bli registrert som utflytta frå Noreg.

Tidlegare var det Folkeregisteret som bestemte om nokon skulle bli registrert som utflytta dersom dei ikkje lenger hadde lovleg opphald. No er det UDI som bestemmer dette.

Dersom du har blitt registrert som utflytta i Folkeregisteret etter melding frå UDI, er det fordi du ikkje lenger har lovleg opphald i Noreg. Har du spørsmål om kvifor du har blitt registrert som utflytta, må du ta kontakt med UDI.

Dersom du meiner at du har blitt registrert som utflytta ved ein feil, kan du klage på utflyttinga til UDI ved å fylle ut skjema for å melde frå om feil registrering som utflytta i Folkeregisteret.

Dersom du er registrert som utflytta i Folkeregisteret står du framleis registrert med personnummer og personlege opplysningar i Folkeregisteret, men du er ikkje bustadsregistrert på ei adresse i Noreg. Dette kan få følgjer for rettane og pliktene dine i landet.

For at du igjen skal bli bustadsregistrert på ei adresse i Noreg, må UDI eller UNE først gi deg eit nytt opphaldsløyve. Du må melde flytting til Noreg på nytt (gjeninnflytting). Sjå informasjon om melding om flytting til Noreg.