Skattemelding til avdøde

Når ein person døyr, blir adressa automatisk fjerna i Folkeregisteret. Det blir derfor ikke sendt ut skattemelding/skatteoppgjer. Ønskjer du å få tilsendt skattemeldinga/skatteoppgjeret til avdøde, må du melde postadresse til attlevande ektefelle eller arvingar til Folkeregisteret.

Utlevering til attlevande ektefelle

Som attlevande ektefelle/partnar kan du få tilsendt skattemeldinga til den avdøde ved å ringje oss eller sende oss ein e­post. Du kan få skattemeldinga utlevert direkte dersom du møter opp på skattekontoret, men då må du vise fram legitimasjon. Ved oppmøte på skattekontoret kan du også bli spurt om skifteattest, uskifteattest eller annen dokumentasjon.

Ynskjer du avdøde sitt skatteoppgjer tilsendt, kan du kontakte skatteoppkrevar/kemnar.

Dersom du ikkje har overteke buet i uskifte, må du dokumentere at du har eit sakleg behov for å få innsyn i opplysningane.

Utlevering til andre arvingar

Andre arvingar kan òg få innsyn i skattemeldinga/skatteoppgjeret til avdøde, men berre dersom dei har saklege behov for opplysningane. Du må då dokumentere overfor skattekontoret at du er arving. Dette kan du gjere ved å leggje fram skifteattest, annan attestasjon frå tingretten eller ein kopi av testamentet. I tillegg må du vise fram legitimasjon.

Dersom du ikkje kan møte opp personleg på skattekontoret, må du leggje ved denne dokumentasjonen i eit brev som du sender til:

Opptrer du på vegner av ein eller fleire av arvingane, må du i tillegg leggje fram fullmakt frå arvingane dersom du ikkje sjølv er arving.

Etter at det er valt skifteform, er det berre personane og organa som representerer buet, som får innsyn i skattemeldinga til avdøde og andre fastsettinsopplysningar.

Utlevering til gravferdsbyrå

Gravferdsbyrå kan etter fullmakt frå arvingane søkje om gravferdsstøtte. Gravferdsbyrået har i slike tilfelle rett til å få utlevert dei opplysningane frå den avlidne si skattemelding/skatteoppgjer som må leggjast ved søknaden til NAV. Ein må dokumentere retten til å få opplysningane ved å leggje ved ein kopi av fullmakta

Utlevering til bustyrar

Bustyrar som har fullmakt til å forvalte buet etter den avdøde, kan òg få tilsendt eller utlevert skattemeldinga/skatteoppgjeret til avdøde.

Fullmektig

Alle som etter skatteforvaltningsloven har rett til å la seg bistå av fullmektig. Fullmektig kan vere privatpersonar, begravelsesbyråer, advokater etc. Alle unntatt advokat, revisor el. må fremleggje ein fullmakt. Fullmaktens omfang og varighet må vurderas i det enkelte tilfellet.

Levering av skattemeldinga

Skattemeldinga for personen som er død, kan ikkje sendast elektronisk. Skattemeldinga må sendast som brevpost til:

Skatteetaten
Postboks 430, Alnabru
0614 Oslo.

Dersom du ikkje skal gjere endringar i skattemeldinga, kan du ta i bruk leveringsfritak. Om avdøde mottok skattemelding for næringsdrivande, må denne leverast.

Merk!

Dersom det er registrert en c/o adresse på den avdøde, blir skattemeldinga sendt dit. For å endre eller slette c/o-adressen, kan du fylle ut og sende inn følgende skjema:

Melding om ny eller endret postadresse

footer/desktop/standard