Jobb og skatt for deg som er ung

Har du sommarjobb eller fast jobb, treng du anten frikort eller skattekort.

Gjeld det meg?

Denne sida er for deg som er ung og har sommarjobb eller fast jobb.

Om du tener 100 000 kroner eller mindre i løpet av året, kan du ha frikort og slepp å betale skatt av lønna di.
Om du tener meir enn 100 000 kroner i året, må du ha eit skattekort.

Hugs at det ikkje berre er lønna di som avgjer om du skal ha frikort eller skattekort. Det gjeld alt av pengar du tener i løpet av året, som til dømes pengar du tener på å ha pengar i banken, feriepengar frå i fjor som du får utbetalt i år, eller krypto.

Dette må du gjere

Om du ikkje har ein elektronisk ID (BankID eller MinID) frå før, må du bestille det. Du treng BankID eller MinID for å

  • bestille, sjå eller endre skattekortet om du treng det.
  • sjå frikortet om du har det, og fordele frikortet om du har fleire jobbar.

Frikortet fortel arbeidsgivaren din at det ikkje skal trekkjast skatt av lønna di.

Du får automatisk frikort frå det året du fyller 13 år, om du tente under 100 000 kroner i fjor. Arbeidsgivaren hentar frikortet sjølv, du treng ikkje gjere noko. Om du hadde skattekort i fjor men skal ha frikort i år, må du bestille frikort.

Om du tener meir enn 100 000 kroner og ikkje har skattekort, må arbeidsgivaren trekkje 50 prosent skatt av lønna di.

Har du fleire jobbar, må du fylle inn kor mykje du trur du skal tene hos kvar arbeidsgivar. Arbeidsgivarane må hente frikortet ditt digitalt før du kan fordele.

  • Om du ikkje fyller inn kva du trur du skal tene på dei ulike jobbane, kjem ein av arbeidsgivarane til å trekkje 50 prosent skatt automatisk.
  • Om du fyller inn mindre enn det du faktisk tener på ein av jobbane, kjem dei til å trekkje 50 prosent skatt av lønna som er over det du har fylt inn.

Om du har skattekort, treng du ikkje å fordele lønna di på arbeidsgivarar.

Året etter at du jobba, vil du få ei skattemelding. Det gjeld anten du har hatt frikort eller skattekort.

Skattemeldinga gir deg oversikt over kor mykje du har tent og kva du har betalt i skatt. Skattemeldinga er berre ei førebels berekning av skatten din. Du må sjølv sjekke tala og sjekke at alt stemmer før du leverer.

Etter at vi har behandla skattemeldinga di, sender vi deg eit skatteoppgjer.

Om du har betalt for mykje skatt, får du igjen pengar. Om du har betalt for lite, må du betale restskatt.

Du får beskjed når skatteoppgjeret ditt er klart.

Hugs å sjekke i løpet av året

For å unngå at du får restskatt må du hugse å sjekke og eventuelt oppdatere skattekortet ditt slik at det som står der, stemmer så langt det lèt seg gjere.

Har du frikort og du nærmar deg grensa på 100 000 kr, er det lurt å bestille skattekort for å unngå å måtte betale 50 prosent skatt.

Vi sender deg ein SMS når du nærmar deg grensa på 100 000 kroner.

Lær om rettane dine

Det er viktig at du kjenner kva du har av plikter og rettar når du er i jobb.

  • når og kor lenge du har lov til å jobbe
  • kva aldersgrenser som gjeld for ulike jobbar
  • kva som skal stå i arbeidsavtalen din
  • kva du har rett på av sjukepengar og feriepengar

Spesielt for deg som

Barn under 13 år kan tene inntil 10 000 kroner skattefritt i løpet av eit inntektsår.

Det er føresette som må bestille frikort eller skattekort.