Frivillig retting (skatteamnesti)

Har du inntekt og/eller formue i utlandet som du ikkje har oppgitt til Skatteetaten tidlegare, kan du unngå tilleggsskatt ved å ta i bruk frivillig retting (såkalla skatteamnesti).

Dei siste åra har skatteetaten hatt vesentleg fleire førespurnader om frivillig retting. Dette har ført til 1,5 milliardar kroner meir til den norske velferdsstaten, og kvar einskild har fått rydda opp i økonomiske forhold.

Du kan lesa meir om frivillig retting og vilkåra for dette i Skatteforvaltningshåndboken.

Auke av inntekt og/eller formue som gjeld dei siste tre inntektsåra skal du ikkje be om frivillig retting for. For desse tre åra skal du sjølv endra skattemeldingane dine.

Slik søker du om frivillig retting

Du må gi fullstendige opplysningar om formuen og/eller inntekta og kvar denne kjem frå. Opplysningane sender du inn via opplysningsskjemaet for frivillig retting. Legg ved dokumentasjon (sjå oversikta over dokumentasjonskrav i avsnitta nedanfor.)

Skjemaet skal sendast via Skatteetaten sitt kontaktskjema i Altinn.

Det er òg mogeleg å ettersende denne dokumentasjonen. Du kan sende brev eller e-post til Skatteetaten, dersom du ikkje nyttar opplysningsskjemaet. Merk sendinga "Frivillig retting".

Frivillig retting, såkalla skatteamnesti, er når du rettar eller utfyller opplysningar som ikkje er gitte eller lagde til grunn tidlegare, slik at ein kan fastsetje rett skatt. For at vi skal kunne fastsetje rett skatt, må du gi fullstendige og korrekte opplysningar. I tillegg må du gi opplysningar om opphavet til formuen/inntekta. Dette gjeld ikkje dersom rettinga er framkalla av eit kontrolltiltak som er eller kjem til å bli sett i verk, eller dersom skattestyresmaktene rettar fastsettinga på grunnlag av opplysningar som kom frå andre enn deg. Tidlegare pålagt tilleggsskatt fell ikkje bort. Det er eit vilkår at du ved rettinga gir fullstendige og korrekte opplysningar. Du må òg gi opp opplysningar om korleis formuen/inntekta har oppstått.

Dersom vilkåra for frivillig retting er oppfylte, endrar skattekontoret fastsettinga og sender ut nye skatteoppgjer. Du får ikkje tilleggsskatt, men det blir rekna ut renter av den skatten du skulle ha betalt. Skatteetaten melder ikkje forholdet til politiet.

Dei siste åra har Skatteetaten hatt ein stor auke i talet på førespurnader om frivillig retting. Dette har ført til større inntekter til den norske velferdsstaten, og det har gitt mange høve til å rydde opp i sine økonomiske forhold.

Skattekontoret kan endre fastsettinga opp til 10 år tilbake i tid.

Noreg har skrive under på ei rekkje avtalar om utveksling av informasjon i skattesaker med land. Det er både avtalar om automatisk utveksling, individuelle skattesaker, meirverdiavgift og land-for-land-rapportering. Noreg har inngått avtalane for å motverke skatteunndragingar og internasjonal skattekriminalitet. Dette fører til at Skatteetaten får ei rekkje opplysningar om norske skattepliktige sin finansielle formue og verdiar i utanlandske finansinstitusjonar, og om utanlandsk inntekt den skattepliktige har frå utanlandske skattestyresmakter. Dette gir Skatteetaten også høve til å hente inn mellom anna opplysningar frå bankar og finansinstitusjonar, og om kven som står bak selskap som er etablerte der.

Sjå oversikta over landa som Noreg har inngått avtale med her