Pressemelding

No er skattemeldinga sendt til alle – 3 av 4 ligg an til å få pengar att

  • Publisert:

Skattemeldinga er no sendt ut til fem millionar personar. – Hugs å sjekke at opplysingane stemmer og fyll ut det som manglar, slik at du betalar riktig skatt, oppfordrar skattedirektør Nina Schanke Funnemark. 

Skattedirektør Nina Schanke Funnemark
Skattedirektør Nina Schanke Funnemark

Skattemeldinga til lønnstakarar, pensjonistar og personleg næringsdrivande vart sendt ut mellom 16. mars og 7. april. Sjølv om skattemeldinga er førehandsutfylt, er ho ikkje ferdigutfylt. Det vil vere informasjon som du sjølv må fylle inn, til dømes om frådrag, ekstra inntekter eller verdiar i andre land. Det er difor viktig at du sjekkar at opplysingane er korrekte.

Tala viser at mange har betalt litt for mykje skatt gjennom 2020. Den førebelse skatteutrekninga viser at 3 av 4 lønnstakarar og pensjonistar ligg an til å få skatt til gode. 2,7 millionar skattytarar får att til saman 32,4 milliardar kroner. I snitt er dette 12 000 kroner tilbake på skatten.

Samstundes viser dei førebelse tala at 1 av 4 har betalt inn for lite skatt i løpet av 2020. Éin million personar får restskatt på til saman 24,3 milliardar kroner, ifølgje  førebelse tal frå Skatteetaten. Det er rundt 180 000 fleire personar med restskatt enn i fjor.

Fleire detaljar rundt tala finn du nedst i pressemeldinga

Manglande reisefrådrag og lånerenter kan forklare restskatt

Den vanlegaste årsaka til at du får pengar att eller restskatt å betale, er at privatøkonomien din i 2020 ikkje vart nøyaktig det same som utrekningane i skattekortet. Skattekortet bestemmer kor mykje skatt som vert trekt av inntekta di på forskot, gjennom heile året.

– Mange er flinke til å justere skattekortet gjennom året når dei får økonomiske endringar, men ikkje alle gjer det. Det er lurt å sjekke skattemeldinga grundig no, blant anna for å sikre at du ikkje endar opp med å ha betalt for mykje, seier skattedirektøren.

Lågare frådrag for både lånerenter og reiseveg til arbeid kan vere ei årsak til at nokon betalte for lite skatt i 2020 og har enda opp med restskatt. I år har ingen fått utfylt frådrag for reiseveg mellom heim og arbeidsstad i skattemeldinga, dette fordi færre arbeidstakarar reiste til arbeidsplassen som vanleg i 2020.

– Har du reist til jobb i heile eller delar av 2020 akkurat som du pleier, må du sjølv fylle ut opplysingar om dette i skattemeldinga. Du kan bruke vår kalkulator for å sjekke kor mykje frådrag du har krav på for dei dagane du hadde reiseveg til arbeid, seier Schanke Funnemark.

Endeleg utrekning kjem i skatteoppgjeret

Tala i skattemeldinga er ikkje den endelege fastsettinga av skatt. Etter at skattemeldinga er levert, vert den handsama av Skatteetaten. Du får skatteoppgjeret når Skatteetaten er ferdig med å handsame skattemeldinga di. Dersom dei førehandsutfylte opplysingane i skattemeldinga var korrekte, og du ikkje hadde ekstra verdiar eller frådrag å føre inn, vert resultatet mest sannsynleg likt det som står i den førebelse utrekninga.

Tidlegare skatteoppgjer

Skatteoppgjeret kan kome mellom slutten av mars og slutten av oktober, men skattedirektøren fortel at dei fleste lønnstakarar og pensjonistar vil få skatteoppgjeret sitt i april, mai eller juni.

– Leverer du og eventuell ektefelle den nye skattemeldinga på skatteetaten.no, kan du få skatteoppgjeret med pengar på konto innan eit par veker etter at du har sendt det inn, seier skattedirektør Nina Schanke Funnemark. Ho påpeikar at det ikkje er nokon garanti for at du får skatteoppgjeret tidleg, til dømes kan skattemeldinga di bli teke ut til kontroll.

– Dersom du ikkje leverer skattemeldinga, men let ho bli levert automatisk ved fristen, får du skatteoppgjeret tidlegast i juni. Får du skattemeldinga di på papir og vel å bruke leveringsfritak, kjem skatteoppgjeret i august, forklarar skattedirektøren.

Les meir om forskjellige årsakar til at nokon får skatteoppgjeret seinare: skatteetaten.no/hvorfor.

Skatteetaten hjelper deg

I den nye skattemeldinga får du rettleiing og enkelte svar undervegs. I tillegg finn du på skatteetaten.no alt frå reisekalkulator til frådragsrettleiar og ein video som forklarar på ein enkel måte korleis skatt heng saman.

Har du spørsmål, får du hjelp dersom du kontaktar oss på chat, Facebook/Skattenmin eller telefon. Skattekontora er stengd for publikum, med unntak berre for dei som må møte opp personleg for id-kontroll eller farskapserklæring.

Leveringsfrist

Frist for innlevering av skattemeldinga er 30. april for lønnstakarar og pensjonistar, og 31. mai for næringsdrivande. Næringsdrivande må levere skattemeldinga elektronisk.

Dersom du treng meir tid til å sjekke skattemeldinga eller finne opplysingar du skal melde inn, kan du utsette leveringsfristen automatisk med ein månad ved å søke på skatteetaten.no. skatteetaten.no/utsettelse.

Du kan også delegere tilgang til å sjå, endre eller levere skattemeldinga di til nokon andre du stolar på. skatteetaten.no/delegere.

Statistikk

Sjå oversikt over fylke og kommunar

Sjå oversikt over fylke og kommunar med førebels utrekning av skatt for 2020.

Fakta om skattemeldinga

  • Skattemeldinga inneheld ei førebels skatteutrekning. 3 av 4 (2,7 millionar) ligg an til å få skatt til gode når skatteoppgjeret er klart, medan 1 av 4 (1 million) sannsynlegvis må betale restskatt. For dei som får skatt til gode er snittbeløpet førebels 12 000 kroner, medan snittbeløpet for dei som ligg an til å få restskatt er 24 200 kroner.
  • Beløpa på restskatt og skatt til gode er førebelse. Det er først når du får skatteoppgjeret at du får endeleg utrekning av skatt. I skatteoppgjeret er det teke omsyn til eventuelle endringar og nye opplysingar du sjølv har ført inn. Skatteoppgjeret er klart mellom mars og oktober.
  • Nokon får ikkje førebels skatteutrekning i skattemeldinga, som til dømes dei som har fått skattemelding for næringsdrivande og deira ektefeller, og andre med meir komplekse skatteforhold. I den nye skattemeldinga vert førebels skatteutrekning oppdatert med ein gong dersom du legg til opplysingar om bil eller bustad, eller dersom du gjer endringar.
  • I fjor brukte 4 av 10 lønnstakarar og pensjonistar leveringsfritak. Det vil seie at dei ikkje gjorde nokon endringar, men let den førehandsutfylte skattemeldinga bli levert automatisk ved leveringsfristen. 6 av 10 leverte skattemeldinga.
  • 4,2 millionar får skattemeldinga berre elektronisk. Desse får varsel på e-post eller sms når skattemeldinga er tilgjengeleg. 
  • Skatteetaten sender 642 000 skattemeldingar på papir. Det er 53 000 færre enn i fjor, og talet minkar for kvart år. Dei som får skattemeldinga på papir er dei Dei sistnemnde får skattemeldinga både elektronisk og på papir.
  • Skattemeldinga for 2020 er sendt ut på fleire språk og målformer.
    • Bokmål: ca. 4,3 millionar
    • Nynorsk: ca. 470 000
    • Samisk: ca. 250
    • Engelsk: ca. 230 000

Se skatteetaten.no/skattemelding og nyhenderommet for informasjon, statistikk, bilete og presseeksemplar av skattemeldinga.