Viktig informasjon

Delar av dette innhaldet er ikkje tilgjengeleg på nynorsk enno.

SKD-melding

Kost og losji i 2005

  • Oppdatert: 12.01.2018
  • Avgitt 03.04.2005

Skattedirektoratets melding nr. 6/05, 3. april 2005

Reiseutgifter ved besøk i heimen, trekkfri bilgodtgjering, fordel ved bruk av arbeidsgivar sin bil og rentefordel ved rimelege lån i arbeidstilhøve i 2005

Skattedirektoratets satsar for kost i 2005 er ikkje auka i forhold til 2004. Det er teke omsyn til endringane i konsumprisindeksen for matvarer og for husleige, lys og brensel fram til september 2004.

Skattedirektoratets forskottssatsar for trekkfri kostgodtgjering for arbeidstakarar som bur på pensjonat og for arbeidstakarar som bur på hybel/brakke der det er høve til å koke mat, er auka i forhold til 2004.

Skattedirektoratet har fastsett frådragssatsar for bruk av bil ved besøk i heimen og nye retningsliner for fordel ved bruk av arbeidsgivar sin bil for inntektsåret 2005. Trekkfri bilgodtgjering og rimelege lån i arbeidstilhøve er også omtalt.

Kunngjering av 22. desember 2004 om satsane for trekkpliktige naturalytingar i 2005 er teke inn som vedlegg.