Viktig informasjon

Delar av dette innhaldet er ikkje tilgjengeleg på nynorsk enno.

SKD-melding

Kost og losji i 2009

  • Oppdatert: 12.01.2018
  • Avgitt 05.02.2009

SKD-melding nr. 4/09, 5. februar 2009.

Reiseutgifter ved besøk i heimen, trekkfri bilgodtgjering, fordel ved privat bruk av arbeidsgivar sin bil og rentefordel ved rimelege lån i arbeidstilhøve i 2009.

Skattedirektoratet sine satsar for kost i 2009 er auka frå 2008. Det er teke omsyn til endringane i konsumprisindeksen for matvarer og for husleige, lys og brensel fram til september 2008.

Skattedirektoratet sin forskottssats for trekkfri kostgodtgjering for arbeidstakarar som bur på pensjonat og for arbeidstakarar som bur på hybel/brakke der det er høve til å koke mat, er auka. Skattedirektoratet har óg fastsett ein ny forskottssats for matpengar.

Skattedirektoratet har fastsett frådragssatsar for bruk av bil ved besøk i heimen. Fordel ved privat bruk av arbeidsgivar sin bil er omtalt. Trekkfri bilgodtgjering og rimelege lån i arbeidstilhøve er også omtalt.