Skjema RF-1005

Melding om kjeldeskatt på aksjeutbytte

Aksjeselskap, allmennaksjeselskap og andre som trekkjer kjeldeskatt på aksjeutbytte, utbyttekompensasjon og renter av eigenkapitalbevis, skal rapportere dette til Skatteetaten.

Viktig informasjon

Melding om trekk av kjeldeskatt skal vere levert seinast sju dagar etter at trekket er gjort.

For selskap med aksjar registrerte i Euronext VPS, er fristen seinast ein månad etter at trekket er gjennomført.

Frist for å betale

Fristen for å betale trekket til Skatteetaten er same dag som fristen for å levere melding om kjeldeskatt på aksjeutbytte. Skatten som selskapet rapporterer i meldinga, utgjer fastsett skatt.

Du må bruke eit KID-nummer når du betaler

Kva gjer eg dersom noko er feil?

Dersom selskapet har rapportert eller trekt feil kjeldeskatt, skal dei korrigere trekket ved å levere ei endringsmelding. Dette må de gjere innan tre månader etter fristen, seinast 31. desember i inntektsåret. Aksjonærane dette blir korrigert for, må identifiserast.

Spesielt for deg som rapporterer på papir

Det er mogleg å rapportere kjeldeskatt på aksjeutbytte på papir dersom du ikkje kan bruke Altinn for å rapportere. Dette er ikkje like enkelt som å rapportere elektronisk, og det kan ta lengre tid.

Bruk skjemaet for å rapportere kjeldeskatt på aksjeutbytte

Meldinga sender du til:

Skatteetaten
Postboks 9200 – Grønland
0134 OSLO

Viss selskapet har rapportert eller trekt feil kjeldeskatt, kan du også korrigere dette ved å sende ei endringsmelding på papir. Aksjonærane dette blir korrigert for, må identifiserast.

Bruk skjemaet for å rapportere endringar

Korrigert melding sender du til:

Skatteetaten
Postboks 9200 – Grønland
0134 OSLO

Du finn rettleiing til utfylling på siste side i skjemaet.

Om eventuelt ansvar

Selskapet kan bli gjort ansvarleg dersom innbetalinga ikkje er i samsvar med innrapporteringa. Les meir om ansvar for skatt på aksjeutbytte til utanlandsk aksjonær i § 16-21 skattebetalingslova.