Viktig informasjon

NB! Vi har fått tilbakemelding fra et tilstrekkelig antall brukere av avstemmingsrapporten (A06), og har ikke behov for flere innspill om A06 på nåværende tidspunkt. 

Vil du hjelpe oss å gjere avstemmingsrapporten enklare?

A-ordninga skal sjå på korleis vi kan gjere avstemmingsrapporten betre. Vi ønskjer å snakke med deg som bruker avstemmingsrapporten i dag, slik at vi kan lære av erfaringane dine. 

Kvifor gjer vi dette?

Ved å sjå nærmare på kva som fungerer godt og kva som er vanskeleg, kan vi lage ein betre rapport som er tilpassa behova dine. 

Kven ser vi etter? 

Vi ser etter deg som bruker avstemmingsrapporten knytta til rapportering av a-meldinga.  

Vi ser etter deg som er heilt ny brukar eller som har brukt avstemmingsrapporten ei stund. 

Korleis samlar vi innspel frå deg? 

Vi ønskjer i første omgang å snakke med deg og få innsikt i erfaringane dine med rapporten. Du treng ikkje å førebu deg. 

Vi kan møtast digitalt eller på telefon, og det tar om lag ein time. 

Meld deg på 

Du melder deg på ved å sende ein e-post til [email protected] med

  • namn 
  • telefonnummer 
  • e-postadresse
  • informasjon om kva skjema du bruker. A04 eller A05.

Vi gleder oss til å høyre frå deg!