Hjelp oss med å gjere a-meldinga endå enklare

  • Oppdatert: 23.03.2023

Vi ønskjer å snakke med deg som bruker A10, slik at vi kan lære av erfaringane dine og forbetre a-meldinga.

Ta kontakt, enten du er ganske fersk eller har brukt A10 fleire gonger tidlegare. Du treng ikkje å førebu deg.

Vi kan møtast digitalt eller på telefon, og det tek cirka 1 time.

Send ein e-post til [email protected] som inneheld:

  • namnet ditt
  • telefonnummeret ditt
  • e-postadressa di

Me ser fram til å høyre frå deg.