Skal eg registrere verksemda i Meirverdiavgiftsregisteret?

Her får du svar på om du driv verksemd som skal registrerast i Meirverdiavgiftsregisteret.

Dersom du veit at verksemda skal registrerast, kan du gå rett til registreringa.

Du finner ut om ei verksemd er registrert i Mva-registeret ved å søkje i Nøkkelopplysninger fra Enhetsregisteret hos Brønnøysundregistrene.

Hvis verksemda er registrert, vil det stå under avsnittet «Særlige opplysninger».

Finn ut om du må registrere deg

Svar på mellom 3 og 13 spørsmål for å få vite kva som gjeld for deg.

Viktig informasjon

Meirverdiavgift er ei avgift på sal av varer og tenester. Avgifta omfattar alle som omset varer og tenester i næring, uansett om verksemda er driven av ein enkeltperson eller fleire.

Beløpsgrensa for registrering i Meirverdiavgiftsregisteret er 50 000 kroner i omsetning for verksemder og dei fleste organisasjonar. For velgjerande og allmennyttige organisasjonar er beløpsgrensa 140 000 kroner.

Det finst nokre typar varer og tenester som ikkje er mva-pliktige. Det er berre den avgiftspliktige delen av omsetninga som er rekna med når vi avgjer om verksemda eller organisasjonen må registrere seg.

Slik fungerer meirverdiavgift

Denne sida er meint for små og nyetablerte verksemder.

Når du har svart på spørsmåla, gir vi deg ei generell rettleiing ut frå svara du har gitt. Vurderinga er ikkje bindande, då vi ikkje vurderer alle forholda dine.

Den endelege vurderinga blir gjort når vi behandlar søknaden din.

Dersom du treng hjelp eller  personleg rettleiing om meirverdiavgift, skatt, folkeregister eller anna, må du kontakte oss.