Frådrag for meirverdiavgift

Du kan du få frådrag for meirverdiavgifta du har betalt – anten heilt eller delvis.

For at du skal ha rett til frådrag, må desse kriteria vere oppfylte:

  • Verksemda må vere registrert i Meirverdiavgiftsregisteret.
  • Varene og tenestene skal brukast i verksemda.
  • Seljaren har berekna meirverdiavgift av vara eller tenesta.
  • Meirverdiavgifta må stå på kvitteringa (eller eit anna salsdokument).

Du treng ikkje å leggje fram dokumentasjon med mindre vi spør om det, men du må alle kvitteringane tilgjengelege.

Frådragsretten gjeld ikkje når

  • du har kjøpt noko som er til privat bruk
  • du har kjøpt noko som berre skal brukast i ein del av verksemda som er unntatt avgiftsplikt
  • du har kjøpt noko som aldri gir rett til frådrag – som til dømes servering, representasjon og leige av selskapslokale. Les meir om unntak frå avgiftsplikt.

Viss verksemda di driv med fleire ting, kan du ha delvis frådragsrett

Viss verksemda driv både med noko som er avgiftspliktig, til dømes sal av instrument, og noko som ikkje er avgiftspliktig, til dømes undervisning, driv du delt verksemd. Innkjøp som skal brukast både i den avgiftspliktige og den ikkje-avgiftspliktige delen av verksemda, blir kalla fellesanskaffingar, og du kan krevje frådrag for delar av meirverdiavgifta.

Det er alltid bruken, altså kor stor del av vara eller tenesta du trur skal brukast i den avgiftspliktige delen av verksemda når kjøpet blir gjort, som avgjer kor mykje frådrag du kan krevje.

Du har full frådragsrett for fellesanskaffingar viss ikkje-avgiftspliktig omsetning er ubetydeleg

Viss omsetninga i den delen av verksemda som er unntatt frå meirverdiavgift utgjer 5 prosent eller mindre, får du frådrag for all meirverdiavgift på fellesanskaffingane.

Du har ingen frådragsrett for fellesanskaffingar viss avgiftspliktig omsetning er ubetydeleg

Viss omsetninga i den delen av verksemda som er unntatt frå meirverdiavgift utgjer 95 prosent eller meir, får du ikkje frådrag for noko av meirverdiavgifta.

Du må sjølv vurdere kva verksemda kan krevje frådrag for

Du må sjølv rekne ut kor stor del av meirverdiavgifta verksemda kan krevje frådrag for. Viss du har delt verksemd, gjer du dette ved hjelp av ein fordelingsnøkkel (sjå ordforklaring). Ein fordelingsnøkkel er eit forholdstal mellom avgiftspliktig og ikkje-avgiftspliktig bruk.

For å finne rett fordelingsnøkkel til den delte verksemda di kan du vurdere korleis bruken av fellesanskaffingane er fordelt mellom avgiftspliktig og ikkje-avgiftspliktig verksemd. Dette kan til dømes vere omsetning, areal eller tid som er gått med. Du må velje det grunnlaget for berekning som i størst mogleg grad speglar den antatte bruken av innkjøpet.

Du driv med musikkundervisning og sal av musikkinstrument til elevane, og har kjøpt inn ei kopimaskin du skal bruke i firmaet ditt. Fordi musikkundervisning er unntatt frå meirverdiavgift, kan du berre føre frådrag for meirverdiavgift på kostnader til den delen av verksemda som gjeld sal av musikkinstrument. Du har gjort ei vurdering og komme fram til at ein fordelingsnøkkel basert på omsetning best speglar bruken av kopimaskina.

  • 50 prosent av det verksemda tener kjem frå sal av instrument.
  • 50 prosent av innteninga kjem frå musikkundervisning.
  • Du får ein faktura frå leverandøren av kopimaskina på 125 000 kroner inkl. mva.

Totalsum på fakturaen inkl. mva.:
125 000 kroner

Meirverdiavgift på fakturaen:
25 000 kroner

Du kan krevje frådrag for:
50 prosent av 25 000 kroner = 12 500 kroner

I dette dømet føreset vi at du er frivillig registrert for meirverdiavgift ved utleige av bygg. 

Du eig eit bygg med to etasjar, og du leiger ut til ein matbutikk og eit tannlegekontor. Du må skifte taket, og kostnaden for dette arbeidet er ein felleskostnad for dei to lokala. Tannlegekontoret er ikkje avgiftspliktig. Du kan dermed berre krevje frådrag for meirverdiavgift på kostnader for den delen som blir leigd ut til matbutikken. Du har gjort ei vurdering og komme fram til at ein fordelingsnøkkel basert på areal best speglar bruken av taket.

  • 50 prosent av bygget blir leigd ut til ein matbutikk.
  • 50 prosent av bygget blir leigd ut til eit tannlegekontor.
  • Du får ein faktura frå taktekkjaren på 250 000 kroner inkl. mva.

Slik reknar du ut frådraget:

Totalsum på fakturaen inkl. mva.:
250 000 kroner

Meirverdiavgift på fakturaen:
50 000 kroner

Du kan krevje frådrag for:
50 prosent av 50 000 kroner = 25 000 kroner

Du jobbar som sjølvstendig næringsdrivande og leverer tenester innanfor rådgiving og undervisning. Du kjøper inn kontormøblar. Undervisning er unntatt frå meirverdiavgift, og du kan derfor berre krevje frådrag for den delen av kjøpet som er knytt til rådgiving. Du har gjort ei vurdering og komme fram til at ein fordelingsnøkkel basert på tid best speglar bruken av kontormøblane.

  • Du bruker 60 prosent av arbeidstida di på rådgiving.
  • Du bruker 40 prosent av arbeidstida di til undervisning.
  • Du får ein faktura frå leverandøren av møblane på 50 000 kroner inkl. mva.

Slik reknar du ut frådraget:

Totalsum på fakturaen inkl. mva.:
50 000 kroner

Meirverdiavgift på fakturaen:

10 000 kroner

Du kan krevje frådrag for:
60 prosent av 10 000 kroner = 6 000 kroner

Når du kjøper noko som skal brukast både privat og i verksemda

Kjøper du noko som skal brukast i verksemda di, men som du også kjem til å bruke privat, kan du berre krevje frådrag for den delen som er til bruk i den avgiftspliktige verksemda di.

Du kan ikkje krevje frådrag for det du kjøper som berre skal brukast privat.

Du er sjølvstendig næringsdrivande arkitekt og kjøper ein ny skrivar. Skrivaren skal også brukast privat. Du har gjort ei vurdering av korleis du skal bruke skrivaren og har komme fram til at ein fordelingsnøkkel basert på antal ark best speglar bruken av skrivaren.

  • 60 prosent av arka er til bruk i verksemda.
  • 40 prosent av arka er til bruk privat.
  • Du får ein faktura frå leverandøren av skrivaren på 10 000 kroner inkl. mva.

Slik reknar du ut frådraget:

Totalsum på fakturaen inkl. mva.:
10 000 kroner

Meirverdiavgift på fakturaen:
2 000 kroner

Du kan krevje frådrag for:
60 prosent av 2 000 kroner = 1 200 kroner

Frådrag for meirverdiavgift på kjøp som er gjorde før registrering i Meirverdiavgiftsregisteret

Du kan krevje frådrag for meirverdiavgift på varer og tenester som verksemda har kjøpt inntil tre år før verksemda vart registrert i Meirverdiavgiftsregisteret.

For at du skal kunne krevje frådrag, må varene eller tenestene

  • ikkje vere selde vidare før registrering
  • vere til bruk i den avgiftspliktige verksemda

Slik gjer du det:

  1. Før kostnaden i rekneskapen.
  2. Rapporter meirverdiavgifta i den første mva-meldinga du sender inn etter registrering.

Viss kostnaden har vore ført i rekneskapen tidlegare utan frådrag for meirverdiavgift, kan du tilbakeføre denne i inneverande periode, og føre han på nytt med frådrag for meirverdiavgift.