Aksjar i næring – aksjane til selskapet

Selskap som eig aksjar i andre selskap blir som hovudregel fritatt for skattlegging av gevinst og utbytte på aksjar. Dette blir kalla fritaksmetoden. Tap gir ikkje ein tilsvarande rett til frådrag.

Gjeld dette meg?

Dette gjeld for aksjeselskap som eig eller har selt aksjar.

Dette er aksjar og utbytte

Ein aksje er ein eigardel i eit aksjeselskap. Det betyr at når selskapet kjøper aksjar, eig selskapet ein del av eit anna selskap.

Viss selskapet har éin aksjeklasse, har alle aksjonærane like rettar i selskapet, det vil seie like rettar til å delta og stemme på generalforsamlinga, like rettar til å få utbytte og like rettar til å omsetje aksjane.

Selskapet kan opprette ulike aksjeklassar som gir ulike rettar.

A-aksjar inneheld som regel dei opphavlege rettane som stemmerett og rett til utbytte. B-aksjar gir ofte rett til utbytte, men ingen eller mindre stemmerett.

Utbytte er ei overføring av overskott frå eit aksjeselskap til aksjonærane. Utbytte kan vere utbetaling av pengar eller overføring av eigedom eller andre verdiar.

Aksjelova har både formelle og materielle reglar om utdeling av utbytte. Dei formelle reglane seier noko om kven som kan vedta utbytte. Dei materielle reglane om kor mykje som kan delast ut som utbytte. 

Etter skattelova er eit utbytte alle utdelingar av verdiar frå selskap til aksjonærar.

Inngangsverdien på aksjen er det du i utgangspunktet betalte for aksjen. Dette inkluderer kostnader. 

Ved kjøp

Inngangsverdien er det du betalte ved kjøpet. Dette inkluderer eventuelle meklarkostnader, verdien av gjeldsovertaking, naturalytingar og tenester. 

Ved stifting av aksjeselskap 

Inngangsverdien for aksjane er det som er betalt. Dette inkluderer innbetaling av aksjekapital og overkurs.

Ved konvertering av lån til selskap

Konvertering (ombyting) av ei fordring på eit aksjeselskap til aksjar i same eller andre selskap blir rekna som ein realisasjon av fordringa. Inngangsverdien på aksjane som blir mottatte svarer til utgangsverdien på fordringa. 

Inngangsverdien for aksjane er omsetningsverdien av fordringa på tidspunktet for ombytet. Er omsetningsverdien på fordringa 100 000 kroner, er inngangsverdien av aksjane 100 000 kroner.

Tilbakebetaling av innbetalt kapital

Tilbakebetaling av innbetalt aksjekapital og overkurs blir ikkje rekna som skattemessig utbytte. Tilbakebetaling reduserer inngangsverdien av aksjen og skjermingsgrunnlaget.

Ved arv, gåve eller gåvesal

Arv og gåver

Nokre hendingar i selskapet du har aksjar i kan føre til endringar av inngangsverdien:

 

Skattlegging av utbytte og aksjar

Skattlegging av utbytte innanfor fritaksmetoden

Selskap som eig aksjar i andre selskap blir som hovudregel fritatt for skattlegging av utbytte på aksjar.

Ein andel tilsvarande 3 prosent av lovleg utdelt utbytte, blir likevel skattlagt som ordinær skattepliktig inntekt. Skattesatsen for alminneleg inntekt er 22 prosent, så i praksis vil det seie at utbyttet blir skattlagt med 0,66 prosent.

Eig selskapet 90 prosent eller meir av aksjane i selskapet som utbetaler utbytte, blir selskapa i denne samanhengen rekna for å vera eit konsern. Då gjeld regelen om skattefritt utbytte mellom konsernselskap, og utbyttet skal ikkje skattleggjast.

Reglane for skattelegging av utbytte gjeld også for selskap i EØS.

Skattlegging av utbytte utanfor fritaksmetoden

Utbytte frå eit selskap som er heimehøyrande i eit lågskatteland utanfor EØS, skal skattleggjast som alminneleg inntekt med ordinær skattesats det året utbytte blir vedtatt av generalforsamlinga. Her gjeld ikkje fritaksmetoden.

Selskapet får heller ikkje skjermingsfrådrag. Skjermingsfrådrag er eit skattefrådrag for privatpersonar, ikkje for selskap.

Skattlegging ved sal av aksjar innanfor fritaksmetoden

Selskap som eig aksjar i andre selskap blir som hovudregel fritatt for skattlegging av gevinst ved sal av aksjar. Tap gir ikkje ein tilsvarande rett til frådrag.

Skattlegging ved sal av aksjar utanfor fritaksmetoden

Ved sal av aksjar i eit selskap som er heimehøyrande i eit lågskatteland utanfor EØS, skal det betalast skatt av gevinsten, og eit eventuelt tap gir rett til frådrag. Her gjeld ikkje fritaksmetoden.

Gevinst og tap blir tatt til inntekt eller frådrag i salsåret.

Selskapsaksjonærar får ei eiga oppgåve på PDF i Altinn (RF-1088S – Selskap). Denne inneheld mellom anna formuesverdien på aksjar i norske aksjeselskap og i utanlandske selskap registrerte på Oslo Børs som er registrerte i aksjonærregisteret til Skatteetaten. Denne er berre til orientering og skal ikkje leverast.

Selskap skal oppgi formuen av aksjar sjølv om selskapet ikkje betaler formuesskatt. Aksjar eigde av aksjeselskap er ikkje omfatta av rabattordninga ved formuesverdsetjinga som gjeld for personlege skattytarar. Dersom eigarselskapet har personlege aksjonærar, vil dei få verdsetjingsrabatt aksjane sine.

Formuesverdi ikkje-børsnoterte aksjar

  • Aksjar i norske selskap (full verdi) 

Eig selskapet aksjar i eit anna ikkje-børsnotert selskap, er det den fulle verdien av aksjane ved utgangen av inntektsåret, altså 31. desember, som skal brukast.  

Dersom dei skattemessige formuesverdiane i det eigde selskapet ikkje er fastsette på dette tidspunktet, kan det føre til at verdiane må fastsetjast skjønnsmessig.  

Dersom aksjane er eigde i eit selskap som er nystifta i inntektsåret, skal verdien av aksjane sin forholdsmessige del av den samla skattemessige formuesverdien til aksjeselskapet 1. januar året etter inntektsåret leggjast til grunn ved skattefastsetjinga. 

Døme 

Selskap A er eit ikkje-børsnotert selskap som eig aksjar i eit anna ikkje-børsnotert selskap, selskap B. 
Når selskap A leverer skattemeldinga for 2022, så har ikkje selskap B levert skattemeldinga si for inntektsåret 2022. 
Selskap A må derfor fastsetje ein skjønnsmessig formuesverdi for eigarposten sin i selskap B. 
Selskap A kan sende inn korrigert skattemelding med endra formuesverdiar når selskap B har levert skattemeldinga si. 
Det er same framgangsmåte viss selskap A eig aksjar i eit nystifta selskap. 
  • Aksjar i utanlandske selskap (pårekna salsverdi/omsetningsverdi) 

Aksjar i utanlandske selskap skal førast opp til pårekna salsverdi 1. januar året etter inntektsåret. Aksjen skal verdsetjast til den samla skattemessige formuesverdien av selskapet 1. januar i inntektsåret når skattytar krev dette og kan sannsynleggjere den skattemessige formuesverdien av selskapet.

  • Formuesverdi børsnoterte aksjar – norske og utanlandske

Formuesverdien av aksjar i børsnoterte selskap blir sett til 100 prosent av kursverdien 1. januar året etter inntektsåret.

Aksjar som er noterte på norsk eller utanlandsk børs blir rekna som børsnoterte aksjar. Er selskapet notert både på norsk og utanlandsk børs, blir den norske kursverdien brukt. 

Dersom aksjane er eigde i eit selskap som er nystifta i inntektsåret, skal verdien av aksjane sin forholdsmessige del av den samla skattemessige formuesverdien til aksjeselskapet 1. januar året etter inntektsåret leggjast til grunn ved skattefastsetjinga. 

Dette må du gjere

Selskapet får ei eiga oppgåve i Altinn (RF-1088S – Selskap) i mars–april. Denne inneheld mottatt utbytte, gevinst/tap og formuesverdi på selskap registrerte på Oslo Børs, og som er registrerte i aksjonærregisteret til Skatteetaten.

Aksjeoppgåva inneheld berre opplysningar om utanlandske aksjar som er registrerte på Oslo Børs. Alle norske bankar og finansinstitusjonar skal rapportere behaldningar i andre utanlandske aksjar, under dette formue, gevinst og tap i tillegg til utbytte, til Skatteetaten.

Når du leverer skattemeldinga for selskapet skal du gi informasjon om aksjar som ikkje står i aksjeoppgåva.

Satsar og nøkkeltal

Viss aksjeutbyttet er innanfor fritaksmetoden, skal selskapet inntektsføre 3 prosent av utbyttet eller utdelinga frå desse selskapa. Dette utgjer 0,66 prosent skatt. 

Dersom investeringane fell utanfor fritaksmetoden, må selskapet betale alminneleg inntektsskatt på inntektene, og kan trekkje frå eventuelle tap ved sal.

Datoar og fristar

Skattemeldinga for aksjeselskap skal leverast elektronisk innan 31. mai.

Dokumentasjon

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje han fram viss vi spør om det.