Tettpå – når du skal byggje eller pusse opp

Her får du hjelp til å velje seriøse handverkarar og følgje regelverket når du skal byggje eller pusse opp hus eller hytte.

Byggjearbeid er i utgangspunktet søknadspliktige, men fleire tiltak er unntatt søknadsplikt. Det betyr at du må ta ansvar sjølv. Det kan vere vanskeleg å tolke krav og reglar knytt til konkrete byggjetiltak som nybygg, rehabilitering, ombygging, tilbygg og så vidare. Det lokale byggjesakskontoret tilbyr derfor å vurdere søknadsplikten. Du kan også be om førehandskonferanse.

Du finn informasjon om kva du kan byggje utan å søkje på nettsidene til Direktoratet for byggkvalitet.

Les meir om korleis du søkjer og om byggjesaksprosessen på nettsidene til Direktoratet for byggkvalitet.

Einingsregisteret, Føretaksregisteret og MVA-registeret

For å kunne drive verksemd i Noreg må ein vere registrert i Einingsregisteret og/eller Føretaksregisteret og ha fått tildelt eit organisasjonsnummer. Dette er for å kunne betale skattar og avgifter, men også for at tilsynsetatar skal kunne utføre kontrollar og gi ulike godkjenningar. Verksemda må også vere registrert for å kunne betale lønn til dei tilsette.

Bedrifter skal registrerast i Meirverdiavgiftsregisteret når omsetninga har overstige 50 000 kroner.

Konkursregisteret

Personar med konkurskarantene (næringsforbod) får ikkje starte ny bedrift eller ta på seg nye verv, som til dømes dagleg leiar, styreleiar, styremedlem eller varamedlem i karanteneperioden.

Skatteattest

Du kan be handverkaren om skatteattest. Attesten gir ei oversikt over om skattar og avgifter til det offentlege er betalt, registreringar i lovpålagde register, talet på tilsette og annan nøkkelinformasjon. Handverkaren kan  og sende han på e-post til oppdragsgivar.

Økonomi

Ved større byggjeprosjekt anbefaler vi å sjekke den økonomiske situasjonen til handverksbedriftene på proff.no eller liknande. Å velje ei handverksbedrift med solid økonomi kan minimere risikoen for at uheldige situasjonar inntreff undervegs i byggjeprosessen.

Ta ein kompetansesjekk på handverksbedriftene du vurderer til byggjeprosjektet ditt. Jo fleire godkjenningsordningar du kryssjekkar, jo tryggare kan du vere på at bedrifta har godkjent kompetanse i dei ulike byggfaga. Her er nokre tips om kva du kan spørje etter:

Fag- og sveinebrev er avsluttande dokument etter fullført yrkesutdanning med læretid. Fagbrev skil seg frå sveinebrev ved at det blir tatt i andre yrkesfag enn handverksfag. Les meir om 

Utanlandsk utdanning kan godkjennast hos NOKUT. NOKUT vurderer utanlandsk fag- og yrkesopplæring på vidaregåande nivå opp mot norske fag- og sveinebrev.

Mesterregisteret er den offisielle nettstaden i Noreg for godkjente handverksmeistrar. Her finn du ei oversikt over alle meisterbedriftene i kommunen din.

Sjå også oversikt over meisterfaga med meistertitlar på Lovdata.

Bedrifter må vere registrerte i Elverksemdsregisteret hos Direktoratet for samfunssikkerhet og beredskap (DSB) for å ha lov til å utføre elektriske installasjonar.

Norsk kommunikasjonsmyndighet (Nkom) tildeler spesielle autorisasjonar til bedrifter som er godkjente for å installere fiber, datanett og kabel-tv.

Den som utfører elektro-installasjonar må ha fagbrev som elektrikar, og bustadeigar har plikt til å oppbevare dokumentasjon på elektrisk arbeid.

Velgelektriker.no er ei teneste som gjer det enklare for deg som forbrukar å ta eit bevisst val når du skal bestille elektrikar i enkelte kommunar i Trøndelag, Innlandet, Nordland og Agder.

Ordninga Godkjent våtromsbedrift er eit fellesskap med over 1 100 BVN-sertifiserte våtromsbedrifter. Du kan lese meir om krav til fagkompetanse og kvalitet for våtrom på nettsida til Rørentreprenørene skikkeligrorlegger.no.

Byggmesterforbundet har, i samarbeid med Norske Murmestres Landsforening, utvikla håndverkerens våtromsveileder. Han er basert på krava til våtrom i gjeldande teknisk forskrift. Her kan du også søkje opp dei som har gått kurs og bestått eksamen.

er ei frivillig kvalitetsordning for føretak i byggjenæringa og blir administrert av Direktoratet for byggkvalitet. Føretak som er sentralt godkjente har kompetanse, erfaring og system som er tilpassa aktiviteten deira i byggjenæringa. Desse føretaka kan dokumentere at dei har

  • riktig kompetanse frå fagområdet
  • kvalitetssikringsrutinar
  • betalt skattar og avgifter

Å velje ei godkjent opplæringsbedrift bidrar til ein bærekraftig byggjebransje. I Nasjonalt register for lærebedrifter finn du ut om handverksbedrifta er ei godkjent opplæringsbedrift.

Spør etter eller sjekk på internett om handverksbedrifta har gode referansar.

  • Har handverksbedrifta nødvendige autorisasjonar, godkjenningar og sertifikat?
  • Har dei tilsette i handverksbedrifta fagbrev eller annan nødvendig kompetanse?
  • Har handverksbedrifta eit kvalitetsikringssystem eller ein plan for at byggjereglane skal følgast?
  • Er handverksbedrifta medlem av ein bransjeorganisasjon?
  • Kor lenge har handverksbedrifta vore i drift?

HMS-kort

Arbeidsgivarar har ansvar for at alle som jobbar på byggjeplassen deira har gyldig HMS-kort (Arbeidstilsynet). Kortet gir ei stadfesting på at arbeidstakarane er lovleg registrerte og har arbeidsløyve. Hensikta er å identifisere både kven arbeidstakarane er og kven dei arbeider for.

Både selskap og enkeltpersonføretak (dei som driv åleine) skal ha HMS-kort. Handverkarar som berre tilbyr tenestene sine i privatmarknaden, er også omfatta av plikta til å utstyre arbeidstakarane sine og seg sjølve med HMS-kort.

Vi anbefaler deg å gjennomføre stikkprøvar for å forsikre deg om at handverkarane på byggjeplassen din har gyldig HMS-kort.

Arbeid i høgda

Medfører oppdraget at nokon må jobbe i høgda, det vil seie meir enn to meter over bakken? Då bør du forsikre deg om at det blir brukt lift eller stillas i arbeidet. Stige er i utgangspunktet berre tillatt for tilkomst og ikkje for å utføre arbeid frå. Vel handverksbedrifter som vil utføre arbeidet på eigedommen din på ein trygg og forsvarleg måte.

Du kan lese meir om arbeid i høgda på nettsidene til Arbeidstilsynet.

Arbeidsgivaransvar

Dersom du engasjerer ein privatperson som ikkje er tilsett nokon stad (permittert/arbeidsledig/mottakar av trygdeytingar), eller som ikkje har eit enkeltpersonføretak, kan du bli betrakta som arbeidsgivar. Som arbeidsgivar har du mellom anna ansvar for HMS på byggjeplassen, og dersom det skjer ei ulykke, kan du bli erstatningsansvarleg for påførte skadar. Eit trygt val er å engasjere ei handverksbedrift med lovpålagt yrkesskadeforsikring. Slik unngår du også arbeidsgivaransvaret.

Du har krav på gyldig faktura. Dette er eit dokument på jobben som er gjort, og det er viktig at du kontrollerer at det er riktig

  • fakturanummer
  • bedriftsnamn
  • organisasjonsnummer etterfølgt av bokstavane MVA (meirverdiavgift)
  • spesifikasjon av kva betalinga gjeld
  • talet på timar som er brukt på jobben, viss det ikkje er avtalt fastpris
  • totalbeløp med spesifikasjon av meirverdiavgift (MVA)
  • leveringsstad og leveringsdato

Medansvar for skatt og avgift

Dersom du som forbrukar gir oppdraget til ein som jobbar svart, kan du bli ansvarleg for skattane og avgiftene til handverksbedrifta. Du kan unngå dette ved å betale via bank. Betal aldri kontant. Sjekk også at kontonummeret du betaler til stemmer med kontonummeret som er registrert på bedrifta.

Betaler du via bank, står du også sterkare i eventuelle reklamasjonssaker.

Spesifiser byggjeoppdraget

Det er viktig å skrive kontrakt for byggjeoppdraget. Jo meir nøyaktig du har spesifisert kva handverksbedrifta skal utføre, jo betre står du rusta til å møte ein eventuell konflikt. I kontrakten bør du derfor best mogleg forklare kva arbeidet går ut på, og kva som er det ønska resultatet.

Viss du spesifiserer sluttresultatet, kan ikkje handverkaren krevje ekstra betalt for ikkje føresette kostnader. Døme på innhald i ein kontrakt:

  • kva som skal gjerast og med kva resultat
  • tidsfristar
  • pris inkludert meirverdiavgift
  • krav om gyldig HMS-kort
  • oversikt over underleverandørar

Eigne tilsette eller innleige av arbeidskraft

Ved kontraktsinngåinga bør du krevje at handverksbedrifta gir deg løpande oversikt over kva for underentreprenørar som skal utføre arbeid. Er omsetninga i bedrifta høg i forhold til talet på tilsette, kan dette tyde på stor grad av innleige av arbeidskraft eller bruk av bemanningsføretak. Alle godkjente bemanningsføretak er registrerte i bemanningsforetaksregisteret (Arbeidstilsynet).

Ansvarsforsikring

Seriøse handverksbedrifter bør ha ansvarsforsikring for person og ting i tilfelle uhellet skulle vere ute. Har ikkje bedrifta ansvarsforsikring, kan du risikere at bedrifta ikkje har økonomi til å utbetre eller erstatte skadar og manglar som kan oppstå i byggjeprosjektet. Som oppdragsgivar har du rett til å be om at handverksbedrifta dokumenterer ansvarsforsikring før avtaleinngåing.

Kontraktsmalar

Du kan lese meir om kjøp av handverkartenester hos Forbrukarrådet

Du kan lese meir om handverkarkontraktar hos Huseierne.

Det er alltid lurt å ta vare på dokumentasjon av byggjearbeid for seinare hendingar. Det kan vere at du skal pusse opp eller byggje ut, selje bustaden eller endar i ein tvist med handverksbedrifta. Ta gjerne mange foto undervegs i byggjeprosessen – du kan få bruk for dei. God historikk og verdiaukande informasjon er det verd å ta vare på.

Boligmappa

Boligmappa.no samlar data og dokumentasjon om alle bygg og bustader i Noreg på ein stad og er kopla mot Eiendomsregisteret. Boligmappa er det digitale serviceheftet til bustaden og blir overført frå gammal til ny eigar. Dokumentasjon på utført arbeid kan leggast direkte i Boligmappa både av handverksbedrifta og bustadeigaren.

Fordelar ved å bruke seriøse handverkarar:

  • Du får jobbar skikkeleg gjort.
  • Du sikrar deg reklamasjonsrett på dårleg utført arbeid.
  • Du får dokumentasjon på utført arbeid. Det aukar verdien på eigedommen og gir ein enklare og tryggare bustadhandel den dagen du skal selje eigedommen.
  • Du får enklare lån med sikkerheit i bustad, og du stiller med betre kort på handa i forhandlingar om rentevilkår.
  • Du stiller sterkare i eventuelle forsikringsoppgjer.
  • Du unngår medansvar for skattar og avgifter. 
  • Du reduserer faren for forseinking og meirkostnader i byggjeprosjektet.
  • Du oppnår tryggleik og reelle verdiar i heile "boligkjeda"; byggesaker, låneopptak, taksering, bolighandel, reklamasjonssaker og forsikringsoppgjer.

Andre nyttige nettstader

Kvifor Tettpå

Dei fleste bustad- og hytteeigarar ønskjer å bruke seriøse handverkarar. Jakta på seriøse og lovlydige handverkarar kan likevel vere krevjande. Tettpå ønskjer å hjelpe deg med å velje seriøs arbeidskraft.

Det er vanskeleg å gardere seg 100 prosent mot useriøse handverksbedrifter, men med grepa i denne rettleiaren reduserer du risikoen for å inngå avtalar med slike aktørar. Samtidig er du med på å førebyggje arbeidslivskriminalitet og bidra til eit sunt og godt arbeidsliv i nærmiljøet ditt og i Noreg. Det er du som avgjer korleis du vil ha det.

Tettpå er eit tiltak på tvers av offentlege etatar, partane i arbeidslivet, byggjebransjen og forbrukarane sine interesseorganisasjonar. 

Logoene til samarbeidspartnerne bak Tettpå
Skatteetaten, Arbeidstilsynet, politiet, NAV, Brønnøysundregistrene, Direktoratet for byggkvalitet, Samarbeid mot svart økonomi, Forbrukerrådet, Huseierne, Fellesforbundet, NHO Byggenæringen, Bygghåndverk Norge, Nelfo, EL og IT forbundet, Fair Play Bygg Norge, Finans Norge, Norsk takst, Norges Eiendomsmeglerforbund, Boligmappa