Pensjonspoeng og pensjonsbehaldning

Har du ikkje tent opp pensjonspoeng eller opparbeida pensjonsbehaldning i den norske folketrygda, er du ikkje skattepliktig i Noreg for pensjonar og uføreytingar frå private tenestepensjonsordningar og andre private pensjonsordningar. Du er heller ikkje skattepliktig for krigspensjon.

Får du berre krigspensjon, kan du søkje om frikort. Får du også alderspensjon, kan du søkje om eit skattekort med lågare trekk enn 15 prosent.

Du må sjølv vende deg til Skatteetaten for å få frikort, eller eit skattekort med lågare trekk enn 15 prosent.