Restskatt – må betale pengar

Har du fått restskatt vil det seie at du har betalt for lite skatt i fjor, og at du må betale pengar attende.

Betalingsfristar

Får du skatteoppgjeret mellom 1. april og 30. juni, er betalingsfristen for den første fakturaen 20. august.

Restskatt på 1 000 kroner eller meir blir fordelt med den same summen på to fakturaer. Fristen for å betale dei to fakturaene kjem an på kva tid du fekk skatteoppgjeret ditt:

  • Juni eller tidlegare
    Fristen er 20. august på den første fakturaen og 24. september på den andre fakturaen.
  • August eller seinare
    Fristen på den første fakturaen er tre veker etter datoen du fekk skatteoppgjeret ditt. Fristen på den andre fakturaen er åtte veker etter datoen du fekk skatteoppgjeret.

Er betalingsfristen på ein laurdag eller sundag, kan du betale seinast måndagen etter fristen.

Du må betale sjølv om du endrar eller klagar

Betaler du ikkje restskatten før fristen, må du betale forseinkingsrenter. Forseinkingsrentene aukar fram til du betaler restskatten.

Betaler du ikkje restskatten før fristen på den første fakturaen, må du betale heile restskatten med éin gong. Det vil seie at betalingsfristen for beløpet på den andre fakturaen i september også vert 21. august. Då kan du få forseinkingsrenter på heile beløpet.

Nytt skatteoppgjer med restskatt
Dersom du har fått eit nytt skatteoppgjer med restskatt fordi du eller vi har endra skatten din, må du betale heile restskatten seinast tre veker etter datoen på skatteoppgjeret. Beløpet du skuldar blir ikkje delt opp i fleire fakturaer, sjølv om restskatten er over 1 000 kroner.

Restskatt på under 1 000 kroner må du betale i éin faktura. Fristen for å betale kjem an på kva tid du fekk skatteoppgjeret ditt:

  • Juni eller tidlegare
    Fristen for å betale restskatten er 20. august.
  • August eller seinare
    Fristen for å betale restskatten er tre veker etter at du fekk skatteoppgjeret ditt.

Restskatt under 100 kroner treng du ikkje betale.

Er betalingsfristen på ein laurdag eller sundag, kan du betale seinast måndagen etter fristen.

Du må betale sjølv om du endrar eller klagar

Betaler du ikkje restskatten før fristen, må du betale forseinkingsrenter. Forseinkingsrentene aukar fram til du betaler restskatten.

Nytt skatteoppgjer med restskatt
Dersom du har fått eit nytt skatteoppgjer med restskatt fordi du eller vi har endra skatten din, må du betale heile restskatten seinast tre veker etter datoen på skatteoppgjeret.

Slik betaler du

Du får ein faktura med betalingsinformasjon i god tid før betalingsfristen.

Betaler du ikkje restskatten før fristen, må du betale forseinkingsrenter. Forseinkingsrentene aukar fram til du betaler restskatten. Dersom vi må setje i verk tiltak for å krevje inn beløpet du skuldar, kan du få gebyr og betalingsmerknad.

Aktuelle tiltak når du ikkje betaler er:

Dersom du ikkje har betalt restskatten din på tre år, kan den pensjonsgivande inntekta di bli redusert. Det vil seie at du kan få mindre pensjon.

Betal tidleg og unngå renter

Dersom du ser at du får restskatt, kan du vurdere å betale inn beløpet med ein gong i staden for å vente på faktura. Betaler du seinast 31. mai, slepp du å betale renter.

1. Finn beløpet du skal betale

Dersom du ikkje har endra skattemeldinga, finn du beløpet du skuldar i den grøne boksen øvst i skattemeldinga. Du finn også beløpet i papirskattemeldinga eller i utskriftsversjonen av skattemeldinga, som du finn under Mine skattedokument.

Dersom du har endra skattemeldinga og fått ny skatt, blir beløpet du skuldar automatisk oppdatert. Det nye beløpet du skal betale finn du i den grøne boksen øvst i skattemeldinga. Ser du ikkje ein slik grøn bokst i skattemeldinga di, kan du rekne ut skatten sjølv. Hugs at om det står at du har fått pengar til gode etter endringa, treng du ikkje betale ekstra skatt.

2. Lag KID-nummer og finn kontonummer

Du må lage eit KID-nummer før du betaler beløpet til Skatteetaten.

Du kan betale når som helst, også før du har fått skattemeldinga og skatteoppgjeret. Betaler du inn for mykje restskatt, vil du få attende det du har betalt inn, pluss renter.

Når du har betalt for lite skatt og får restskatt, må du betale renter på restskatten. Dersom du betaler seinast 31. mai, slepp du å betale renter.

Betaler du etter 31. mai er renta på 3,51 prosent. Det blir rekna renter frå 1. juli i inntektsåret, altså frå året før du leverer skattemeldinga, fram til du betaler. Det vil seie at om du til dømes har fått restskatt for inntektsåret 2023, som skal betalast i august 2024, legg vi på renter på beløpet frå 1. juli 2023 og fram til datoen du betaler.

Døme
Du har 1 000 kroner i restskatt og betaler alt den 20. august. Då må du betale 40 kroner i renter.

Du har 10 000 kroner i restskatt og får to fakturaer. Du betaler 5 000 kroner den 20. august og 5 000 kroner den 24. september. Då må du betale 417 kroner i renter.

Kvifor har eg fått restskatt?

Har du fått restskatt, er det truleg fordi dei endelege tala i skattemeldinga di ikkje stemmer med det som var berekna i skattekortet. Du kan samanlikna opplysningane i skattekortet ditt med skattemeldinga og sjå om det stemmer.

Tips for å unngå restskatt neste år

Sjekk skattekortet ditt og oppdater opplysningane dersom noko ikkje stemmer. Du kan endre skattekortet når som helst gjennom året.

Dette kan vere grunnen til at du har fått restskatt

Betalte du mindre renter på lån enn det som var berekna i skattekortet ditt, kan du få restskatt. Det er fordi du får frådrag for renter du betaler. Dersom det er berekna eit høgare frådrag i skattekortet enn frådraget du enda opp med i skattemeldinga, får du restskatt.

Det same gjeld om du har betalt ned på lånet eller har refinansiert det, slik at du betaler mindre renter på lånet.

Har du hatt fleire arbeidsgivarar eller utbetalarar, så kan desse ha brukt skattekortet ditt feil. Dette gjeld særleg om du har hatt tabelltrekk. Det er berre dei som betaler ut hovudinntekta di som skal trekkje skatt etter tabell. Andre arbeidsgivarar og utbetalarar skal trekkje skatt etter prosent. Dersom dei andre har trekt skatt etter tabell, blir du trekt for lite i skatt til saman. Då kan du få restskatt.

På lønnsslippane dine kan du sjå om arbeidsgivar eller utbetalar har brukt tabelldelen eller prosentdelen av skattekortet ditt for å trekkje skatt.

Når du har eit skattekort med prosent, bereknar vi prosenten du skal ha basert på alle opplysningane i skattekortet ditt. Dersom lønnsinntekta som står i skattekortet ditt er lågare enn den faktiske inntekta di, skulle du truleg hatt ein høgare prosent. Når prosenttrekket i skattekortet ditt er for lågt, betaler du for lite skatt.

I skattekortet fordeler vi lån og renter på lån slik det stod på skattemeldingane dykkar året før. Dersom fordelinga av lån og renter i skattemeldinga i år er annleis enn fordelinga i skattekortet, kan ein av dykk ende opp med restskatt.

Det er lurt å sjekke skattekortet ditt med ein gong du får det i desember. Dersom du endrar skattekortet etter at arbeidgivar eller utbetalar har rapportert inn den første utbetalinga i januar til Skatteetaten, får du prosentkort. Då må du sjølv passe på at inntekta er rett i løpet av året.

Endringar i livssituasjonen din kan påverke skatten din. Det kan til dømes vere at

  • du ikkje lenger er einsleg forsørgjar
  • barnet ditt sluttar i barnehage eller SFO (skulefritidsordning)
  • du får kortare reiseveg til jobb
  • du har meir heimekontor
  • du har færre arbeidsdagar
  • du får støtte frå NAV

Viss du ikkje oppdaterer skattekortet ditt, kan du få restskatt. Årsaka er at frådraga som er knytte til desse endringane kan ha noko å seie for kor mykje skatt du skal betale gjennom året. Var det feil opplysningar i skattekortet ditt, betalte du kanskje for lite skatt og enda opp med restskatt.

Du må sjekke opplysningane i skattemeldinga di og samanlikne dei med årsoppgåver frå arbeidsgivarar, bankar, barnehagar, skulefritidsordningar og andre. Ser du at nokon av opplysningane er feil, må du rette dei, fordi opplysningane i skattemeldinga påverkar kor mykje skatt du skal betale.

Dersom du gjer endringar i skattemeldinga di, vil den førebelse berekninga av skatten din oppdatere seg automatisk.

Unngå restskatt til neste år

Sjekk at opplysningane i skattekortet ditt er rette. Dersom noko er feil eller manglar, bør du oppdatere opplysningane.