Koronavirus – viktig informasjon fra Skatteetaten
D-nummer
Det finst to typar identitetsnummer i Noreg: fødselsnummer og d-nummer. Kva identitetsnummer du som utanlandsk person får, avheng av kva opphaldsløyve du har og kor lenge du har tenkt å vere i Noreg.
Du kan ha rett til eit d-nummer viss du
- planlegg å opphalde deg i Noreg mindre enn 6 månader, eller
- planlegg å opphalde deg i Noreg meir enn 6 månader, men ikkje fyller vilkåra for å få tildelt eit fødselsnummer
Viss du har behov for eit d-nummer
Viss du har rett til og behov for eit d-nummer, er det verksemda du er i kontakt med som bestiller for deg. Viss du for eksempel søkjer om skattekort, bestiller Skatteetaten d-nummer til deg.
Du kan ha behov for eit d-nummer viss du for eksempel
- skal jobbe eller drive næringsverksemd
- er asylsøkjar eller person med anna gyldig opphaldsløyve
- mottar trygd
- er styremedlem i eit føretak
- eig ein bustad
- skal opne bankkonto
- Skatteetaten – til skatte- og avgiftspliktige personar.
- NAV – for EØS-arbeidssøkjarar og mottakarar av trygdeytingar.
- Bankar, finansinstitusjonar og forsikringsselskap – for forretningsforhold med norske bankar eller andre finansinstitusjonar.
- Verdipapirsentralen – ved oppretting av VPS-konto.
- Brønnøysundregistra – for registrering i Føretaksregisteret, Einingsregisteret eller Lausøyreregisteret.
- Kartverket – som matrikkelstyresmakt for tinglysing av fast eigedom.
- Helseøkonomiforvaltninga (Helfo) – for asylsøkjarar og NATO-personell som skal ha fastlege.
- Utlendingsdirektoratet, politiet si utlendingseining og Utlendingsnemnda – for asylsøkjarar ved registrering av søknad om vern og for andre personar med gyldig opphaldsløyve.
- Utanriksdepartementet – for utanlandsk ambassadepersonell eller utanlandske borgarar i internasjonale organisasjonar og mellomstatlege konvensjonsorgan med sete i Noreg som er meldt til og akseptert av Utanriksdepartementet etter utlendingsforskrifta § 1-4 og § 1-5, første til tredje ledd.
D-nummeret består av 11 tal. Dei 6 første tala viser fødselsdato, og det første talet er auka med 4. Viss du for eksempel er født 01.01.85, er dei første tala i d-nummeret ditt 410185.
Viss det ikkje er eit ledig d-nummer knytt til fødselsdatoen din, blir registreringsdatoen brukt. Viss søknaden din for eksempel blir registrert 15.01.20, er dei første tala i d-nummeret ditt 550185.
ID-kontroll og d-nummeret ditt
Verksemda som bestiller d-nummer til deg kan krevje at identiteten din blir kontrollert. Du må då bestille time hos Skatteetaten for ID-kontroll.
Du får d-nummeret ditt i posten. Viss det er Skatteetaten som bestiller d-nummer til deg, for eksempel viss du skal ha skattekort, får du i tillegg d-nummeret i skranken når du møter for ID-kontroll.
D-nummeret ditt må vere aktivt
For å kunne bruke d-nummeret, må det som regel vere aktivt. Alle d-nummer blir sett som "inaktive" i Folkeregisteret 5 år etter at dei er blitt tildelt. At d-nummeret ditt blir sett til "inaktivt" betyr ikkje at det er ugyldig eller sletta.
Verksemdene i oversikta kan reaktivere d-nummeret ditt. Du kan også bestille time hos Skatteetaten for ID-kontroll for å reaktivere d-nummeret ditt.