Pressemelding

Fleire planlegg å gifte seg i år: Dette må de hugse på før de seier ja

  • Publisert:
Viktig informasjon

Denne pressemeldingen er mer enn 1 år gammel. Vær oppmerksom på at det kan ha skjedd endringer etter at den ble publisert.

Samfunnet opnar endeleg gradvis opp igjen – og mange planlegg å gi sin utkåra eit rungande ja i løpet av året. Her er det de må hugse på før den store dagen.

Illustrasjonsbilde av to kvinner som gifter seg
Foto: NTB/Shutterstock

Etter nok ein usikker vår for å planleggje arrangement og reiser, har talet på søknader om prøvingsattestar vore noko lågare enn normalt. No opplever Skatteetaten at talet på søknader om prøvingsattestar aukar i takt med opninga av samfunnet og moglegheita for å gjennomføre større bryllaup igjen.

– Sidan pandemien starta har vi sett ein nedgang i talet på søknader om prøvingsattest, fortel Elin Imsland, avdelingsdirektør for Folkeregisteret i Skatteetaten.
Skatteetaten behandlar i snitt 1 500 søknader i månaden, og det er vanlegvis flest prøvingsattestar i mars, april, mai og juni.

Sjølv om talet ikkje er heilt tilbake på tidlegare nivå enno, peiker pilene oppover.

– Talet på søknader om prøvingsattestar ligg framleis noko lågare enn 2019, som var eit normalår, men no ser vi at talet på søknader aukar igjen. I april og mai var det ein liten auke samanlikna med mai i fjor, og vi trur vi kjem til å sjå at auken held fram utover sommaren, seier Elin Imsland.

Prøvingsattesten er gyldig i fire månader

Når de skal gifte dykk, må de ha ein godkjent prøvingsattest. Prøvingsattesten viser at de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap og er gyldig i fire månader frå utskriven dato.

– Viss de tidlegare har søkt om prøvingsattest, men måtte utsetje bryllaupet, er det ekstra viktig at de sjekkar gyldigheita på prøvingsattesten og andre nødvendige dokument i god tid før den store dagen, seier Elin Imsland.

Viss prøvingsattesten ikkje lenger er gyldig, må de søkje om ny prøvingsattest. Det gjer de på same måte som sist, og de treng ikkje å gi beskjed til Folkeregisteret om at bryllaupet ikkje vart gjennomført med den første prøvingsattesten.

Søkje i rett tid

Mange av søknadene om prøvingsattest blir behandla digitalt, og de kan raskt få ein prøvingsattest. I tilfelle der det er behov for meir dokumentasjon, til dømes om ein av dykk har vore gift tidlegare, kan behandlinga av saka ta nokre veker lengre tid.

Spesielt i periodar når mange planlegg å gifte seg kan behandlingstida auke, då kan det ta fem til seks veker før paret får prøvingsattesten.

– Dei som skal gifte seg i sommar bør søkje om prøvingsattest rimeleg raskt, mens dei som satsar på haustbryllaup har litt betre tid på seg, fortel Elin Imsland.

Når de har fått godkjent søknaden om prøving, blir prøvingsattesten sendt til innboksen i Altinn. De må sjølv vidaresende prøvingsattesten til vigslar før bryllaupet.

Hugs legitimasjon på bryllaupsdagen

På sjølve bryllaupsdagen må de ha med legitimasjon for at vigslar skal kunne sjekke at prøvingsattesten er skriven ut til dykk.

Etter bryllaupet, sender vigslar ei melding om vigselen til Skatteetaten, og de får ei stadfesting på registrert vigsel i innboksen i Altinn.

Bryllaupsreise til utlandet? Hugs nytt pass viss de har endra namn

Det er mykje å hugse på når de gifter dykk – til dømes at de må ha nytt pass viss de har endra namnet dykkar. De må nemleg sørgje for at namna i passa stemmer med namna på billettane. Viss ikkje kan de få problem ved innsjekking.

Så viss de planlegg bryllaupsreise til utlandet etter å ha bytt namn, må de rekne med tid til å fornye passet.

Rettleiing på skatteetaten.no

Hugs at giftermål også kan påverke skatten dykkar. I praksis inneber dette at ektefellar blir skattlagde saman for samla formue. Inntekta blir dei skattlagt for for kvar for dykk. Les meir om det på skatteetaten.no.

Her finn de vår steg-for-steg-guide om vegen til ekteskapet: skatteetaten.no/gift.

Der finn de også kontaktinformasjon, og de kan stille spørsmål mellom anna på chat.