Sats for:

Bil – satsar for firmabil som fell utanfor standardreglane

Fordel ved privat bruk av firmabil blir vanlegvis fastsett etter standardreglane basert på listeprisen til bilen som ny.

Gå til satsar og gjeldande regelverk for firmavarebilar og små lastebilar.

Visse typar køyretøy blir rekna som ueigna til privat bruk. Har du likevel brukt køyretøyet til reise til og frå jobb eller fritidsreiser, gjeld individuell verdsetjing av fordelen. Det vil seie at andre reglar gjeld enn standardreglane for firmabil.


Regelverket for fordel ved privat bruk av firmabil som fell utanfor standardreglane gjeld berre for visse typar køyretøy, nærmare bestemt

  • lastebilar med totalvekt på 7 500 kg eller meir og bussar med meir enn 15 passasjerplassar
  • bilar som det i lov eller i medhald av lov er fastsett forbod mot å bruke til anna privatkøyring enn arbeidsreise
  • bilar som er registrerte for ni passasjerar eller meir såframt dei blir brukte i køyreordning organisert av arbeidsgivar for transport av tilsette på arbeidsreise og ikkje blir brukt privat utover arbeidsreise

Ved privat bruk av firmabil som fell utanfor standardreglane, blir den trekkpliktige fordelen berekna etter faktisk forbruk (individuell verdsetjing):

Privat bruk av firmabil som fell utanfor standardreglane Sats per kilometer
For arbeidsreiser til og med 4 000 km kr 3,40 per km 
For arbeidsreiser som overstig 4000 km      kr 1,50 per km
For anna privat køyring (fritidsreiser osv.)      kr 3,40 per km

 

Satsane for trekkpliktig fordel gjeld tilsvarande ved skattefastsetjinga som skattepliktig fordel.