No skal du levere a-meldinga direkte på skatteetaten.no

Viss du ikkje har eit lønnssystem, skal du levere a-meldinga direkte på skatteetaten.no. Du skal ikkje levere a-meldinga i Altinn (A01).

Fristar og betaling i a-meldinga

Fristen for å levere a-meldinga er den 5. i kvar månad. Dersom den 5. er ei helg eller ein helgedag, er følgande kvardag.

Du skal oppgi lønn og anna inntekt i a-meldingen for den månaden utbetalinga er gjort. Du skal oppgi forskotstrekket for den månaden du gjer trekket. Du skal levere opplysningar om arbeidsforholdet kvar månad til og med den månaden den tilsette sluttar.

Fristar for å sende a-melding

15
MAR

A­-meldinga (arbeidsgivaravgift, finansskatt, skattetrekk og utleggstrekk) – frist for betaling

 

Ikkje utsett frist for levering a-melding

Skatteetaten har ikkje høve til å utsetje fristen for dei som leverer a-melding. Fristen for å levere a-melding følgjer av a-opplysningsforskrifta § 2-1. Etatane nyttar opplysningane kort tid etter fristen for levering. Det er difor viktig at ein held fristen for alle tilgjengelege opplysningar.

Forskotstrekk

Arbeidsgivarar skal på eige initiativ betale forskotstrekk samla per termin. Når du skal betale forskotstrekket må du kontrollere tilbakemeldinga for begge månadene i terminen og summere beløpa. Tilbakemeldingane inneheld og kontonummer og KID-nummer for forskotsstrekket. Du finn tilbakemeldingane i innboksen i Altinn. Første frist for betaling av forskotstrekket i kalenderåret er den 15. mars og deretter den 15. kvar andre månad.

Arbeidsgivaravgift

Arbeidsgivarar skal på eige initiativ betale arbeidsgivaravgift samla per termin. Når du skal betale arbeidsgivaravgift må du kontrollere tilbakemeldinga for begge månadene i terminen og summere beløpa. Tilbakemeldingane inneheld og kontonummer og KID-nummer for arbeidsgivaravgift. Du finn tilbakemeldinga i innboksen i Altinn. Første frist for betaling av arbeidsgivaravgift i kalenderåret er den 15. mars og deretter den 15. kvar andre måned.

Ekstra arbeidsgivaravgift

Når arbeidsgivar skal berekne og fastsette ekstra arbeidsgivaravgift gjeld dei same rapporteringsfristane og betalingsfristane som for ordinær arbeidsgivaravgift. Arbeidsgivarar skal på eige initiativ berekne, rapportere og betale den ekstra arbeidsgivaravgiften. Du skal bruke det same KID-nummeret for ordinær arbeidsgivaravgift og ekstra arbeidsgivaravgift.

Finansskatt

Arbeidsgivarar skal på eige initiativ betale finansskatt samla per termin. Når du skal betale finansskatt må du kontrollere tilbakemeldinga for begge månadene i terminen og summere beløpa. Tilbakemeldingane inneheld og kontonummer og KID-nummer for finansskatt. Du finn tilbakemeldingane i innboksen i Altinn. Første frist for betaling av finansskatt i kalenderåret er den 15. mars og deretter den 15. kvar andre månad.

Utleggstrekk

Arbeidsgivarar skal rapportere utleggstrekk som gjeld skattekrav mot inntektsmottakar i a-meldinga. Arbeidsgivarar skal på eige initiativ betale utleggstrekk samla per termin. Når du skal betale utleggstrekk må du kontrollere tilbakemeldinga for begge månedene i terminen og summere beløpa. Tilbakemeldingane inneheld og kontonummer og KID-nummer for utleggstrekk. Du finn tilbakemeldingane i innboksen i Altinn. Første frist for betaling av utleggstrekk i kalenderåret er den 15. mars og deretter den 15. kvar andre månad.

 

Andre fristar for somme grupper

 

Privatpersonar som har lønna arbeid i heimen

Frist for å levere Melding om lønna arbeid i heimen (A04) er fyrste kvardag etter lønnsutbetaling. Den same fristen gjeld betaling av forskotstrekk og ei eventuell arbeidsgivaravgift.

For velgjerande og allmennyttige organisasjonar

Fristen for å levere Forenkla a-melding for velgjerande eller allmennyttig organisasjon (A05) er fyrste yrkedag etter lønnsutbetaling. Den same fristen gjeld betaling av forskotstrekk og ei eventuell arbeidsgivaravgift.

Føderåd

Fristen for å levere a-melding er ein gong per år og seinast samstundes med fristen for å levere a-medlinga i januar året etter inntektsåret.

Lott og part

Fristen for å levere a-melding med opplysningar om fiske- eller fangstvirksomhet er seinast 20.februar året etter inntektsåret. Dersom utbetalingen skjer etter årsskiftet, skal du oppgi opplysningane i a-meldinga for desember i det året inntekta ble opptent. Frist for betaling av arbeidsgiveravgift og skattetrekk er då 15. mars.

Utenlandske arbeidsgivarar med oppdrag i Noreg

Utenlandske arbeidsgivarar med oppdrag i Norge, som rapporterer arbeidsforholda i Oppdrags- og arbeidsforholdsregisteret (RF-1199/RF-1198), skal rapportere lønn og anna inntekt i a-meldinga for den månaden utbetalinga er gjort. Fristen er den 5. i kver måned etter utbetalingsmånaden. Hvis den 5. er helg eller helligdag, er fristen fyrste følgande kvardag.

Det gis utsatt frist for fyrste a-melding når arbeidet i et oppdrag er starta etter den 20. i en kalendermånad og lønnsutbetalinga blir gjort i den same kalendermånaden oppdraget er starta. Fristen for å levere den første a-meldinga er da den 15. i følgande månad.

Det gis utsatt frist for å levere a-melding dersom det er gitt trekkfritak etter skattebetalingsloven § 5-3. Fristen for å levere a-melding er då ein gong per år, og seinest den 15. januar året etter inntektsåret. Opplysningene skal gis for hver kalendermånad.

 

Betaling

Fristen for å betale arbeidsgivaravgift, forskotstrekk og finansskatt på lønn er annankvar månad. Her finn du desse betalingsfristane.

Her kan du bestille konto- eller saldoutskrift for skatt og arbeidsgivaravgift

Kontonummer

7694 05 24802

Om du skal registrere dette kontonummeret i ditt system, bruker du organisasjonsnummeret 924616733 Skatteetaten – skatteinnkreving som namn på kontoeigar.

Tidlegare betalte du til skatteoppkrevjaren i kommunen din. Det felles kontonummeret erstattar kontonummera til dei tidlegare skatteoppkrevjarane.

Når du betaler frå utlandet, må du kanskje ha fleire opplysningar om kontoen:

BIC (SWIFT):
DNBANOKKXXX

IBAN:
NO4276940524802

KID:
Legg inn KID-nummeret som referanse når du betaler.

Bank:
DNB Bank ASA, Postboks 1600 sentrum, 0021 Oslo, Noreg

Det blir brukt eigne kontonummer for innbetaling til:

Kontonummer:
7694 05 23121

KID:
Legg inn KID-nummeret som referanse når du betaler.

IBAN:
NO3376940523121

BIC:
DNBANOKKXXX

Bank:
DNB Bank ASA, Postboks 1600 sentrum, 0021 Oslo, Noreg

Kontonummer:
7694 05 23903

KID:
Legg inn KID-nummeret som referanse i når du betaler.

IBAN:
NO6576940523903

BIC:
DNBANOKKXXX

Bank:
DNB Bank ASA, Postboks 1600 sentrum, 0021 Oslo, Noreg

Kontonummer:
7694 05 24357

IBAN:
NO2976940524357

BIC:
DNBANOKKXXX

Bank:
DNB Bank ASA, Postboks 1600 sentrum, 0021 Oslo, Noreg

Kontonummer:
7694 05 21005

IBAN:
NO3276940521005

BIC:
DNBANOKKXXX

Bank:
DNB Bank ASA, Postboks 1600 sentrum, 0021 Oslo, Noreg

Rapportere framover i tid

Du kan sende a-melding for to månader fram i tid. Hugs at to månader fram i tid berre gjeld for inneverande år. 

Døme

Sidra sender a-melding for eit selskap. I mai har ho alle opplysningane ho treng for dei to neste månadene. Ho kan då sende a-melding for mai, juni og juli. I november kan ho berre sende a-melding til og med desember. Meldingar som gjeld januar neste år blir avviste.