Nye permisjonsbeskrivingar

I 2018 erstattar vi verdien permisjon med fire nye verdiar.

Dette er dei nye verdiane

  • Permisjon med foreldrepengar.
    Den perioden mor eller far tek imot foreldrepengar.

  • Permisjon ved militærteneste.
    Periodar med pliktig eller frivillig militærteneste samt frivillig tenestegjering i styrkar organiserte av norske styresmakter, for deltaking i internasjonale fredsoperasjonar.

  • Utdanningspermisjon.
    Lønt og ulønt permisjon ved utdanning. Kurs/ utdanning som er pålagd av arbeidsgivar, skal ikkje rapporterast som permisjon.

  • Velferdspermisjon.
    Alle andre typar permisjon som ikkje blir dekt av dei tre typane over, skal rapporterast som velferdspermisjon.

 

Dette må du gjere i overgangen 2017–2018

  1. Behalde startdato og ID og byte beskriving (overgangsordning).
    Dette er den tilrådde løysinga i overgangen mellom 2017 og 2018, og ho kan berre brukast fram til ny forretningsregel er sett i produksjon.

  2. Avslutte eksisterande permisjon og opprette ny permisjon med ny startdato, ID og beskriving.
    Dette er den permanente løysinga som må brukast når ny forretningsregel er sett i produksjon.

 

Ny forretningsregel

Vi innfører òg ein ny forretningsregel (MAGNET) i løpet av første kvartal 2018. Denne kontrollerer byte av permisjonsbeskriving.