Fiske med berre hyre

Du kan få frådrag på skatten for utgiftene knytte til hyreinntekta di.

Gjeld det meg?

Dette gjeld deg som fiskar eller deltar som mannskap på fiskebåt, og som berre får hyre (lønn).   

Dette må du gjere

  • Hugs å sjekke skattekortet ditt. Du skal oppgi hyra som lønnsinntekt.
  • Sjekk kva frådrag du har krav på.
  • Ta vare på bilag og annan dokumentasjon på utgifter du skal krevje frådrag for. 
  • Sjekk at den førehandsutfylte skattemeldinga har med dei frådraga du har krav på, og at beløpa er rette.
  • Viss du oppdagar feil, endrar du opplysningane i skattemeldinga di.

Fiskarfrådrag

Viss du har fiske langs kysten eller på havet som hovudarbeid i minst 130 dagar i året, har du krav på eit eige fiskarfrådrag (særskilt frådrag for fiskarar og fangstfolk).

Fiskarfrådraget er 30 prosent av den totale hyreinntekta di. Det maksimale frådraget er 154 000 kroner.

Fiskarfrådraget blir rekna ut automatisk, men du må sjå til at driftstida (talet på arbeidsdagar) er rett, og at inntekter og kostnader er førte inn med rette beløp.

Arbeidet i dei 130 dagane treng ikkje å vere ein samanhengande periode. Dersom du jobbar mindre enn 130 dagar om bord på grunn av oppstart, avslutning eller uventa avbrott i fisket, kan du likevel ha krav på fiskarfrådraget.

Når du har starta eller avslutta i løpet av inntektsåret

Du kan få fiskarfrådraget viss du har jobba under 130 dagar når

  • du har starta som fiskar i løpet av inntektsåret, og det er sannsynleg at du oppfyller vilkåra for frådraget året etter, eller
  • du har avslutta som fiskar i løpet av inntektsåret og du har oppfylt vilkåra for frådraget tidlegare år

Når du jobbar både som fiskar og sjømann

Jobbar du delvis som fiskar og delvis som sjømann, er det nok at du jobbar til saman 130 dagar i året. Du må sjekke at den samla driftstida (talet på arbeidsdagar) er rett i skattemeldinga di.

Fiskarfrådraget blir rekna ut med utgangspunkt i den totale inntekta di frå fiske. Sjukepengar og feriepengar frå arbeid på fiskebåten inngår også i utrekningsgrunnlaget.

Inntekter frå arbeid på land blir som hovudregel ikkje tatt med i utrekninga av frådraget (dei blir førte som inntekt på land).

Utgifter du har hatt knytte til fisket blir trekt frå berekningsgrunnlaget, men følgjande utgifter skal likevel ikkje redusere berekningsgrunnlaget:

  • minstefrådrag
  • reisekostnader til/frå fiskebåt
  • meirkostnader ved opphald utanfor heimen
  • rentekostnader
  • kostnader til trygdepremiar

Viss du har krav på både sjøfolkfrådrag (særskilt frådrag for sjøfolk) og fiskarfrådrag i same inntektsår og desse overstig maksgrensa på 154 000 kroner, blir fiskarfrådraget redusert. Dette blir berekna automatisk i skattemeldinga di.

Døme:

Jens tener 300 000 kroner i året som gir rett til sjøfolkfrådrag og 250 000 kroner i året i hyre frå fiskebåt som gir rett til fiskarfrådrag. Jens har ingen utgifter.

Sidan Jens har rett på sjøfolkfrådrag, vil han først få dette. Sjøfolkfrådraget er 30 prosent av inntekta og har ei maksgrense på 83 000 kroner. 30 prosent av inntekta på 300 000 kroner som sjøfolk er 90 000 kroner. Jens vil derfor berre få 83 000 kroner i sjøfolkfrådrag.

Jens vil så få fiskarfrådraget frå hyreinntekta. 30 prosent av inntektene på 250 000 kroner er 75 000 kroner.

Samla frådrag kan ikkje overstige 154 000 kroner. Sidan Jens får sjøfolkfrådrag på 83 000 kroner, kan han få maksimalt 71 000 kroner i fiskarfrådrag (154 000 – 83 000 = 71 000).

Minstefrådrag

Du får automatisk eit minstefrådrag som blir trekt frå hyreinntekta. Minstefrådraget kjem i tillegg til fiskarfrådraget.

Minstefrådraget skal dekkje dei faktiske utgiftene dine til hyreinntekta, til dømes utgifter til arbeidsklede.

Viss dei faktiske kostnadene dine knytte til hyreinntekta er større enn minstefrådraget, kan du i staden krevje frådrag for desse utgiftene.

Spesielt for deg som

Kost

Viss du har hatt utgifter til mat som ikkje var dekt av felles kosthald om bord i båten, kan du få frådrag for desse utgiftene.

Viss du deltar i fiske der du overnattar heime og ikkje kan dokumentere utgiftene, kan du bruke den gjeldande satsen på 106 kroner per dag.

Losji

Viss du har utgifter til losji fordi du må overnatte ein annan stad enn heime eller på fiskebåten i samband med eit fiske eller reisa til/frå eit fiske, kan du i nokre tilfelle krevje frådrag for utgiftene. Sjå satsar for kost og losji.

Godtgjersle og refusjon av kostnader til losji

Viss båteigaren dekkjer dei dokumenterte utgiftene dine til losji på eit fiske der du berre får hyre, blir ikkje dekninga rekna som lønnsinntekt. Då kan du heller ikkje krevje frådrag for desse utgiftene.

Du kan ha rett til frådrag for transport- og reiseutgifter.

Kor mykje du kan få i frådrag kjem an på om du har fast reise til/frå fiskebåten eller ikkje.

Du kan ha rett til frådrag for transportutgiftene dine dersom

  • du reiser frå bustaden din eller ein innlosjeringsstad til ein fiskebåt som ligg på ein fast plass i ein samanhengande periode på meir enn 2 veker, og
  • du ikkje overnattar på fiskebåten

Sjå satsar for reisefrådrag

Du får eit avstandsfrådrag i staden for frådrag for faktiske transportkostnader. Det vil seie at frådraget blir rekna ut ut frå avstanden på reisa. Reiseavstanden mellom bustaden eller innlosjeringsstaden og fiskebåten må vere minst 2,5 kilometer kvar veg.

Det er ikkje eit krav at du har hatt utgifter til transport. Det har heller ikkje noko å seie korleis du reiser til og frå fiskebåten.

I tillegg til avstandsfrådraget, kan du også ha krav på frådrag for kostnader til bompasseringar eller til ferjereise med bil.

Rekn ut reisefrådraget ditt

Godtgjersle og refusjon ved arbeidsreiser

Dersom båteigaren dekkjer kostnadene dine til arbeidsreiser, vil denne dekninga bli rekna som lønn.

Du kan likevel krevje frådrag for reisekostnader etter reglane for arbeidsreiser.

Du får altså sjølve dekninga som inntekt, men du mister likevel ikkje retten til å krevje avstandsfrådraget.

Dersom du ikkje har reiser til/frå fiskebåt etter reglane om arbeidsreiser i punktet over, vil transport til/frå fiskebåten bli rekna som tenestereiser, og utgiftene inngår då i minstefrådraget.

Godtgjersle og refusjon ved tenestereiser

Dersom beløpet som båteigaren dekkjer er høgare enn dei faktiske utgiftene, vil overskottet bli sett på som inntekt.

Døme:

Viss du har 1 000 kroner i utgifter og arbeidsgivar gir deg 2 000 kroner for å dekkje utgiftene dine, har du 1 000 kroner i overskott som du må skatte av.

 

Du har rett til frådrag for utgifter til premie til pensjonstrygda for fiskarar, og eventuelt andre pensjonspremiar.  

Sjekk at pensjonspremien står oppført i skattemeldinga.

Du har rett til frådrag for kontingent til landsomfattande medlemsorganisasjonar, som til dømes Norges fiskarlag.

Det er avgrensingar knytte til storleiken på frådraget.
Maksimalt frådrag for 2023 er 7 700 kroner.

Viss du betaler kontingentar til fleire arbeidstakarorganisasjonar, må frådraget samla vere innanfor maksgrensa.

Om fagforeiningsfrådrag

Dokumentasjon

Du må ta vare på vedlegg og annan dokumentasjon, men du treng ikkje å leggje ved noko i skattemeldinga. Viss Skatteetaten treng fleire opplysningar, kontaktar vi deg.