Fiske med berre lott

Inntekt frå lott er næringsinntekt og du kan få frådrag for nokre av utgiftene dine.

Gjeld det meg?

Dette gjeld deg som fiskar eller deltar som mannskap på fiskebåt, og som berre får lott (næringsinntekt). 

Dette må du gjere

  • Hugs å sjekke skattekortet ditt. Du skal spesifisere lottinntekta under næring (under fiske og fangst).
  • Sjekk kva frådrag du har krav på.
  • Ta vare på vedlegg og annan dokumentasjon på utgifter du skal krevje frådrag for.
  • Sjekk at den førehandsutfylte skattemeldinga har med dei frådraga du har krav på, og at beløpa er rette.
  • Viss du oppdagar feil, endrar du opplysningane i skattemeldinga di.

Fiskarfrådrag

Viss du har fiske på kysten eller havet som hovudarbeid i minst 130 dagar i året, har du krav på eit eige fiskarfrådrag (særskilt frådrag for fiskarar og fangstfolk).

Fiskarfrådraget er 30 prosent av den totale inntekta di frå lott. Maksgrensa for frådraget er 154 000 kroner.

Fiskarfrådraget blir berekna automatisk, men du passe på at driftstida (talet på arbeidsdagar) er rett og at inntekter og kostnader er førte inn med rette beløp.

Arbeidet i dei 130 dagane treng ikkje å vere ein samanhengande periode. Dersom du jobbar mindre enn 130 dagar om bord på grunn av oppstart, avslutning eller uventa avbrott i fisket, kan du likevel ha krav på fiskarfrådraget.

Når du har starta eller avslutta i løpet av inntektsåret

Du kan få fiskarfrådraget viss du har jobba under 130 dagar når

  • du har starta som fiskar i løpet av inntektsåret, og det er sannsynleg at du oppfyller vilkåra for frådraget året etter, eller
  • du har avslutta som fiskar i løpet av inntektsåret og du har oppfylt vilkåra for frådraget tidlegare år

Når du jobbar både som fiskar og sjømann

Jobbar du delvis som fiskar og delvis som sjømann, er det nok at du jobbar til saman 130 dagar i året. Du må sjekke at den samla driftstida (talet på arbeidsdagar) er rett i skattemeldinga di.

Fiskarfrådraget blir berekna med utgangspunkt i den totale inntekta di frå fiske. Sjukepengar og feriepengar frå arbeid på fiskebåten inngår også i berekningsgrunnlaget.

Inntekter frå arbeid på land skal som hovudregel ikkje vere med i berekninga av frådraget. Dette skal du føre som inntekt på land.

Viss du har lottinntekter som landmann, til dømes frå egning av liner, skal dette likevel vere med i berekninga av fiskarfrådraget.

Du er landmann viss du tilhøyrer det faste mannskapet og deltar om bord i fiskebåten på vanleg måte saman med resten av mannskapet utanom linefiskesesongen. Du må i tillegg vere med om bord og delta i fisket i større grad enn du arbeider på land.

Lottinntekter frå sal av tang og tare skal heller ikkje vere med.

Utgifter du har hatt knytt til fisket blir trekt frå berekningsgrunnlaget, men følgjande utgifter skal likevel ikkje redusere berekningsgrunnlaget:

  • kostnader til sjøhyre og liknande
  • reisekostnader til/frå fiskebåt
  • meirkostnader ved opphald utanfor heimen
  • rentekostnader
  • kostnader til trygdepremiar

Viss du har krav på både sjøfolkfrådrag (særskilt frådrag for fiskarar og sjøfolk) og fiskarfrådrag i same inntektsår og desse overstig maksgrensa på 154 000 kroner, blir fiskarfrådraget redusert. Dette blir berekna automatisk i skattemeldinga di.

Døme:

Jens tener 300 000 kroner i året som gir rett til sjøfolkfrådrag og 250 000 kroner i året i lott frå fiskebåt som gir rett til fiskarfrådrag. Jens har ingen utgifter.

Sidan Jens har rett på sjøfolkfrådrag, vil han først få dette. Sjøfolkfrådraget er 30 prosent av inntekta og har ei maksgrense på 83 000 kroner. 30 prosent av inntekta på 300 000 kroner som sjøfolk er 90 000 kroner. Jens vil derfor berre få 83 000 kroner i sjøfolkfrådrag.

Jens vil så få fiskarfrådraget frå lottinntekta. 30 prosent av inntektene på 250 000 kroner er 75 000 kroner.

Samla frådrag kan ikkje overstige 154 000 kroner. Sidan Jens får sjøfolkfrådrag på 83 000 kroner, kan han få maksimalt 71 000 kroner i fiskarfrådrag (154 000 – 83 000 = 71 000).

Spesielt for deg som

Kost

Viss du har hatt utgifter til mat som ikkje var dekt av felles kosthald om bord i båten, kan du få frådrag for desse utgiftene.

Viss du deltar i fiske der du overnattar heime og ikkje kan dokumentere utgiftene, kan du bruke gjeldande sats på 106 kroner per dag.

Losji

Viss du har utgifter til losji fordi du må overnatte ein annan stad enn heime eller på fiskebåten i samband med eit fiske eller på reise til/frå eit fiske, kan du i nokre tilfelle krevje frådrag for utgiftene. Sjå satsar for kost og losji.

Godtgjersle og refusjon av kostnader til losji

Viss båteigar dekkjer dine dokumenterte utgifter til losji på eit fiske der du berre får lott, kan du likevel krevje frådrag for desse utgiftene. Dekninga er også skattepliktig inntekt.

Du kan ha rett til frådrag for transport-/reiseutgifter.

Kor mykje du kan få i frådrag er avhengig av om du har fast reise til/frå fiskebåten eller ikkje.

Du kan ha rett til frådrag for transportutgiftene dine.

Kravet er at du reiser frå bustaden din eller frå ein innlosjeringsstad til ein fiskebåt som ligg på ein fast plass i ein samanhengande periode på meir enn 2 veker. Det er også eit krav at du ikkje overnattar på fiskebåten.

Sjå satsar for reisefrådrag

Du får eit avstandsfrådrag i staden for frådrag for faktiske transportkostnader. Det betyr at frådraget blir berekna ut frå avstanden på reisa. Reiseavstanden mellom bustad eller innlosjeringsstad og fiskebåten må vere minst 2,5 km kvar veg.

Det er ikkje krav om at du har hatt kostnader til transport eller korleis du reiser til og frå fiskebåten.

I tillegg til avstandsfrådraget, kan du også ha krav på frådrag for kostnader til bompasseringar eller ferjereise med bil.

Berekn reisefrådraget ditt

Godtgjersle og refusjon ved arbeidsreiser

Viss båteigar dekkjer kostnadene dine til arbeidsreiser, vil denne dekninga bli rekna som næringsinntekt.

Du kan likevel krevje frådrag for reisekostnader etter reglane for arbeidsreiser.

Du får altså sjølve dekninga som inntekt, men taper likevel ikkje retten til å krevje avstandsfrådraget.

Viss du ikkje har reiser til/frå fiskebåt etter reglane om arbeidsreiser i punktet over, vil transport til/frå fiskebåten bli rekna som yrkesreiser og du vil då ha rett til frådrag for dei faktiske transportutgiftene dine. 

Godtgjersle og refusjon ved yrkesreiser

Kostnadsdekninga blir rekna som næringsinntekt. Du kan likevel krevje frådrag for dei faktiske utgiftene dine.

Du har rett til eit eige frådrag for utgifter til sjøhyre (ytterklede inkludert hanskar og langstøvlar) og overlevingsdrakt.

Sjøhyre

Viss du ikkje kan dokumentere utgiftene, må du bruke gjeldande satsar.

Viss du kan dokumentere at du har hatt høgare utgifter enn satsane, kan du krevje eit større frådrag.

Overlevingsdrakt

Viss du har kjøpt ei overlevingsdrakt som kosta under 15 000 kroner, kan du krevje frådrag for utgifter til drakta.

Viss overlevingsdrakta kosta over 15 000 kroner, skal du avskrive overlevingsdrakta på saldogruppe d.

Du har rett til frådrag for utgifter til premie til pensjonstrygda for fiskarar, og eventuelt andre pensjonspremiar.  

Sjekk at pensjonspremien står oppført i skattemeldinga.

Du har rett til frådrag for kontingent til landsomfattande medlemsorganisasjonar, som til dømes Norges Fiskarlag.

Det er avgrensingar knytt til storleiken på frådraget.
Maksimalt frådrag for 2023 er 7 700 kroner.

Viss du betaler kontingentar til fleire arbeidstakarorganisasjonar, må frådraget samla vere innanfor maksgrensa.

Om fagforeiningsfrådrag

Viss du får lott ved fiske på andre sin fiskebåt, vil du normalt ha krav på frådrag for alle utgiftene du har hatt knytt til lottinntekta.

Eigen fiskereiskap

Viss du stiller opp med eigen fiskereiskap, som til dømes garn, nøter og fiskekrokar til fisket i andre sin fiskebåt, har du som hovudregel rett til frådrag for desse utgiftene.

Viss innkjøpsprisen til slike reiskapar er over 15 000 kroner og reiskapane har ei forventa varigheit på minst 3 år, skal du avskrive dei.

Viss innkjøpsprisen er under 15 000 kroner eller har ei forventa varigheit på under 3 år, kan du krevje direkte frådrag for heile utgifta i det aktuelle inntektsåret.

Dokumentasjon

Du må ta vare på vedlegg og annan dokumentasjon, men du treng ikkje å leggje ved noko i skattemeldinga. Viss Skatteetaten treng fleire opplysningar, kontaktar vi deg.