Opplysningar Skatteetaten behandlar

Her finn du detaljert informasjon om kva opplysningar Skatteetaten behandlar, kva dei blir brukte til, kvar vi hentar dei frå og kven vi kan dele opplysningane med.

Klikk på lenka under til det området du ønskjer meir informasjon om.

Skatt og inntekt

Alle arbeidstakarar må ha eit skattekort eller frikort, avhengig av kor mykje dei reknar med å få utbetalt i lønn.

Skattekortet ditt viser kor mykje skatt arbeidsgivaren skal trekkje før han betalar ut lønna di.

Kvart år får alle som mottar lønn, pensjon eller uføretrygd ei skattemelding. Dette er ei førehandsutfylt oversikt over inntekt, frådrag, formue og gjeld. Skatteeetaten bruker desse opplysningane for å gjere ei førebels berekning av skatten din.

Gjeldande og tidlegare skattekort, skattemeldingar og skatteoppgjer, som er sende til deg, finn du også i Min skatt og/eller i innboksen din i Altinn.

Mine inntekter og arbeidsforhold får du ei oversikt over opplysningar arbeidsgivaren din har sendt til oss. Du finn informasjon tilbake til 2015.

  • Identifikasjonsopplysningar, til dømes fødselsnummer, d-nummer, namn, nasjonalitet, opphaldsstatus og opplysningar om utanlandsk ID.
  • Opplysningar om verksemd og næringslivsroller, til dømes opplysningar om at ein person er registrert med ein funksjon i eller for ei verksemd, organisasjonsnummer, verksemdsnamn og eigarskapsopplysningar.
  • Kontaktopplysningar, til dømes telefonnummer, e-post og adresse.
  • Geolokaliserande opplysningar, det vil seie opplysningar om kvar ein person oppheld seg, til dømes adresse, kommunenummer, postnummer, arbeidsgivar og skulekrins.
  • Opplysningar om økonomiske forhold, til dømes opplysningar om inntekt, bank, konti, valutatransaksjonar, forsikringar, gjeld, formue, eigarskap i aksjar, fond og andre verdipapir, gåver og arv.
  • Relasjonsopplysningar, til dømes opplysningar om familie, sivilstand, farskap og adopsjon.
  • Opplysningar om arbeidsforhold, til dømes opplysningar, inkludert historikk, om tilsetting, arbeidsgivarar og oppdrag.

Opplysningane blir brukte til å

  • identifisere skattepliktige borgarar og fastsetje rett skatt
  • skrive ut eller endre skattekort og forskotsskatt
  • fastsetje inntekt og formue
  • produsere skattemelding
  • kontrollere dei opplysningane som skattepliktige har gitt ved eigenfastsetting slik at skattegrunnlaget blir rett
  • berekne skatt
  • produsere skatteoppgjer

Opplysningane kan også bli brukte til kontrollføremål og til utveksling av informasjon med andre land. Skatteetaten mottar og sender automatiske kontrolloppgåver til og frå utland over lønn, pensjon, renter, utbytte, royalties med meir.

I hovudsak innhentar Skatteetaten informasjon frå deg og frå interne register som Folkeregisteret, Oppdrags- og arbeidsforholdsregisteret og Eigedomsregisteret.

For å hjelpe deg med å fastsetje skattegrunnlaget er også offentlege og private verksemder pålagde å rapportere inn informasjonen til Skatteetaten. Denne informasjonen bruker vi mellom anna til førehandsutfylling av skattemeldinga.

Dette er til dømes frå

  • Nav
  • arbeidsgivar
  • bankar
  • Vegdirektoratet
  • UDI

Sjå fullstendig liste over rapporteringspliktige verksemder.

  • arbeidsgivarar, også tidlegare
  • SSB (Statistisk sentralbyrå)
  • nokon du har gitt fullmakt til å sjå opplysningane dine, til dømes revisor, rekneskapsbyrå, verje eller advokat
  • politiet
  • bankar
  • kommunar
  • andre offentlege verksemder som NAV, UDI og Lånekassen
  • pressa

Skatteopplysningar om deg vil vere tilgjengelege for andre gjennom søk i skattelistene. Du kan sjå kven som har søkt på namnet ditt i skattelistene. Du kan lese meir om innsyn i søk i skattelistene her. 

Opplysningar i Folkeregisteret

Folkeregisteret er eit register med opplysningar om alle registreringspliktige personar i Noreg som har fått tildelt anten eit d-nummer eller fødselsnummer.

Folkeregisteret inneheld mange opplysningar. Kva opplysningar som kan inngå i registeret går fram av folkeregisterlova § 3-1 med tilhøyrande forskrift.

Det blir mellom anna registrert grunnleggande opplysningar som

  • identifikasjonsopplysningar, til dømes fødselsnummer, d-nummer, namn, nasjonalitet, opphaldsstatus og opplysningar om utanlandsk ID
  • geolokaliserande opplysningar, det vil seie opplysningar som kan vise kvar du oppheld deg, til dømes adresse, kommunenummer, postnummer, arbeidsgivar og skulekrins
  • relasjonsopplysningar, til dømes opplysningar om familie, sivilstand, farskap og adopsjon

Folkeregisteret skal kunne brukast av styresmakter og i offentleg forvaltning, til forsking, statistikk og grunnleggjande samfunnsbehov.

Føremålet med Folkeregisteret er å sikre ei sikker, korrekt og effektiv registrering av grunnleggjande personopplysningar om den enkelte. Informasjonen skal bidra til at alle borgarar skal kunne motta informasjon frå offentlege styresmakter, og er eit viktig grunnlag for at borgarane sine rettar og plikter blir tatt vare på.

Dei fleste opplysningane som er registrerte i Folkeregisteret er henta frå deg. I tillegg mottar vi opplysningar frå andre kjelder.

Kjeldene er

  • rekvirentar av d-nummer, til dømes NAV, politiet, finansføretak, Brønnøysundregistra, Helfo
  • Politiet, til dømes ved innflytting, gradert adresse og d-nummer
  • helsevesenet, ved fødsel eller dødsfall
  • domstolane, til dømes om sivilstand, foreldreansvar og dødsfall
  • NAV, til dømes om farskap, adresse, dødsfall i utlandet og d-nummer
  • trus- og livssynssamfunn, ved vigsel (når du giftar deg)
  • kommunar, ved vigsel (når du giftar deg)
  • UDI, til dømes ved inn- og utflytting, d-nummer og statsborgarskap
  • Bufdir (Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet), ved adopsjon
  • Statens sivilrettsforvaltning, ved verjemål og framtidsfullmakt
  • statsforvaltar, ved separasjon og skilsmisse
  • utanriksstasjon, om sivilstand og død
  • Statens kartverk, om adresser og d-nummer
  • Kontakt- og reservasjonsregisteret (Digitaliseringsdirektoratet), om målform
  • nordiske folkeregister, ved utflytting
  • Posten, ved adresseendring

Mange av opplysningane i Folkeregisteret er underlagde teieplikt, men med heimel i lov blir nokre opplysningar utleverte til eksterne partar. Dei eksterne partane er

  • deg
  • SSB (Statistisk sentralbyrå)
  • Forsvarets personell- og vernepliktssenter
  • kommunar
  • Brønnøysundregistera (Altinn)
  • helsevesenet
  • nordiske folkeregister
  • Statens kartverk
  • Valdirektoratet
  • NAV
  • Tolletaten
  • UDI (Utlendingsdirektoratet)
  • klareringsstyresmakter (etter samtykke)
  • andre eksterne offentlege eller private verksemder (via Evry)
  • andre private aktørar kan også få utlevert opplysningar som ikkje er underlagde teieplikt

Dersom du ønskjer informasjon om korleis desse aktørane behandlar personopplysningane dine, kan du ta kontakt med den aktuelle verksemda. Kvar enkelt aktør er ansvarleg for å behandle personopplysningane dine i tråd med regelverket.

Opplysningar i Oppdrags - og arbeidsforholdsregisteret

Oppdrags- og arbeidsforholdsregisteret (OAR) gir ei oversikt over alle oppdrag gitt til utanlandske oppdragstakarar på land eller på kontinentalsokkelen, og oversikt over tilsette i desse føretaka. Det er oppdragsgivaren som har ansvaret for å rapportere oppdraget og arbeidstakarane, både utanlandske og norske, som arbeider på oppdraget.

 

Oppdrags- og arbeidsforholdsregisteret (OAR) inneheld opplysningar om oppdrag som er gitt til næringsdrivande som er heimehøyrande i utlandet (både upersonlege og personlege) og opplysningar om arbeidstakarane som oppdragstakaren bruker på oppdraget i Noreg eller på kontinentalsokkelen.

Dette kan vere

  • identifikasjonsopplysningar, til dømes fødselsnummer, d-nummer, namn, nasjonalitet, opphaldsstatus og opplysningar om utanlandsk ID
  • kontaktopplysningar, til dømes telefonnummer, e-post og adresse
  • opplysningar om arbeidsforhold, til dømes opplysningar, inkludert historikk, om tilsetting, arbeidsgivarar og oppdrag

Oppdrags- og arbeidsforholdsregisteret (OAR) samlar opplysningar om arbeidsforhold for å kunne fastsetje korrekt skatt for personar som arbeider i Noreg. Dette er heimla i skatteforvaltningslova § 7-6.

Dersom du er næringsdrivande og har oppdrag som næringsdrivande, kan du bruke sjølvbeteningsløysinga for OAR for å få innsyn i det du sjølv har rapportert til OAR. Du kan også sjå oppdrag du har fått eller har vore oppdragsgivar for.

Opplysningane blir rapporterte av arbeidsgivar.

SSB (Statistisk sentralbyrå) mottar opplysningar frå Oppdrags- og arbeidsforholdsregisteret (OAR) til statistiske føremål. 

Opplysningar i Skatteetaten sitt kontaktregister

Det interne kontaktregisteret til Skatteetaten er ei kjelde for kontaktopplysningar om personar og verksemder. 

Registeret inneheld følgjande informasjon om deg:

  • Namn og adresse, slik det er registrert i Folkeregisteret
  • Kontaktinformasjon som til dømes e-postadresse, telefonnummer og informasjon om at du har reservert deg mot digital kommunikasjon
  • Næringslivsroller og eventuelle enkeltpersonføretak du eig

Skatteetaten sitt kontaktregister blir brukt for å finne rett kontaktinformasjon om deg.

Vi hentar opplysningar frå:

  • Folkeregisteret
  • Kontakt- og reservasjonsregisteret (Digitaliseringsdirektoratet)
  • Einingsregisteret (Brønnøysundregistera) 

Personopplysningar frå kontaktregisteret vårt blir delte med Tolletaten.

Aksjonærregisteret

Aksjonærregisteret er eit register som inneheld informasjon om selskapshendingar og aksjetransaksjonar i alle norske og nokre utanlandske aksjeselskap.

Dersom du eig aksjar, vil du kvart år få ei aksjeeigaroppgåve med detaljert informasjon om kva opplysningar vi har om aksjeforholda dine det siste året. Denne får du i Altinn og er tilgjengeleg der i tre år.

Aksjonærregisteret behandlar følgjande typar opplysningar om deg:

  • identifikasjonsopplysningar, til dømes fødselsnummer, d-nummer, namn, nasjonalitet, opphaldsstatus og opplysningar om utanlandsk ID
  • geolokaliserande opplysningar, det vil seie opplysningar som kan vise kvar du oppheld deg, til dømes adresse, kommune- eller postnummer, arbeidsgivar og skulekrins
  • kontaktopplysningar, til dømes telefonnummer, e-post og adresse
  • opplysningar om økonomiske forhold, til dømes opplysningar om inntekt, bank, konti, valutatransaksjonar, forsikringar, gjeld, formue, eigarskap i aksjar, fond og andre verdipapir, gåver og arv

Føremålet med Aksjonærregisteret er å berekne aksjeverdiane dine. Registeret dannar grunnlag for berekning av skattepliktig utbytte, gevinst- og tapsberekning ved realisasjon av aksjar. Behandla grunnlagsdata frå Aksjonærregisteret blir formidla til skattemeldinga di. I tillegg gir det deg ei oversikt over inngangsverdien på aksjar du framleis eig. Registeret blir og brukt til kontrollføremål, statistikk og offentleg informasjon om aksjeeigarar.

Aksjonærregisteret hentar opplysningar frå følgjande eksterne kjelder:

  • Einingsregisteret (Brønnøysundregistera)
  • VPS (Verdipapirsentralen)
  • Folkeregisteret
  • leveringspliktige selskap (via aksjonærregisteroppgåva)
  • bankar

Aksjonærregisteret deler opplysningar med følgjande eksterne mottakarar:

  • aksjeselskapet
  • leveringspliktige selskap, til dømes aksjeselskap representert ved godkjend innsendar
  • SSB (Statistisk sentralbyrå)
  • VPS (Verdipapirsentralen) dersom du har oppretta ein aksjesparekonto (ASK)
  • Noregs Bank
  • Media: På førespurnad blir det utlevert eit mediauttrekk som er ei samling av alle aksjeeigarbøker. Aksjeeigarboka inneheld lovpålagde opplysningar om kven som til kvar tid eig aksjane i eit selskap. Denne informasjonen er open og allmenta har rett til innsyn i opplysningar som er lagra i aksjeeigarboka til eit selskap. Utlevering skjer med heimel i offentleglova.
    Følgjande personopplysningar inngår i uttrekket:
    • namnet ditt
    • fødselsår
    • talet på aksjar du eig i eit selskap

 

 

 

 

 

Eigedomsregisteret

Eigedomsregisteret inneheld informasjon om alle eigedommar i Noreg. Registeret inneheld både tinglyste og ikkje tinglyste eigarforhold.

 

Eigedomsregisteret behandlar følgjande typar opplysningar om deg:

  • eigedomsopplysningar og eigarskapsopplysningar, til dømes historikk i eigarforhold til bustad, fritidseigedom og primærromareal
  • opplysningar om økonomiske forhold, til dømes opplysningar om inntekt, bank, konti, valutatransaksjonar, forsikringar, gjeld, formue, eigarskap i aksjar, fond og andre verdipapir, gåver og arv 
  • identifikasjonsopplysningar, til dømes fødselsnummer, d-nummer, namn, nasjonalitet, opphaldsstatus og opplysningar om utanlandsk ID
  • kontaktopplysningar, til dømes telefonnummer, e-post og adresse
  • relasjonsopplysningar, til dømes opplysningar om familie, sivilstand, farskap og adopsjon

Eigedomsregisteret inneheld også opplysningar om formuesverdi for eigedom, men den faktisk fastsette verdien kjem fram av skattemeldinga.

Opplysningane blir brukte til berekning av skatt, inn under dette formuesskatt. Mange kommunar bruker data frå Eigedomsregisteret i utskriving av eigedomsskatt.

Eigedomsregisteret hentar opplysningar frå følgjande eksterne kjelder:

  • deg
  • matrikkelen
  • Kartverket/Ambita
  • SSB (Statistisk sentralbyrå)
  • bustadselskap

Opplysningar frå Eigedomsregisteret blir delte med

  • SSB (Statistisk sentralbyrå)
  • nokon som har bedd om utskrift av attest for formuesverdi for eigedommen, til dømes kan eigedomsmeklarar hente attest på vegner av eigar i samband med sal av eigedommen
  • deg, om du bestille attest.

 

 

 

Valutaregisteret

Valutaregisteret inneheld ei oversikt over valutaveksling og betalingar inn og ut av Noreg som du har utført.

Dette er mellom anna kortbruk i utlandet og kontantar du tar med deg inn eller ut av Noreg, som du har oppgitt til Tolletaten.

 

 

Valutaregisteret behandlar følgjande typar opplysningar om deg:

  • identifikasjonsopplysningar, til dømes fødselsnummer, d-nummer, namn, nasjonalitet, opphaldsstatus og opplysningar om utanlandsk ID
  • kontaktopplysningar, til dømes telefonnummer, e-post og adresse
  • opplysningar om økonomiske forhold, til dømes opplysningar om inntekt, bank, konti, valutatransaksjonar, forsikringar, gjeld, formue, eigarskap i aksjar, fond og andre verdipapir, gåver og arv

Føremålet med Valutaregisteret er å førebyggje og motarbeide kriminalitet og å bidra til rett skatte- og avgiftsbehandling.

Dette er gjort ved at kontroll- og etterforskingsorgana får tilgang til opplysningar om valutaveksling og fysiske eller elektroniske overføringar av betalingsmiddel inn og ut av Noreg.

Opplysningane i registeret skal også kunne brukast til å ta hand om

  • Noregs Bank sine oppgåver etter sentralbanklova
  • Finanstilsynet sine oppgåver etter finanstilsynslova
  • kontroll av gjennomføring av bindande vedtak av tryggingsrådet i dei sameinte nasjonane (SN), jf. lov 7. juni 1968 nr. 4

Valutaregisteret hentar opplysningar frå fleire kjelder.

  • Bankar, finansinstitusjonar og betalingsføretak i Noreg som har fått konsesjon eller løyve frå Finanstilsynet er rapporteringspliktige til Valutaregisteret.
  • Tolletaten rapporterer opplysningar om deklareringspliktig inn- og utførsel av betalingsmiddel.

Lista viser verksemder med tilgang til opplysningar som er registrerte i registeret. Dette er regulert i valutaregisterlova § 6.

  • politiet
  • Skatteetaten
  • Tolletaten
  • NAV (Arbeids- og velferdsdirektoratet)
  • Finanstilsynet
  • Noregs Bank
  • Utanriksdepartementet
  • bustyrar i konkursbu 
  • Finansdepartementet 
  • Lotteritilsynet
  • SSB (Statistisk sentralbyrå) 

Dine saker og din kommunikasjon med Skatteetaten – samtalelogg

Den interne samtaleloggen vår samordnar all kundekontakt i kanalane skranke, telefon, eKontakt-skjemaet, webskjema og e-post.

 

Opplysningar som blir registrerte om deg i samtaleloggen er all kontakt du har med oss via kanalane skranke, telefon, eKontakt-skjemaet, webskjema og e-post. Meldingar sende til Skatteetaten si Facebook-side eller i chat på skatteetaten.no blir ikkje registrerte i samtaleloggen.

Vi registrerer følgjande typar personopplysningar:

  • identifikasjonsopplysningar, til dømes geolokaliserande opplysningar og kontaktopplysningar
  • verksemdsopplysningar og opplysningar om næringslivsroller
  • finansielle opplysningar, til dømes skatteopplysningar og avgiftsopplysningar
  • saksopplysningar, kommunikasjonsopplysningar og saksbehandlingsopplysningar
  • sensitiv informasjon, til dømes informasjon om straffedommar, lovbrot eller bøter, dersom du har oppgitt slike opplysningar i fritekstfelt eller liknande

Samtaleloggen er eit verktøy for å registrere og behandle førespurnader til Skatteetaten. Føremålet er å oppfylle rettleiingsplikta Skatteetaten har.

Opplysningar er i hovudsak oppgitt av deg eller henta frå interne system i Skatteetaten. Det er ingen eksterne system som leverer data inn til samtaleloggen.

Det kan også skje at andre privatpersonar eller verksemder gir opplysningar om deg i kontakt med oss.

Vi deler ingen opplysningar frå samtaleloggen vår med eksterne verksemder.

Unntak gjeld førespurnader sett fram av deg eller av påtalemakt som har heimel i lov om å be om denne typen informasjon.

Samanslåtte data frå loggen blir brukte til interne analyseføremål.

Dine saker og din kommunikasjon med Skatteetaten – dokumentbehandling og arkivering

Skatteetaten har system for dokumentbehandling og arkivering, som kan innehalde personopplysningar knytte til sakene dine.

 

I samband med arkivering og saksbehandling blir følgjande personopplysningar lagra:

  • identifikasjonsopplysningar, til dømes geolokaliserande opplysningar og kontaktopplysningar
  • saksopplysningar, kommunikasjonsopplysningar og saksbehandlingsopplysningar

I tillegg blir mottatte og utsende dokument knytte til ei sak arkiverte. Desse kan innehalde alle kategoriar av personopplysningar, også sensitive opplysningar og opplysningar om straffbare forhold.

Som alle andre offentlege organ pliktar Skatteetaten å ha eit arkiv.

Mykje av dokumentbehandlinga vår er arkivpliktig etter arkivlova § 9 c og forskrift om offentlege arkiv §§ 14, 15 og 16. I tillegg til arkivering blir arkivsystemet vårt i mange tilfelle brukt som saksbehandlingssystem. Dette gjeld til dømes i samband med klagesaksbehandling.

Vi hentar opplysningar frå følgjande eksterne kjelder:

  • deg 
  • andre statlege og private verksemder (inkludert utanlandske)
  • andre privatpersonar (til dømes gjennom tips)
  • private verksemder
  • Folkeregisteret

Vi deler opplysningar med følgjande eksterne mottakarar:

  • Arkivverket
  • offentleg journal frå arkivsystemet blir publisert via eInnsyn, men personopplysningar er skjerma for offentleg innsyn

Dine saker og din kommunikasjon med Skatteetaten – kontrollverksemda til Skatteetaten

Skatteetaten gjer både eigne kontrollar og kontrollar i samarbeid med andre etatar.

Samarbeidet mot arbeidslivskriminalitet (a-krim) er eit døme på tverretatleg kontrollsamarbeid.

I kontrollane Skatteetaten utfører blir det behandla opplysningar av typane under.

  • identifikasjonsopplysningar
  • verksemdsopplysningar
  • kontaktopplysningar
  • næringsopplysningar
  • eigarskapsopplysningar
  • skatteopplysningar
  • saksopplysningar
  • saksbehandlingsopplysningar

I a-krimsamarbeidet blir det behandla opplysningar av typane under.

  • identifikasjonsopplysningar
  • opplysningar om utanlandsk ID
  • geolokaliserande opplysningar
  • verksemdsopplysningar
  • opplysningar om arbeidsforhold
  • køyretøyopplysningar
  • inntektsopplysningar
  • saksopplysningar

Føremålet med behandlinga er å gjennomføre etterkontroll, og behandling av eventuell klage i samband med kontrollen. Behandlinga er regulert av skatteforvaltningslova kapittel 10.

Føremålet med det tverretatlege a-krimsamarbeidet er kontroll og tilsyn for å motarbeide arbeidslivskriminalitet og avdekkje eventuelle brot på gjeldande regelverk.

  • deg
  • verksemda di
  • rekneskapsinformasjon
  • tredjepartar, til dømes mottatte tips
  • opne kjelder på internett

A-krimsamarbeidet:

  • deg
  • verksemda di
  • rekneskapsinformasjon
  • samarbeidspartnarar i a-krimsamarbeidet:
    • Arbeidstilsynet
    • NAV
    • politiet
    • Tolletaten

 

 

Skatteetaten deler opplysningar med

  • den kontrollerte verksemda
  • tips kan bli sende til NAV, Finanstilsynet eller andre offentlege styresmakter dersom det er aktuelt

A-krimsamarbeidet

Etatane som er medlemmar i det tverretatlege a-krimsamarbeidet, har tilgang til opplysningar i løysinga.

Det gjeld desse etatane:

  • Arbeidstilsynet
  • NAV
  • politiet
  • Tolletaten

Berre tilsette frå etatane med tilgangsrett til løysinga kan hente ut data frå til dømes ein bestemt kontroll.

Innkrevjing av skatt og avgifter

Skatteetaten har eit heilskapleg ansvar for fastsetting, innkrevjing og kontroll av skattar og avgifter.

Innkrevjing av skatt inkluderer mellom anna

  • innkrevjing av restskatt
  • utbetaling av skatt til gode
  • arbeid med tilleggsforskot
  • forskotstrekk
  • arbeidsgivaravgift
  • motrekning
  • utleggstrekk knytt til skattekrav
  • skatteattestar
  • konto-/saldoutskrift for skatt og arbeidsgivaravgift

I samband med innkrevjingsprosessen behandlar Skatteetaten

  • opplysningar om økonomiske forhold, til dømes opplysningar om inntekt, bank, konti, valutatransaksjonar, forsikringar, gjeld, formue, eigarskap i aksjar, fond og andre verdipapir, gåver og arv 
  • kontaktopplysningar, til dømes telefonnummer, e-post og adresse
  • identifikasjonsopplysningar, til dømes fødselsnummer, d-nummer, namn, nasjonalitet, opphaldsstatus og opplysningar om utanlandsk ID
  • saks- og kommunikasjonsopplysningar, til dømes sakstittel, merknader, hendingar, journalhistorikk, brevtittel og korrespondansekanal

Det kan vere sensitive personopplysningar i sakene som blir behandla, som opplysningar om helsetilstand, dersom du sjølv eller andre involverte i saka har opplyst om dette.  

Personopplysningane blir brukte til innkrevjing av skatte- og avgiftskrav.

  • deg
  • kommunar
  • Brønnøysundregistera (inkl. Lausøyreregisteret)
  • integrasjon mot eksterne tenester som Infotorg og eigedomsregister hos Kartverket for å hente inn opplysningar om formuesgode, til dømes eigedom

  • deg 
  • SSB (Statistisk sentralbyrå)
  • DIBK (Direktoratet for byggkvalitet) – open tilgang til informasjon om restansar på innbetaling av mva.
  • Brønnøysundregistera – open tilgang til informasjon om restansar på innbetaling av /skatt
  • kommunar og kredittopplysningsselskap med konsesjon
  • særnamsmannen i kommunane i samband med innkrevjing av kommunale krav
  • opplysningar om nedlagt utleggstrekk er tilgjengeleg for andre statlege kreditorar og kredittopplysningsselskap med konsesjon
  • Tolletaten (opplysningar blir delte med Tolletaten for å motrekne krav)
  • utanlandske styresmakter, ved innkrevjing av skatt eller avgift frå norske eller utanlandske borgarar i utlandet

Innkrevjing av bidrag på vegner av NAV

NAV Innkrevjing vart ein del av Skatteetaten frå og med 1. april 2018.

NAV Innkrevjing behandlar følgjande typar opplysningar om deg:

  • identifikasjonsopplysningar, til dømes fødselsnummer, d-nummer, namn, nasjonalitet, opphaldsstatus og opplysningar om utanlandsk ID
  • kontaktopplysningar, til dømes telefonnummer, e-post og adresse
  • opplysningar om økonomiske forhold, til dømes opplysningar om inntekt, bank, konti, valutatransaksjonar, forsikringar, gjeld, formue, eigarskap i aksjar, fond og andre verdipapir, gåver og arv 
  • saks- og kommunikasjonsopplysningar, til dømes sakstittel, merknader, hendingar, journalhistorikk, brevtittel og korrespondansekanal

Det kan vere sensitive personopplysningar, til dømes opplysningar om helsetilstand, i merknader, fritekstfelt og dokument, dersom du sjølv eller andre involverte i saka har opplyst om dette.

Føremålet med behandlinga av personopplysningar i NAV Innkrevjing er å sørgje for innkrevjing av følgjande krav:

  • underhaldsbidrag
  • bidragsforskot
  • tilbakebetalingskrav, inkludert Helfo-krav
  • krav til garantikassen for fiskarar
  • andre krav, som
    • krav på tilbakebetaling av trygdeytingar o.a. med heimel i ulovfesta rett
    • regresskrav med heimel i Svalbardskattelova
    • ansvarskrav etter tvangsfullbyrdingslova og erstatning tilkjend Arbeids- og velferdsetaten ved dom
  • etteroppgjer uføre

NAV Innkrevjing hentar opplysningar frå følgjande eksterne kjelder:

  • bidragspliktige
  • bidragsmottakarar
  • NAV
  • Folkeregisteret
  • andre saka angår, til dømes barn eller verje

NAV Innkrevjing deler opplysningar med følgjande eksterne mottakarar:

  • bidragspliktige
  • bidragsmottakarar
  • NAV
  • Riksrevisjonen
  • utanlandske styresmakter
  • Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ)
  • Nets
  • Landbruksdirektoratet
  • verjer/fullmaktshavarar/advokatar

Innkrevjing av andre offentlege krav og avgifter

Statens innkrevjingssentral (SI) krev inn pengar frå statlege verksemder og i nokre tilfelle også frå privatpersonar. Innkrevjing skjer både på krav om skattar og avgifter frå Skatteetaten, og på oppdrag for andre offentlege kreditorar, som til dømes Husbanken og Lånekassen.

Ansvaret for SI vart overført til Skatteetaten i 2015.

Her finn du ei oversikt over moglege oppdragsgivarar.

SI kan også

  • krevje inn erstatningskrav for enkeltpersonar som har fått tilkjend valdsoffererstatning
  • handtere ordningar av meir kortvarig karakter, til dømes refusjonsordninga som vart etablert under koronapandemien
  • handtere ferdig behandla krav som kjem frå oppdragsgivar
  • handtere alle fasar av innkrevjinga frå frivillig til tvangsinnkrevjing, og varsel for å oppretthalde krav

SI er overordna klageinstans i saker der Rekneskapsregisteret i Brønnøysundregistera har avslått klage på pålagt forseinkingsgebyr etter rekneskapslova § 8-3.

For å få oversikt over registrerte krav kan du logge deg inn i skuldnarportalen.

Statens innkrevjingssentral behandlar følgjande typar opplysningar om deg:

  • identifikasjonsopplysningar, til dømes fødselsnummer, d-nummer, namn, nasjonalitet, opphaldsstatus og opplysningar om utanlandsk ID
  • opplysningar om økonomiske forhold, til dømes opplysningar om inntekt, bank, konti, valutatransaksjonar, forsikringar, gjeld, formue, eigarskap i aksjar, fond og andre verdipapir, gåver og arv
  • eigedomsopplysningar og eigarskapsopplysningar, til dømes historikk i eigarforhold til bustad, fritidseigedom og primærromareal
  • relasjonsopplysningar, til dømes opplysningar om familie, sivilstand, farskap og adopsjon

Føremålet med behandlinga av personopplysningar er å krevje inn offentlege og private pengekrav.

I samband med innkrevjing av offentlege og private pengekrav hentar SI opplysningar frå følgjande eksterne kjelder:

  • oppdragsgivar, til dømes politiet, Arbeidstilsynet, Lånekassen, Husbanken, Skatteetaten
  • Posten (postadresseoppdateringar)
  • Tolletaten
  • NAV, til dømes Arbeidsgivar- og arbeidstakarregisteret
  • Eigedomsregisteret/matrikkelen
  • Brønnøysundregistera (Lausøyreregisteret)

I samband med innkrevjing av offentlege og private pengekrav deler SI opplysningar med følgjande mottakarar:

  • alminneleg namsmann
  • Statens kartverk
  • bankar
  • arbeidsgivarar
  • oppdragsgivarar: gjennom oppdragsgivarportalen kan oppdragsgivarar sjå status på innkrevjingssaker som er relaterte til den aktuelle oppdragsgivaren, under dette personopplysningar til skuldnaren
  • Brønnøysundregistera (Lausøyreregisteret)
  • nokon du har gitt fullmakt til å sjå opplysningane dine, til dømes revisorar og advokatar
  • utlevering til andre land
    • Dersom skuldnaren er busett i utlandet. SI har avtale med norsk inkasseføretak, og ber også andre offentlege instansar om bistand i innkrevjingssaker. Avtalen med inkassobyrå (Visma) inneheld databehandlaravtale.
    • Opplysningar kan bli delte til utlandet via skatteoppkrevjar utland og Tolletaten. Opplysningar som blir delte er berre nødvendige opplysningar for å identifisere aktør og krav.

Avgifter – særavgifter

Dersom du eig ei særavgiftspliktig verksemd, skal du rapportere særavgifter til Skatteetaten.

Skatteetaten hentar inn følgjande opplysningar:

  • opplysningar om deg, til dømes identifikasjonsopplysningar, kontaktopplysningar og kredittopplysningar og konto- og betalingsopplysningar
  • opplysningar om varer
  • opplysningar om avgifter, fastsetting og fastsettingsgrunnlag
  • eventuelt vandelsattest, dersom verksemda gjeld alkoholhaldige drikkevarer og teknisk etanol

Hensikten med behandling av opplysningane er å fastsetje og krevje inn korrekte avgifter.

Meir informasjon om særavgifter, inkludert heimel i lov eller forskrift. 

  • Opplysningane får vi frå verksemder, enkeltpersonføretak eller personar som er forplikta til å rapportere særavgiftsoppgåver til Skatteetaten. Vi får opplysningane ved innsending av avgiftsmeldingar via Elsær.
  • I somme tilfelle vil Tolletaten også rapportere opplysningar til Skatteetaten ved fastsetting av avgift.

  • Statistisk sentralbyrå (SSB)

I tillegg blir samanslåtte opplysningar delte med andre mottakarar når teiepliktreglane ikkje er til hinder for utlevering. Dette er opplysningar som er samanslåtte eller kombinerte med andre opplysningar slik at ein kan få oversikt over ei gruppe eller ein lengre tidsperiode. Opplysningane kan ikkje bli kopla til ein konkret person.

Avgifter for køyretøy

Skatteetaten behandlar opplysningar om bil og andre køyretøy i samband med import, eksport, ombygging, eigarskifte, vraking, bruk av utanlandsregistrert bil og anna.

 

 

  • identifikasjonsopplysningar, til dømes fødselsnummer, d-nummer, namn, nasjonalitet, opphaldsstatus og opplysningar om utanlandsk ID
  • kontaktopplysningar, til dømes telefonnummer, e-post og adresse
  • opplysningar om verksemd og næringslivsroller, til dømes opplysningar om at ein person er registrert med ein funksjon i eller for ei verksemd, verksemdsnamn og eigarskapsopplysningar
  • køyretøyopplysningar, til dømes opplysningar om kjøp, sal, historikk i eigarforhold til køyretøy og registreringsnummer
  • avgiftsopplysningar, til dømes om frådrag, restansar, fastsett avgift og fastsettingsgrunnlag
  • opplysningar om køyretøy der ein person med fast opphaldsstad i Noreg har registrert leige eller lån av ein utanlandsregistrert bil
  • opplysningar om utanlandsregistrert køyretøy til ein utanlandsk borgar med mellombels opphald i Noreg, som
    • informasjon om bilen
    • når det skal ut av Noreg igjen
    • familieforhold

Føremålet med behandlinga av opplysningane er å fastsetje korrekte motorvognavgifter. Opplysningane kan også bli brukte til kontroll og kan vere relevante i eventuelle klagesaker.

  • Statens vegvesen (Vegdirektoratet)
  • Einingsregisteret (Brønnøysundregistera)
  • Tolletaten
  • politiet

  • Statens vegvesen
  • politiet
  • IT-konsernet Nets mottar KID-nummer til bruk i betalingsløysinga.

I tillegg blir opplysningane delte med aktørane under til statistiske føremål. 

  • Opplysningsrådet for veitrafikken, som kan vidareformidle data til Autoretur/Rubinor AS og Miljødirektoratet. Rapportane inneheld ikkje informasjon om personar, berre registreringsnummeret til bilen. 
  • SSB får ein årleg rapport over vraka køyretøy, som inneheld registreringsnummeret til bilen og datoen for vrakinga, og opplysningar om eingongsavgift (miljøavgifter).

Avgifter for kjøp eller sal av varer frå og til utlandet

Når du kjøper eller sel varer frå og til utlandet, skal du fylle ut ein tolldeklarasjon. Dersom du til dømes bestiller varer frå utlandet, vil tolldeklarasjonen ofte vere fylt ut av leverandøren. Denne blir send frå Tolletaten til Skatteetaten.

Tolldeklarasjonar inneheld opplysningar du har oppgitt til Tolletaten.

  • opplysningar om vareeigar
  • opplysningar om deklarant, det vil seie den som har fylt ut tollerklæringa
  • opplysningar om tollkreditt

I tillegg blir opplysningar om importerte/eksporterte varer behandla. Ein tolldeklarasjon kan innehalde mange typar avgifter.

Vi bruker opplysningane frå tolldeklarasjonen for å berekne rette avgifter og for å krevje inn rett beløp frå rett person.

I somme tilfelle kan opplysningane også bli brukte til kontrollføremål.

Tolldeklarasjon inkluderer opplysningar som du eller leverandøren har levert til Tolletaten. Tolletaten rapporterer desse opplysningane og fastsett avgift vidare til Skatteetaten.

Skatteetaten hentar også opplysningar frå Folkeregisteret og Statens innkrevjingssentral.

Opplysningar frå tolldeklarasjonar og varseførsel blir delte med organisasjonane i lista under.

  • Tolletaten etterspør opplysningar frå Skatteetaten i samband med tolldeklarasjon og fastsetting, til dømes kredittstatus for tollkreditt.
  • Kredittopplysningsbyrå får identifikasjonsopplysningar for å hente inn kredittvurdering av tollkredittkundar.
  • SSB (Statistisk sentralbyrå)
  • Skatteinformasjonsdokument går vidare til mva.

Skatteetaten utleverer i nokre tilfelle opplysningar til Tolletaten i samband med tolldeklarasjon, fastsetting og kredittstatus for tollkreditt.

Når det gjeld tollkredittkundar, kan Skatteetaten utlevere opplysningar til kredittopplysningsbyrå, inkludert identifikasjonsopplysningar for å hente inn kredittvurdering.

Skatteetaten deler opplysningar om avgifter med SSB for statistiske føremål.

Det blir elles ikkje utlevert opplysningar om enkeltpersonar eller enkelte tolldeklarasjonar frå Skatteetaten til eksterne mottakarar.

Meirverdiavgift

Meirverdiavgift (mva.) er ei avgift til staten som skal bereknast ved omsetning, uttak og innførsel av varer og tenester.

Du kan lese meir om mva. og korleis du registrerer verksemda di i Mva-registeret. 

Mva-registeret behandlar følgjande typar opplysningar om deg:

  • identifikasjonsopplysningar, til dømes fødselsnummer, d-nummer, namn, nasjonalitet, opphaldsstatus og opplysningar om utanlandsk ID
  • geolokaliserande opplysningar, det vil seie opplysningar som kan vise kvar du oppheld deg, til dømes adresse, kommune- og postnummer, arbeidsgivar og skulekrins
  • kontaktopplysningar, til dømes telefonnummer, e-post og adresse
  • opplysningar om verksemd og næringslivsroller, til dømes opplysningar om at ein person er registrert med ein funksjon i eller for ei verksemd, organisasjonsnummer, verksemdsnamn og eigarskapsopplysningar
  • opplysningar om økonomiske forhold, til dømes opplysningar om inntekt, bank, konti, valutatransaksjonar, forsikringar, gjeld, formue, eigarskap i aksjar, fond og andre verdipapir, gåver og arv
  • skatteopplysningar, til dømes opplysningar om skatteklasse, restansar, frådrag, forskotstrekk og skatteavtale
  • avgiftsopplysningar, til dømes opplysningar om frådrag, restansar, fastsett avgift og fastsettingsgrunnlag
  • opplysningar om melding til polititet i skatte- og avgiftssaker
  • saks- og kommunikasjonsopplysningar, til dømes sakstittel, merknader, hendingar, journalhistorikk, brevtittel og korrespondansekanal

Systemet kan også innehalde sensitive personopplysningar om til dømes sjukdom når selskapet sjølv har gitt opplysningar om dette til Skatteetaten, til dømes dersom dette er gitt som forklaring på kvifor ein innleveringsfrist ikkje er overhalden. 

Føremålet med behandlinga av personopplysningar i Mva-registeret er å sikre at det blir berekna og betalt rett meirverdiavgift.

Mva-registeret hentar opplysningar frå følgjande eksterne kjelder:

  • deg eller føretaket ditt
  • Altinn
  • Folkeregisteret
  • Brønnøysundregistera (opplysningar om enkeltpersonføretak)
  • Domstoladministrasjonen
  • påtalemakt
  • NAV
  • Tolletaten
  • DNB (DNB er for tida bank for inn- og utbetalinger av meirverdiavgift)
  • Landbruksdirektoratet

Mva-registeret deler opplysningar med følgjande eksterne mottakarar:

  • deg eller føretaket ditt
  • Altinn
  • SSB (Statistisk sentralbyrå)
  • NAV
  • DIBK (Direktoratet for byggkvalitet)
  • DNB
  • Landbruksdirektoratet
  • Startbank (Achilles)
  • påtalemakt
  • Tolletaten (berre ved motrekning av krav)

Arveavgift

Arveavgift er ein skatt som i utgangspunktet vart lagd på all arv og alle gåver. Det er ikkje ordinær inntektsskatt på arv og gåver, og arveavgifta kunne ein sjå som ei erstatning for dette.

I Noreg vart arveavgifta fjerna i 2014. Det betyr at du ikkje skal sende inn arvemelding eller gåvemelding til Skatteetaten for gåver og arv mottatt i 2014 eller seinare.

Aksjonærregisteret behandlar følgjande typar opplysningar om deg:

  • identifikasjonsopplysningar, til dømes fødselsnummer, d-nummer, namn, nasjonalitet, opphaldsstatus og opplysningar om utanlandsk ID
  • geolokaliserande opplysningar, det vil seie opplysningar som kan vise kvar du oppheld deg, til dømes adresse, kommune- eller postnummer, arbeidsgivar og skulekrins
  • kontaktopplysningar, til dømes telefonnummer, e-post og adresse
  • opplysningar om økonomiske forhold, til dømes opplysningar om inntekt, bank, konti, valutatransaksjonar, forsikringar, gjeld, formue, eigarskap i aksjar, fond og andre verdipapir, gåver og arv

Sjølv om arveavgifta vart fjerna frå og med 2014, har Skatteetaten behov for å behandle historiske data om arv. I tillegg har vi behov for å behandle personopplysningar i samband med arveavgiftssaker frå før 2014, der desse ikkje er avslutta og saksbehandlinga framleis pågår.

Vi hentar opplysningar frå følgjande eksterne kjelder:

  • arvingar/gåvemottakarar og eventuelt representantane deira
  • Domstoladministrasjonen (skifteattestar)

Skatteetaten bruker opplysningane i samband med skattefastsetting og innkrevjing. Opplysningane blir ikkje delte med aktørar utanfor Skatteetaten.