Frankrike

Personar som ikkje er skattemessig busette i Noreg, skal betale skatt på pensjon, uføretrygd og andre uføreytingar som blir utbetalte frå Noreg. Skatten er 15 prosent av brutto pensjon/uføreyting, og den som betalar ut pensjonen/uføreytinga skal trekkje skatt.

Kjeldeskatten på pensjon og uføreytingar omfattar:

  • pensjon frå folketrygda
  • offentlege tenestepensjonar
  • private tenestepensjonar
  • andre private pensjonar
  • uføretrygd frå folketrygda
  • uføreytingar frå andre ordningar

Ein skal ikkje betale kjeldeskatt på barnepensjon til barn under 17 år.

Desse unnataka gjeld frå skatteplikta for personar som er busette i Frankrike:

  • Personar som kan dokumentere at dei er busette i Frankrike etter skatteavtalen mellom Noreg og Frankrike, har krav på skattefritak i Noreg for visse pensjonar og uføreytingar frå andre ordningar enn folketrygda.
  • Personar som ikkje har tent opp pensjonspoeng eller opparbeida pensjonsbehaldning i den norske folketrygda, skal ikkje betale skatt av pensjonar og uføreytingar frå private tenestepensjonsordningar og andre private pensjonsordningar, og av krigspensjon.

Skatteavtalen mellom Noreg og Frankrike

Skatteavtalen mellom Noreg og Frankrike regulerer retten til å skattleggje pensjonar og uføreytingar i artiklane 18, 19 og 22.

Desse pensjonane og uføreytingane er skattepliktige i Noreg:

  • grunnpensjon frå folketrygda
  • tilleggspensjonar som blir utbetalte av NAV
  • pensjon tent opp ved arbeid i norsk offentleg teneste som blir utbetalt av andre enn NAV
  • krigspensjon
  • uføretrygd frå folketrygda

Desse pensjonane og uføreytingane skal ikkje skattleggjast i Noreg:

  • pensjon som er tent opp ved arbeid i privat teneste når pensjonen blir utbetalt av andre enn NAV. Dette gjeld m.a. pensjon frå pensjonsordningar knytt til tidlegare tilsetjingstilhøve i privat teneste og pensjon over drift.
  • pensjon som er knytt til tidlegare næringsverksemd når pensjonen blir utbetalt av andre enn NAV.
  • pensjon frå private pensjonsordningar som ikkje er knytt til tidlegare tilsetjing, til dømes individuell pensjonssparing
  • uføreytingar frå andre ordningar enn folketrygda

Det er berre personar som kan dokumentere at dei er skattepliktige i Frankrike som busette der etter skatteavtalen, som kan få skattefritak for pensjon/uføreytingar som ifølgje skatteavtalen ikkje skal skattleggjast i Noreg. Du må difor kunne leggje fram ein bustadattest (Certificate of Residence) frå franske skattemyndigheiter som stadfestar at du er skattemessig busett i Frankrike etter skatteavtalen med Noreg.

Ein person som ikkje kan dokumentere at han er busett i Frankrike etter skatteavtalen, kan ikkje få skattefritak. Alle pensjonar/uføreytingar vil då vere skattepliktige i Noreg.

Forskotstrekk for inntektsåret 2024

Meiner du at pensjonen/uføreytinga di er heilt eller delvis skattefri i Noreg etter skatteavtalen med Frankrike, må du kontakte skattekontoret og søkje omfrikort eller skattekort med lågare trekk enn 15 prosent.

Søkjer du om frikort/skattekort for 2024 må du:

  • opplyse om kven som betalar ut pensjonen/uføreytinga
  • leggje ved ein bustadattest (Certificate of Residence) frå franske skattemyndigheiter

Certificate of Residence må vere utferda av franske skattemyndigheiter og stadfeste at du er skattemessig busett i Frankrike etter skatteavtalen med Noreg. Attesten må vere i original og ikkje eldre enn seks månader.

Søknader om skattekort/frikort vil bli handsama fortløpande. Du får tilsendt informasjon om skattekortet ditt (skattetrekksmelding) i staden for eit skattekort. Her får du mellom anna informasjon om utrekna trekkprosent/frikort. Er berre ein del av pensjonen/uføreytinga skattefri, får du eit skattekort med lågare trekkprosent enn 15 prosent. Du skal ikkje levere noko til dei som betalar ut pensjon/uføreytingar. Dei hentar skattekortet/frikortet elektronisk frå Skatteetaten. Skattetrekksmeldinga blir sendt til den adressa som er registrert på deg i folkeregisteret. Er du e-brukar, får du skattetrekksmeldinga i meldingsboksen din.

Hadde du pensjon/uføreytingar i 2022 som ikkje var skattepliktig, og/eller du har frikort eller skattekort med lågare trekk enn 15 prosent i 2023, treng du ikkje å søkje om frikort/skattekort for 2024. Skattekontoret skriver ut et nytt frikort/skattekort på grunnlag av dei opplysningane som dei har om din skatteplikt.

Unntak: Dersom du har eit d-nummer, må dette vere aktivt for at du skal ha rett på eit skattekort. D-nummeret blir inaktivert kvart 5. år. For å aktivere d-nummeret må du sende inn gyldig legitimasjon. Les meir om dette.

Du må søkje om nytt skattekort når du:

  • flytter frå Frankrike eller du av andre grunnar ikkje lenger er skattepliktig der
  • får ein ny pensjon/uføreyting frå Noreg
    • Dette gjeld også når du får ein annan pensjon/uføreyting frå same pensjonsutbetalar.

Er heile pensjonen/uføreytinga skattefri og du får frikort, kan du søkje om å få utbetalt trekt skatt. Du kan lese meir om tilbakebetaling av trekt kjeldeskatt på pensjon.

Fastsetting av skatt for inntektsåret 2023

Personar som er omfatta av reglane om kjeldeskatt på pensjon og uføreytingar vil få tilsendt ei skattemelding i mars 2024.

Meiner du at heile eller delar av pensjonen/uføreytinga er skattefri i Noreg, må du levere skattemeldinga og gje opp kva for beløp som er skattepliktig i Noreg.

Skattekontoret kan krevje at du sender inn ein bustadattest (Certificate of Residence) som stadfestar at du er skattemessig busett i Frankrike etter skatteavtalen med Noreg. Skattekontoret kan òg krevje at du sender inn dokumentasjon som viser kva for beløp som er skattefritt i Noreg.

Certificate of Residence må vere utferda av franske skattemyndigheiter. Det må vere i original og ikkje eldre enn seks månader. Du kan sende inn ein bustadattest som er utferda av franske skattemyndigheiter før du har fått skatteoppgjeret for 2023 i Frankrike.

Har du ikkje fått skattemedlinga innan 15. april 2024, kan du kontakte Skatteetaten.

Særskilde reglar for personar som er busette i eit EU/EØS-land

Dersom du er busett i eit EU/EØS-land, kan du krevje at skatten skal reknast ut etter dei same reglane som for personar som er busette i Noreg.

Du kan lese meir om kjeldeskatt på pensjon og uføreytingar.

Har du ikkje tent opp pensjonspoeng eller opparbeida pensjonsbehaldning og du har private pensjonar/uføreytingar eller krigspensjon

Har du ikkje tent opp pensjonspoeng eller opparbeida pensjonsbehaldning i den norske folketrygda, er du ikkje skattepliktig i Noreg for pensjonar og uføreytingar frå private tenestepensjonsordningar og andre private pensjonsordningar. Du er heller ikkje skattepliktig for krigspensjon.

Dersom dette gjeld deg, kan du søkje om nytt skattekort.

Reglane om kjeldeskatt på pensjon og uføreytingar gjeld berre for deg som er skattemessig emigrert frå Noreg. Er du framleis skattemessig busett i Noreg etter skattelova, skal skatten reknast ut etter dei vanlege reglane. Føresegnene i skatteavtalen gjeld for deg òg.

Alle førespurnader om kjeldeskatt på pensjon og uføreytingar skal rettast til:

Skatteetaten
Postboks 9200 Grønland
NO-0134 OSLO

Telefon frå utlandet  +47 22 07 70 00
Telefon frå Noreg  800 80 000

Sende melding:  Du kan ikkje nytta e-post, men send oss ei melding.

Hugs å gje opp fødselsnummeret eller D-nummeret ditt når du vender deg til Skatteetaten.