Thailand

Personar som ikkje er skattemessig busette i Noreg, skal betale skatt på pensjon, uføretrygd og andre uføreytingar som blir utbetalte frå Noreg. Skatten er 15 prosent av brutto pensjon/uføreyting, og den som betalar ut pensjonen/uføreytinga skal trekkje skatt.

Kjeldeskatten på pensjon og uføreytingar omfattar:

  • pensjon frå folketrygda
  • offentlege tenestepensjonar
  • private tenestepensjonar
  • andre private pensjonar
  • uføretrygd frå folketrygda
  • uføreytingar frå andre ordningar

Ein skal ikkje betale kjeldeskatt på barnepensjon til barn under 17 år.

Desse unnataka gjeld frå skatteplikta for personar busette i Thailand:

  • Personar som kan dokumentere at dei er busette i Thailand etter skatteavtalen mellom Noreg og Thailand, har krav på skattefritak for pensjon, uføretrygd frå folketrygda og uføreytingar frå livrenteforsikringar når dei kan dokumentere at pensjonen/uføreytinga er skattlagd i Thailand.
  • Personar som ikkje har tent opp pensjonspoeng eller opparbeida pensjonsbehaldning i den norske folketrygda, skal ikkje betale skatt av pensjonar og uføreytingar frå private tenestepensjonsordningar og andre private pensjonsordningar, og krigspensjon.

Skatteavtalen med Thailand

Uføretrygd og andre uføreytingar

For uføretrygd frå folketrygda og uføreytingar frå livrenteforsikringar (IPA/IPS) gjeld reglane om pensjon i skatteavtalen, jfr. artikkel 18 og artikkel 23 nr. 3 e. Personar som har uføretrygd frå folketrygda eller uføreytingar frå ei livrenteforsikring (IPA/IPS), skal ikkje skattleggjast i Noreg når ytingane er skattlagde i Thailand.

Andre uføreytingar er skattepliktige i Noreg, jf. artikkel 22 nr. 3 i skatteavtalen. Dette gjeld uføreytingar frå offentlege tenestepensjonsordningar, private tenestepensjonsordningar og andre private pensjonsordningar (som ikkje er livrenter).  Dersom desse ytingane også blir skattlagde i Thailand, skal thailandske skattemyndigheiter gi frådrag i den thailandske skatten for den skatten som er betalt i Noreg.

Pensjon

Etter skatteavtalen mellom Noreg og Thailand artikkel 18 skal pensjon berre skattleggjast i det landet der mottakaren er busett. Når norsk pensjon er skattepliktig i Thailand etter denne føresegna, skal Noreg ikkje skattleggje pensjonen. Skattefritaket i Noreg er likevel avgrensa til den delen av pensjonen som er skattlagd i Thailand.

Det følgjer av artikkel 23 nr. 3 e i skatteavtalen at skattefritaket berre gjeld den delen av pensjonen som er skattlagt i Thailand. Her står at når det følgjer av skattereglane i Thailand at det berre er det beløpet som er overført til Thailand, som er skattepliktig der, skal skattefritaket i Noreg berre gjelde den delen av inntekta som er skattlagd i Thailand. Personar som er skattemessig busette i Thailand berre er skattepliktige i Thailand for inntekter frå utlandet i den utstrekning inntekta faktisk blir overførd til Thailand. Dette er òg stadfesta av det thailandske finansministeriet.

Det er berre personar som kan dokumentere både:

  • at dei er skattepliktige i Thailand som busette der etter skatteavtalen og
  • at den norske pensjonen, uføretrygda frå folketrygda eller uføreytinga frå ei livrenteforsikring er skattlagd i Thailand

som kan få skattefritak for pensjon/uføreytingar som ifølge skatteavtalen ikkje skal skattleggjast i Noreg. Du må difor kunne leggje fram ein bustadattest (Certificate of Residence) frå thailandske skattemyndigheiter som uttrykkjeleg stadfestar at du er skattemessig busett i Thailand etter skatteavtalen med Noreg. Du må òg kunne leggje fram eit «Income Tax Payment Certificate» frå thailandske skattemyndigheiter som stadfesting på at du har betalt skatt i Thailand.

Dersom du ikkje kan dokumentere både at du er busett i Thailand etter skatteavtalen og at pensjonen og/eller uføreytinga frå folketrygda eller ei livrenteforsikring er skattlagd i Thailand, kan du ikkje få skattefritak i Noreg. Dersom du dokumenterer at du er busett i Thailand etter skatteavtalen og at delar av pensjonen/uføreytelsen frå folketrygdea eller ei livrenteforsikring er skattlagd i Thailand, vil du kunne få delvis skattefritak.

Forskotstrekk for inntektsåret 2023

Meiner du at pensjonen/uføreytinga di er heilt eller delvis skattefri etter skatteavtalen med Thailand, må du kontakte skattekontoret og søkje om frikort eller skattekort med lågare trekk enn 15 prosent.

Søkjer du om frikort/skattekort for 2023 må du:

  • opplyse om kven som betalar ut pensjonen/uføreytinga
  • leggje ved ein bustadattest (Certificate of Residence) frå skattemyndigheitene i Thailand
  • leggje ved ei eigenerklæring der det går fram:
    1. at du vil opphalde deg i Thailand i minst 180 dagar i 2023
    2. kva for beløp som vil bli gitt opp til skattlegging i Thailand i den thailandske skattemeldinga for 2023

Bustadattesten (Certificate of Residence) må vere utferda av thailandske skattemyndigheiter og uttrykkjeleg stadfeste at du er skattemessig busett i Thailand etter skatteavtalen med Noreg. Attesten må vere i original og ikkje eldre enn tre månader.

Du finn meir informasjon om Certificate of Residence frå thailandske skattemyndigheiter her.

Søknader om skattekort/frikort vil bli handsama fortløpande. Du får tilsendt informasjon om skattekortet ditt (skattetrekksmelding) i staden for eit skattekort. Her får du mellom anna informasjon om utrekna trekkprosent/frikort.  Er berre ein del av pensjonen/uføreytinga skattefri, får du eit skattekort med lågare trekkprosent enn 15 prosent. Du skal ikkje levere noko til dei som betalar ut pensjon/uføreytingar. Dei hentar skattekortet/frikortet elektronisk frå Skatteetaten. Skattetrekksmeldinga blir sendt til den adressa som er registrert på deg i folkeregisteret. Er du e-brukar, får du skattetrekksmeldinga i meldingsboksen din i Altinn.

Hadde du pensjon/uføreytingar i 2021 som ikkje var skattepliktig, og/eller du har frikort eller skattekort med lågare trekk enn 15 prosent i 2022, treng du ikkje å søkje om frikort/skattekort for 2023. Skattekontoret skriver ut et nytt frikort på grunnlag av dei opplysningane som dei har om din skatteplikt.

Du å søkje om nytt skattekort når du:

  • flytter frå Thailand eller du av andre grunnar ikkje lenger er skattepliktig der
  • får ein ny pensjon/uføreyting frå Noreg
    • Dette gjeld også når du får ein annan pensjon/uføreyting frå same pensjonsutbetalar.

Er heile pensjonen/uføreytinga skattefri og du får frikort, kan du søkje om å få utbetalt trekt skatt. Du kan lese meir om tilbakebetaling av trekt kjeldeskatt på pensjon.

Fastsetting av skatt for inntektsåret 2022

Personar som er omfatta av reglane om kjeldeskatt på pensjon og uføreytingar vil få tilsendt ei skattemelding i mars 2023.

Meiner du at heile eller ein del av pensjonen/uføreytinga di er skattefri i Noreg, må du levere skattemeldinga og gje opp kva for beløp som er skattepliktig i Noreg.

Skattekontoret krevjer at du sender inn ein bustadattest (Certificate of Residence) som uttrykkjeleg stadfestar at du har vore skattemessig busett i Thailand etter skatteavtalen med Noreg i 2022.

Bustadattesten må vere utferda av thailandske skattemyndigheiter. Attesten må vere i original og ikkje eldre enn seks månader.

Dokumentasjon for at inntekta er skattlagd i Thailand

Skattekontoret krevjer òg at du sender inn eit «Income Tax Payment Certificate» utferda av thailandske skattemyndigheiter som viser kor stor del av den norske pensjonen/uføreytinga som er skattlagd i Thailand for 2022.

Det thailandske finansministeriet har opplyst at personar som oppheld seg i Thailand i minst 180 dagar i eit kalenderår, er skattepliktige som busette i Thailand i det året. Er du skattepliktig som busett i Thailand, er du skattepliktig i Thailand for pensjon/uføreytingar som blir utbetalte frå Noreg når pensjonen/uføreytinga blir overførd til eller teken imot i Thailand i løpet av året. Du har òg plikt til å fylle ut og levere skattemelding (blankett P.N.D. 90 eller P.N.D. 91) til thailandske skattemyndigheiter. Har du berre pensjon/uføreytingar skal du fylle ut blankett P.N.D. 91. Du skal levere skattemeldinga og betale skatten i perioden 1. januar til 31. mars. Du får eit dokument frå skattemyndigheitene som stadfestar at du har betalt skatt, eit «Income Tax Payment Certificate».

Det er berre «Income Tax Payment Certificate» som er godkjent som dokumentasjon for at det er betalt skatt av pensjonen/uføreytinga i Thailand. Dokumentet «Statement of Acknowledgement of Foreign Income» er ikkje ei stadfesting på at du har levert skattemelding og betalt skatt.

Leverer du ikkje skattemeldinga, får du 15 prosent skatt på pensjonen/uføreytinga ved skatteoppgjeret. Dette gjeld også når du har hatt frikort eller skattekort med lågare trekk enn 15 prosent.

Har du ikkje fått skattemeldinga innan 15. april 2023, kan du kontakte Skatteetaten.

Har du ikkje tent opp pensjonspoeng eller opparbeida pensjonsbehaldning og du har private pensjonar/uføreytingar eller krigspensjon

Har du ikkje tent opp pensjonspoeng eller opparbeida pensjonsbehaldning i den norske folketrygda, er du ikkje skattepliktig i Noreg for pensjonar og uføreytingar frå private tenestepensjonsordningar og andre private pensjonsordningar. Du er heller ikkje skattepliktig for krigspensjon.

Du må sjølv kontakte den som betalar ut den private pensjonen/uføreytinga, og gjere merksam på at du meiner at pensjonen/uføreytinga ikkje er skattepliktig til Noreg.

Får du krigspensjon, må du kontakte skattekontoret. Får du berre krigspensjon, kan du søkje om frikort. Får du alderspensjon også, kan du søkje om eit skattekort med lågare trekkprosent enn 15 prosent. Då må du dokumentera kor stor del av pensjonen som er krigspensjon.

Reglane om kjeldeskatt på pensjon og uføreytingar gjeld berre for deg som er skattemessig emigrert frå Noreg. Er du framleis skattemessig busett i Noreg etter skattelova, skal du skattleggjast etter dei vanlege reglane. Føresegnene i skatteavtalen gjeld for deg òg.

Alle førespurnader om kjeldeskatt på pensjon og uføreytingar skal rettast til:

Skatteetaten
Postboks 9200 Grønland
NO-0134 OSLO

Telefon frå utlandet  +47 22 07 70 00
Telefon frå Noreg  800 80 000

Sende melding:  Du kan ikkje nytta e-post, men send oss ei melding.

Hugs å gje opp fødselsnummeret eller D-nummeret ditt når du vender deg til Skatteetaten.