USA

Personar som ikkje er skattemessig busette i Noreg, skal betale skatt på pensjon, uføretrygd og uføreytingar som blir utbetalte frå Noreg. Skatten er 15 prosent av brutto pensjon/uføreyting, og den som betalar ut pensjonen/uføreytinga skal trekkje skatt.

Kjeldeskatten på pensjon og uføreytingar omfattar:

  • pensjon frå folketrygda
  • offentlege tenestepensjonar
  • private tenestepensjonar
  • andre private pensjonar
  • uføretrygd frå folketrygda
  • uføreytingar frå andre ordningar

Ein skal ikkje betale kjeldeskatt på barnepensjon til barn under 17 år.

Desse unnataka gjeld frå skatteplikta for personar som er busette i USA:

  • Personar som kan dokumentere at dei er busette i USA etter skatteavtalen mellom Noreg og USA, har krav på skattefritak i Noreg for pensjon og uføreytingar frå private tenestepensjonsordningar og livrenteforsikringar(IPA/IPS).
  • Personar som ikkje har tent opp pensjonspoeng eller opparbeida pensjonsbehaldning i den norske folketrygda, skal ikkje betale skatt av pensjonar og uføreytingar frå private tenestepensjonsordningar og andre private pensjonsordningar, og krigspensjon.

Skatteavtalen mellom Noreg og USA

Skatteavtalen mellom Noreg og USA regulerer skattleggingsretten til pensjon og uføretrygd frå folketrygda i artikkel 19, pensjon og uføreytingar frå offentlege tenestepensjonsordningar til norske statsborgarar i artikkel 17 og til andre enn norske statsborgarar i artikkel 19, pensjon og uføreytingar frå private tenestepensjonsordningar i artikkel 18 nr. 1, pensjon og uføreytingar frå livrenteforsikringar i artikkel 18 nr. 2, og pensjon og uføreytingar frå andre pensjonsordningar i artikkel 22 nr. 1.

Desse pensjonane og uføreytingane er skattepliktige i Noreg:

  • pensjon frå folketrygda
  • uføretrygd frå folketrygda
  • pensjon og uføreytingar frå offentlege tenestepensjonsordningar
  • pensjon og uføreytingar frå private pensjonsordningar som ikkje er knytt til tidlegare tilsetjing, med unnatak av individuell pensjonssparing (IPA/IPS) og andre livrenter

Desse pensjonane/uføreytingane skal ikkje skattleggjast i Noreg:

  • pensjon og uføreytingar frå private tenestepensjonsordningar Dette gjeld m.a. pensjon og uføreytingar frå pensjonsordningar knytt til tidlegare tilsetjingar i privat teneste og pensjon over drift.
  • pensjon og uføreytingar frå livrenteforsikringar, m.a. individuell pensjonssparing som IPA og IPS

Det er berre personar som kan dokumentere at dei er skattepliktige i USA som busette der etter skatteavtalen, som kan få skattefritak for livrenter og for pensjon/uføreytingar som er knytt til vederlag for tidlegare lønnsarbeid i privat teneste og som blir utbetalt av andre enn NAV. Du må difor kunne leggje fram ein bustadattest («Form 6166 – Certification of U.S. Tax Residency») frå amerikanske skattemyndigheiter som uttrykkjeleg stadfestar at du er skattemessig busett i USA.

Ein person som ikkje kan dokumentere at han er skattepliktig som busett i USA, kan ikkje få skattefritak. Alle pensjonar og uføreytingar vil då vere skattepliktige i Noreg.

Pensjonar/uføreytingar som er omfatta av artikkel 19 i skatteavtalen, er unnatekne frå skattlegging i USA. Det same gjeld pensjon og uføreytingar frå offentlege tenestepensjonsordningar til norske statsborgarar som er busette i USA etter skatteavtalen, men som ikkje har immigrantstatus i USA. Andre pensjonar/uføreytingar som skal skattleggjast i Noreg, kan òg vere skattepliktige i USA etter amerikanske reglar. Er pensjonen/uføreytinga skattepliktig både i Noreg og USA, er det USA som skal syte for at du ikkje blir skattlagt dobbelt.

Skatteavtalen mellom Noreg og USA finn du her.

Forskotstrekk for inntektsåret 2023

Meiner du at pensjonen/uføreytinga di er heilt eller delvis skattefri i Noreg etter skatteavtalen med USA, må du kontakte skattekontoret og søkje om frikort eller skattekort med lågare trekk en 15 prosent.

Søkjer du om frikort/skattekort for 2023 må du:

  • opplyse om kven som betalar ut pensjonen/uføreytinga
  • leggje ved ein bustadattest («Form 6166 – Certification of U.S. Tax Residency») frå amerikanske skattemyndigheiter

Bustadattesten må vere utferda av amerikanske skattemyndigheiter og uttrykkjeleg stadfeste at du er skattemessig busett i USA. Attesten må vere i original og ikkje eldre enn tre månader.

Søknader om skattekort/frikort vil bli handsama fortløpande. Du får tilsendt informasjon om skattekortet ditt (skattetrekksmelding) i staden for eit skattekort. Her får du mellom anna informasjon om utrekna trekkprosent/frikort. Er berre ein del av pensjonen/uføreytinga skattefri, får du eit skattekort med lågare trekkprosent enn 15 prosent. Du skal ikkje levere noko til dei som betalar ut pensjon/uføreytingar. Dei hentar skattekortet/frikortet elektronisk frå Skatteetaten. Skattetrekksmeldinga blir sendt til den adressa som er registrert på deg i folkeregisteret. Er du e-brukar, får du skattetrekksmeldinga i meldingsboksen din i Altinn.

Hadde du pensjon/uføreytingar i 2021 som ikkje var skattepliktig, og/eller du har frikort eller skattekort med lågare trekk enn 15 prosent i 2022, treng du ikkje å søkje om frikort/skattekort for 2023. Skattekontoret skriver ut et nytt frikort på grunnlag av dei opplysningane som dei har om din skatteplikt.

Du må søkje om nytt skattekort når du:

  • flytter frå USA eller du av andre grunnar ikkje lenger er skattepliktig der
  • får ein ny pensjon/uføreyting frå Noreg
    • Dette gjeld også når du får ein annan pensjon/uføreyting frå same pensjonsutbetalar.

Er heile pensjonen/uføreytinga skattefri og du får frikort, kan du søkje om å få utbetalt trekt skatt. Du kan lese meir om tilbakebetaling av trekt kjeldeskatt på pensjon her.

Fastsetting av skatt for inntektsåret 2022

Personar som er omfatta av reglane om kjeldeskatt på pensjon og uføreytingar vil få tilsendt ei skattemelding i mars 2023.

Meiner du at heile eller delar av pensjonen/uføreytinga er skattefri i Noreg, må du levere skattemeldinga og gje opp kva for beløp som er skattepliktig i Noreg.

Skattekontoret kan krevje at du sender inn ein bustadattest («Form 6166 – Certification of U.S. Tax Residency») som viser at du er skattepliktig i USA.

Bustadattesten må vere utferda av amerikanske skattemyndigheiter. Attesten må vere i original og ikkje eldre enn seks månader. Du kan sende inn ein bustadattest som er utferda av amerikanske skattemyndigheiter før du har fått skatteoppgjeret for 2022 i USA.

Leverer du ikkje skattemeldinga, får du 15 prosent skatt på pensjonen/uføreytinga ved skatteoppgjeret. Dette gjeld når du har hatt frikort eller skattekort med lågare trekk enn 15 prosent.

Har du ikkje fått skattemeldinga innan 15. april 2023, kan du kontakte Skatteetaten.

Har du ikkje tent opp pensjonspoeng eller opparbeida pensjonsbehaldning og du har private pensjonar/uføreytingar eller krigspensjon

Har du ikkje har tent opp pensjonspoeng eller opparbeida pensjonsbehaldning i den norske folketrygda, er du ikkje skattepliktig i Noreg for pensjonar og uføreytingar frå private tenestepensjonsordningar og andre private pensjonsordningar. Du er heller ikkje skattepliktig for krigspensjon.

Du må sjølv kontakte den som betalar ut den private pensjonen/uføreytinga, og gjere merksam på at du meiner at pensjonen/uføreytinga ikkje er skattepliktig til Noreg.

Får du krigspensjon, må du kontakte skattekontoret. Får du berre krigspensjon, kan du søkje om frikort. Får du alderspensjon også, kan du søkje om eit skattekort med lågare trekk enn 15 prosent. Då må du dokumentera kor stor del av pensjonen som er krigspensjon.

Reglane om kjeldeskatt på pensjon og uføreytingar gjeld berre for deg som er skattemessig emigrert frå Noreg. Er du framleis skattemessig busett i Noreg etter skattelova, skal skatten reknast ut etter dei vanlege reglane. Føresegnene i skatteavtalen gjeld for deg òg.

Alle førespurnader om kjeldeskatt på pensjon og uføreytingar skal rettast til:

Skatteetaten
Postboks 9200 Grønland
NO-0134 OSLO

Telefon frå utlandet  +47 22 07 70 00
Telefon frå Noreg  800 80 000

Sende melding:  Du kan ikkje nytta e-post, men send oss ei melding.

Hugs å gje opp fødselsnummeret eller D-nummeret ditt når du vender deg til Skatteetaten.