Informasjon for foreldre

Foreldre som betaler for barnepass, har bestemte rettar og plikter med omsyn til skattetrekk og arbeidsgivaravgift. Vi går gjennom dei viktigaste reglane her. Det er nok at éin av foreldra fyller ut dei skjemaa som trengst.

Frådrag for barnepassutgifter (foreldrefrådrag)

Du kan krevje frådrag i inntekta for dokumenterte utgifter til pass og stell av barn du bur saman med. I skattemeldinga di finn du meir om kven som har rett til foreldrefrådrag.

Du må betale for barnepass via bank for å ha frådragsrett ved utbetaling som samla i løpet av året utgjer 10 000 kroner eller meir. Fleire betalingar som gjeld same avtale om barnepass, blir rekna som éi betaling når ein skal vurdere beløpsgrensa, til dømes dersom det blir betalt kvar månad for fast barnepassordning.

Kontantstøtte

Du får foreldrefrådrag sjølv om du får kontantstøtte frå NAV eller kommunen din.

Inga arbeidsgivaravgift

Foreldre skal ikkje betale arbeidsgivaravgift for betaling for barnepass.

Når du er arbeidsgivar

Du må registrere arbeidsforholdet, velje oppgjersmåte og trekkje skatt

Du blir rekna som arbeidsgivar når du løner ein person for å passe barnet heime hjå deg. Praktikant / au pair eller ein annan person som passar barn i barnet sin (din) heim, blir rekna som arbeidstakar. Du må registrere arbeidsforholdet hjå skattestyresmaktene og trekkje skatt av lønna. Du kan velje mellom to betalingsmåtar for den skatten du trekkjer av lønna til praktikanten. Den oppgjersmåten du vel, må du halde deg til gjennom heile året.

Dersom barnepasset er utført i eit tenesteforhold, har arbeidstakaren krav på feriepengar. Lønn for enkeltståande barnepassoppdrag (typisk barnevakter) gir ikkje grunnlag for feriepengar. Sjå kapittelet "Informasjon for praktikantar og dagmammaer som passar barn i barnet sin heim".

Du har ikkje meldeplikt til NAV Aa-registeret (eit arbeidstakar-arbeidsgivar-register) om arbeidsforhold som gjeld privat pass av barn under 12 år. Det er fordi du ikkje skal betale arbeidsgivaravgift for arbeidstakaren.

Kost og losji

Dersom den som passar barn i barnet sin heim, har fri kost og losji, er dette ein skattepliktig fordel for arbeidstakaren. Merk deg at verdien av fri kost og losji skal leggjast til i lønna ved skatteoppgjeret.

I desember kunngjer skatteetaten satsane for verdien av fri kost og losji for det komande året.

Når du er arbeidsgivar – 1. Den forenkla oppgjersordninga

Reglane om forenkla oppgjersordning er innført for å gjere det enklare å engasjere privatpersonar til arbeid i heimen, mellom anna barnepass.

Melding om lønna arbeid i heimen

Kvar gong du betalar ut lønn, skal "Melding om lønna arbeid i heimen A04" fyllast ut. Skjemaet leverast elektronisk. Då blir opplysningane automatisk sende til Skatteetaten.

Du får automatisk eit KID-nummer (kundeidentifikasjonsnummer) og kontonummer for innbetaling av skatten (forskotstrekk).

Merk deg at du ikkje kan ta i bruk oppgjersordninga dersom du har gitt barnepassaren kontante utgiftsgodtgjersler utanom lønna eller andre naturalytingar enn kost og losji. Då må du bruke ordinær a-melding.


Fødselsnummeret er «arbeidsgivarnummer»

I den forenkla ordninga skal du bruke ditt eige fødselsnummer som arbeidsgivarnummer. Fødselsnummeret skal brukast når du er i kontakt med skattestyresmaktene og NAV. Dersom du som næringsdrivande arbeidsgivar har fått tildelt eit organisasjonsnummer, må du ikkje bruke dette nummeret i den forenkla ordninga.

Forskotstrekk (skattetrekk)

Som arbeidsgivar skal du rekne ut forskotstrekk og gi oppgjeret for dette til Skatteetaten.

Samtidig som du betaler ut lønna, trekkjer du skatt og betaler inn beløpet til Skatteetaten. Kor mykje skatt du skal trekkje følgjer av skattekortet til arbeidstakaren, som du hentar elektronisk frå Skatteetaten

Dersom du er hovudarbeidsgivar, er skattekortet eit tabellkort eller eit prosentkort. Du finn ei tabelloversikt her. For ein biarbeidsgivar er skattekortet eit prosentkort. Du skal då rekne ut forskotstrekket i prosent av lønna.

Dersom den du betalar lønn til ikkje har skattekort frå før, må du be han eller henne om å bestille skattekort. Manglar du skattekortopplysningar, må du trekkje skatt med 50 prosent.

Du skal ikkje trekkje skatt av feriepengar som du betaler ut året etter oppteningsåret, dvs. i ferieåret. Men du må likevel levere «Melding om lønna arbeid i heimen A04». Dersom arbeidsforholdet blir avslutta i oppteningsåret, skal du betale ut feriepengane straks, og du må trekkje skatt etter skattekortet.

Ved små lønnsutbetalingar skal du ikkje trekkje skatt

Du kan late vere å trekkje skatt dersom

  • lønna til ein person ikkje overstig 6000 kroner i løpet av inntektsåret
  • samla forskotstrekk i ein kalendermånad ikkje overstig 100 kroner
  • lønna til ein person ikkje overstig 500 kroner i ein kalendermånad

Melding om lønnsslipp

Du skal gi ei utskrift av den elektroniske meldinga eller ein kopi av meldinga på papir til arbeidstakaren ved kvar utbetaling. Meldinga gjeld som lønnsslipp og kvittering på at det er utført forskotstrekk.

Etter den forenkla ordninga skal du ikkje gi arbeidstakaren noka samanstilling i januar året etter inntektsåret, slik andre arbeidsgivarar må gjere. Arbeidstakaren må derfor ta vare på meldinga/meldingane for å kunne kontrollere skattemeldinga si.

Ta vare på din del

Du må lagre / ta vare på ditt eksemplar av meldinga som dokumentasjon. Ved å fylle ut meldinga og ta vare på din del i tre år oppfyller du krava frå styresmaktene til lønnsrekneskap.

Når du er arbeidsgivar – 2. Ordinær a-melding

Dersom du ikkje kan bruke den forenkla oppgjersordninga for utbetalingar til barnepassar, må du bruke den ordinære a-meldinga. Du kan registrere A-melding - Direkte rapportering - Skatteetaten.

Opplysningane blir automatisk sende til Skatteetaten.

Du får automatisk eit KID-nummer (kundeidentifikasjonsnummer) og kontonummer for innbetaling av skatten (forskotstrekk).

Fødselsnummeret er "arbeidsgivarnummer"

Som privat arbeidsgivar skal du bruke ditt eige fødselsnummer som arbeidsgivarnummer. Fødselsnummeret skal brukast når du er i kontakt med skattestyresmaktene og NAV. Dersom du som næringsdrivande arbeidsgivar har fått tildelt eit organisasjonsnummer, må du ikkje bruke dette nummeret ved betaling for barnepass.

Forskotstrekk (skattetrekk)

Som arbeidsgivar skal du rekne ut forskotstrekk og gi oppgjeret for dette til Skatteetaten.

Samtidig som du betaler ut lønna, trekkjer du skatt og set inn beløpet på ein særskild skattetrekkskonto. Kor mykje skatt du skal trekkje følgjer av skattekortet til arbeidstakaren, som du hentar elektronisk frå Skatteetaten

Dersom du er hovudarbeidsgivar, er skattekortet eit tabellkort eller eit prosentkort. Du finn ei tabelloversikt her. For ein biarbeidsgivar er skattekortet eit prosentkort. Du skal då rekne ut forskotstrekket i prosent av lønna.

Dersom den du betalar lønn til ikkje har skattekort frå før, må du be han eller henne om å bestille skattekort. Manglar du skattekortopplysningar, må du trekkje skatt med 50 prosent.

Du skal ikkje trekkje skatt av feriepengar som du betaler ut året etter oppteningsåret, dvs. i ferieåret. Men du må likevel levere a-meldinga. Dersom arbeidsforholdet blir avslutta i oppteningsåret, skal du betale ut feriepengane straks, og du må trekkje skatt etter skattekortet.

Etter utgangen av kvar kalendermånad skal du sende inn a-melding der det går fram kva ytingar som er utbetalte, og kva forskotstrekk som er gjort. Fristen for å sende inn a-melding er den 5. i månaden etter den kalendermånaden opplysingane gjeld for. Forskotstrekk skal betalast i seks terminar. Ein termin består av dei to føregåande kalendermånadene, slik at januar og februar er termin 1, mars og april er termin 2, osv. Fristen for å betale inn forskotstrekk er 15 dagar etter utgangen av terminen.

Ved små lønnsutbetalingar skal du ikkje trekkje skatt

Du kan late vere å trekkje skatt dersom

  • lønna til ein person ikkje overstig 6000 kroner i løpet av inntektsåret
  • samla forskotstrekk i ein kalendermånad ikkje overstig 100 kroner
  • lønna til ein person ikkje overstig 500 kroner i ein kalendermånad

Samanstilling

Innan 1. februar skal du gi arbeidstakaren ei oversikt over kva du har rapportert inn i a-meldinga året før. Du bestemmer sjølv korleis denne oversikta/samanstillinga skal sjå ut, men samanstillinga skal innehalde opplysningar om lengda på tilsetjingsforholdet, lønn, forskotstrekk, feriepengegrunnlag og mykje anna. Arbeidstakaren må ta vare på samanstillinga for å kunne kontrollere skattemeldinga si.

Når du ikkje er arbeidsgivar

Dersom dagmammaa passar barnet ditt heime hjå seg sjølv, er du ikkje arbeidsgivar. Når du ikkje er arbeidsgivar, treng du ikkje registrere arbeidsforholdet i NAV Aa-registeret eller trekkje skatt av lønna. Du har likevel plikt til å levere a-melding for betaling til dagmamma. Du kan registrere A-melding - Direkte rapportering - Skatteetaten.