Skjema RF-1531

Søk om betalingsavtale for bedrift eller virksomhet

Hovudregelen er at skattar og avgifter skal betalast ved forfall. Bedrifter og verksemder kan søkje om betalingsutsetjing eller betalingsavtale, men det er strenge vilkår for å få ein slik avtale.

Hovudregelen er at skattar og avgifter skal betalast ved forfall. Bedrifter og verksemder kan søkje om betalingsutsetjing eller betalingsavtale, men det er strenge vilkår for å få ein slik avtale..

Viktig informasjon

Vi kan ikkje kan stanse innkrevjinga medan vi behandlar søknaden din, og det vil derfor komme på forseinkingsrenter frå forfallsdatoen og fram til kravet er betalt.

Dette kan du søkje om betalingsutsetjing eller betalingsavtale for

  • skatt og/eller arbeidsgivaravgift
  • meirverdiavgift (mva)
  • særavgift, motorvognavgift, inn- og utførselsavgift og vektårsavgift

Kven kan søkje

  • aksjeselskap (AS) og allmennaksjeselskap (ASA)  
  • norskregistrerte utanlandske føretak (NUF)

Viss du som sender søknaden ikkje kan binde selskapet eller føretaket til ein slik avtale, må du også sende inn ei gyldig fullmakt.

Desse vilkåra må vere oppfylte for å få ein betalingsavtale

Alle vilkåra må vere oppfylte for å få kunne få ein betalingsavtale:

  • Du er ikkje i stand til å betale krava på vanleg måte.
  • Søknaden må innehalde eit betalingstilbod / framlegg til nedbetalingsplan. Søknaden må omfatte alle skatte- og avgiftskrava du eventuelt har.
  • Betalingstilbodet må vere det beste du kan gi.
  • Betalingstilbodet ditt må gi oss betre dekning enn vi får ved å halde fram med innkrevjinga.
  • Det at du får ein betalingsavtale, må ikkje verke støytande eller vere eigna til å svekke den allmenne betalingsmoralen.