Skjema RF-1530

Søk om betalingsavtale for personleg skattepliktig

Hovudregelen er at skattar og avgifter skal betalast ved forfall. Du kan søkje om betalingsutsetjing eller betalingsavtale, men det er strenge vilkår for å få ein slik avtale.

Ein betalingsavtale er ein avtale om betalingsutsetjing, avdrag eller ein kombinasjon av begge delar.

Innkrevjinga stansar ikkje under behandlinga av søknaden, og forseinkingsrenter blir rekna frå forfall og fram til kravet er betalt.

Du kan søkje om betalingsutsetjing eller betalingsavtale for

  • skatt og/eller arbeidsgivarvgift
  • meirverdiavgift (mva)
  • særavgift, motorvognavgift, inn- og utførselsavgift og vektårsavgift

Kven kan søkje

  • privatpersonar 
  • enkeltpersonføretak 
  • ansvarlege selskap (ANS og DA)

Viss du ikkje er elektronisk brukar eller du ikkje kan sende inn alle vedlegga elektronisk, må du sende inn søknadsskjema på papir. Då tar det lengre tid før du får svar på søknaden din.

Du kan laste ned søknadsskjemaet som ein PDF og fylle det ut. Send søknaden til:

Skatteetaten
Postboks 9200 Grønland
0134 Oslo

Desse vilkåra må vere oppfylte for å få ein betalingsavtale

Alle vilkåra må vere oppfylte for å få kunne få ein betalingsavtale:

  • Du er ikkje i stand til å betale krava på vanleg måte.
  • Søknaden må innehalde eit betalingstilbod / framlegg til nedbetalingsplan. Søknaden må omfatte alle skatte- og avgiftskrava du eventuelt har.
  • Betalingstilbodet må vere det beste du kan gi.
  • Betalingstilbodet ditt må gi oss betre dekning enn vi får ved å halde fram med innkrevjinga.
  • Det at du får ein betalingsavtale, må ikkje verke støytande eller vere eigna til å svekke den allmenne betalingsmoralen.

Dersom vi må snakke med nokon andre enn deg

Viss du ønskjer at vi skal kontakte nokon andre enn deg i samband med søknaden, må du oppgi ein kontaktperson og leggje ved ei fullmakt. Viss kontaktpersonen din er advokat, treng du ikkje leggje ved ei fullmakt. Ei fullmakt betyr at ein person har lov til å opptre og handle på vegner av deg. Fullmakta kan vere avgrensa til eit spesielt område eller vere av ein meir generell karakter.