Skjema Q-0150

Prøvingsattest – erklæring frå brudefolket

De må fylle ut og levere skjemaet før de gifter dykk. Prøvingsattesten er no gyldig utan stempel og signatur.

Viktig

  • Logg dykk inn med BankID, BankID på mobil, Buypass eller Commfides.
  • Før du byrjar å registrere bør du ha personnummer til den kommande ektefellen og forlovar/vitne klart.
  • Viss du blir bedt om å laste opp vedlegg, må dei vere i pdf-format.
  • Attesten er gyldig utan stempel og signatur.

Når søknaden er godkjend, blir prøvingsattesten utferda i Altinn og de må vidaresende han til vigslaren. De vel sjølve om attesten skal sendast vidare digitalt, eller som brevpost. Ein kan vareta informasjonstryggleiken til personopplysningane i attesten ved å sende han vidare i ein kryptert e-post, eller ved å sende han i ein lukka konvolutt.

Merk at prøvingsattesten går ut fire månader etter at han er utferda. Dersom saka må handsamast manuelt, tek det 2–3 veker.

Levere på papir

Fyll ut skjemaet Prøvingsattest – erklæring frå brudefolket og send eller lever det utfylt og underteikna saman med dei andre nødvendige papira til skattekontoret ditt. Om du vil levera papira sjølv må du bestille tid på skattekontoret.

Skjemaet ligg hjå Statleg blankettarkiv.

footer/desktop/standard