Meirverdiavgift på tenester verksemda har kjøpt frå utlandet

Her får du hjelp til å avgjere om og korleis du skal rapportere, og eventuelt betale, meirverdiavgift på tenester du som næringsdrivande kjøper frå utlandet (fjernleverbare tenester).

For å vite kva som gjeld deg må du svare på inntil seks spørsmål.

Denne rettleiaren tar for seg om kjøp av fjernleverbare tenester frå utlandet skal bli berekna avgift av eller ikkje. Han gir generell rettleiing ut frå spørsmåla du svarer på. Alle kjøp av tenester må bli vurderte konkret. Då ikkje alle dei skatte- og avgiftsmessige forholda blir vurderte, er informasjonen ikkje eit bindande svar frå oss.

For dei aller fleste tenester skal ordinær meirverdiavgiftssats på 25 prosent brukast. Ver likevel merksam på at det for enkelte tenester er redusert sats. Er du i tvil, ta kontakt med oss.

Denne vegvisaren gir berre generell rettleiing knytt til mval. §§ 3-30 (1) – (2) og 11-3. For utfyllande informasjon knytt til regelverket, kan du lese i Merverdiavgiftshåndboken.