Eigar av fiskebåt

Når du driv verksemd og eig eigen fiskebåt, kan du i tillegg til fiskarfrådraget få frådrag for utgifter du har hatt. Du må betale skatt av formuen på båten og fiskeriløyvet.

Gjeld det meg?

Dette gjeld deg som driv verksemd og eig ein fiskebåt (rekneskapspliktig eller bokføringspliktig fiskar), anten du er einefiskar eller du har tilsette.

Dette må du gjere

  • Sjekk kva frådrag du har krav på.
  • Som bokføringspliktig må du føre rekneskap over inntekter og utgifter.
  • Betale forskottsskatt av det forventa overskottet.

  • Ta vare på bilag og annan dokumentasjon på utgifter du skal krevje frådrag for.

  • Få med deg dei frådraga du kan krevje og sjekk at beløpa er rette i skattemeldinga/næringsspesifikasjonen.

  • Viss du har tilsette, må du også fylle ut a-meldinga.
  • Viss du er registrert i Meirverdiavgiftsregisteret, skal du også levere mva-meldinger.

Fiskarfrådrag

Viss du har fiske langs kysten eller på havet som hovudarbeid i minst 130 dagar i året, har du krav på eit eige fiskarfrådrag (særskilt frådrag for fiskarar og fangstfolk).

Fiskerfrådraget er 30 prosent av nettoinntekta di frå fiske. Maksgrensa for frådraget er 154 000 kroner (frå 2022).

Fiskerfrådraget blir rekna ut automatisk, men du må sørgje for at driftstida (talet på arbeidsdagar) er rette, og at inntekter og kostnader er førte inn med rette beløp i skattemeldinga. Frådraget skal ikkje førast i rekneskapen/næringsspesifikasjonen.

Arbeidet i dei 130 dagane treng ikkje å vere ein samanhengande periode. Dersom du jobbar mindre enn 130 dagar om bord på grunn av oppstart, avslutning eller uventa avbrott i fisket, kan du likevel ha krav på fiskarfrådraget.

Når du har starta eller avslutta i løpet av inntektsåret

Du kan få fiskarfrådraget viss du har jobba under 130 dagar når

  • du har starta som fiskar i løpet av inntektsåret, og det er sannsynleg at du oppfyller vilkåra for frådraget året etter, eller
  • du har avslutta som fiskar i løpet av inntektsåret og du har oppfylt vilkåra for frådraget tidlegare år

Når du jobbar både som fiskar og sjømann

Jobbar du delvis som fiskar og delvis som sjømann, er det nok at du jobbar til saman 130 dagar i året. Du må sjekke at den samla driftstida (talet på arbeidsdagar) er rett i skattemeldinga di.

Fiskarfrådraget blir i utgangspunktet rekna ut på grunnlag av nettoinntekta di etter rekneskapen/næringsspesifikasjonen, men desse utgiftene skal likevel ikkje redusere utrekningsgrunnlaget:

  • kostnader til sjøhyre, arbeidsklede og liknande
  • reisekostnader til/frå fiskebåten
  • meirkostnader ved opphald utanfor heimen
  • rentekostnader
  • kostnader til trygdepremiar

Merk at unntaka over berre gjeld kostnader som gjeld deg sjølv, altså ikkje for eventuelle tilsette.

Sjukepengar som du har frå arbeid på fiskebåten inngår også i utrekningsgrunnlaget.

Båtlott inngår ikkje i utrekningsgrunnlaget.

Lottinntekter frå sal av tang og tare blir heller ikkje tatt med.

Døme: Enkeltpersonføretak med båt (einefiskar) utan mannskap
   Inntekter frå fangst og tilskott
   (ført i rekneskapen)                                                    500 000 kr
+ Uttak av fisk til eige bruk                                             1 600 kr
+ Garantilott ved einefiske                                             20 000 kr
= Inntekt frå einefiske                                                521 600 kr

- Driftsutgifter* (ført i rekneskapen)                                100 000 kr

= Nettoinntekt frå einefisket
    (utrekningsgrunnlaget)                                           421 600 kr

- 30 prosent av nettoinntekta                                          
= Fiskarfrådraget som blir trekt frå inntekta           126 480 kr

* Driftsutgifter er til dømes utgifter til
avgifter, drivstoff, reiskap, forsikring,
rekneskapsførar og proviant.

Døme: Enkeltpersonføretak med båt  (einefiskar) og mannskap
   Inntekter frå fangst og tilskott
   (ført i rekneskapen)                                                    500 000 kr
+ Uttak av fisk til eige bruk                                             1 600 kr
+ Garantilott ved einefiske                                            20 000 kr
= Sum                                                                         521 600 kr

 - Reduksjon for fangstinntekter og offentlege
    tilskott ved fellesfiske inkl.
    eigen del frå fellesfisket                                       150 000 kr

= Bruttoinntekt av einefiske                                      371 600 kr

- Driftsutgifter* førte i rekneskapen
   unntatt utgifter knytte til fellesfisket
   inkl. anna mannskap.                                                 71 242 kr
   

Driftsutgiftene gjeld normalt både einefiske og fellesfiske. Utgiftene må fordelast etter forholdet mellom brutto inntekt av einefiske og reduksjon av fangstinntekter og offentleg tilskott ved fellesfiske, inkludert eigen andel frå fellesfisket.
Døme: Totale driftsutgifter på til dømes 100 000 kroner basert på tala ovanfor fører til ein andel av driftsutgifter for einefisket på 71 242 kroner som skal trekkjast frå utrekningsgrunnlaget for det særskilde frådraget for fiskarar og fangstfolk. Den delen av driftsutgiftene som gjeld fellesfisket skal ikkje trekkjast frå.


Nettoinntekt frå einefisket
(utrekningsgrunnlaget)                                            300 358 kr

Lottinntekt frå fellesfisket                                                50 000 kr
Sjukepengar til fiskar rapportert frå A-ordninga        20 000 kr

Utrekningsgrunnlag for fiskarfrådrag                           370 358 kr

Fiskarfrådrag (30 % av 370 358)                                 111 107 kr

* Driftsutgifter er til dømes utgifter til avgifter,
drivstoff, reiskap, forsikring, rekneskapsførar, proviant, anna mannskap og utgifter til fellesfiske. 

 
Sjøfolkfrådrag og fiskarfrådrag

Viss du har krav på både sjøfolkfrådrag (særskilt frådrag for sjøfolk) og fiskarfrådrag i det same inntektsåret, og desse overstig maksgrensa på
154 000 kroner (frå 2022), blir fiskarfrådraget redusert. Dette blir rekna ut automatisk i skattemeldinga di.

Døme:

Jens tener 300 000 kroner i året som gir rett til sjøfolkfrådrag og 250 000 kroner i året i inntekter frå fiske som gir rett til fiskarfrådrag. Jens har ingen utgifter.

Sidan Jens har rett til sjøfolkfrådrag, vil han først få dette. Sjøfolkfrådraget er 30 prosent av inntekta og har ei maksgrense på 83 000 kroner. 30 prosent av inntekta på 300 000 kroner som sjøfolk er 90 000 kroner. Jens vil derfor berre få 83 000 kroner i sjøfolkfrådrag.

Jens vil så få fiskarfrådraget på inntekter frå fiske. 30 prosent av inntektene på 250 000 kroner er 75 000 kroner.

Samla frådrag kan ikkje overstiga 154 000 kroner. Sidan Jens får sjøfolkfrådrag på 83 000 kroner, kan han få maksimalt 71 000 kroner i fiskarfrådrag (154 000 – 83 000 = 71 000).

Spesielt for deg som

Kost

Du kan få frådrag for utgifter til kosthald du har under fiske. Kostnadene skal du føre i rekneskapen/næringsspesifikasjonen.

Losji

Du kan få frådrag for utgifter til losji viss du må overnatte ein annan stad enn heime eller på fiskebåten i samband med eit fiske eller reisa til/frå eit fiske.

Som næringsdrivande har du krav på frådrag for dei faktiske kostnadene. Kostnadene skal du føre i rekneskapen/næringsspesifikasjonen, og du skal dokumentere dei med kvittering eller anna bilag.

Du kan ha rett til frådrag for transport- og reiseutgifter.

Kor mykje du kan få i frådrag kjem an på om du har fast reise til/frå fiskebåten eller ikkje.

Du kan ha rett til frådrag for transportutgiftene dine dersom

  • du reiser frå bustaden din eller ein innlosjeringsstad til ein fiskebåt som ligg på ein fast plass i ein samanhengande periode på meir enn 2 veker, og
  • du ikkje overnattar på fiskebåten

Sjå satsar for reisefrådrag

Du får eit avstandsfrådrag i staden for frådrag for faktiske transportkostnader. Det betyr at frådraget blir berekna ut frå avstanden på reisa. Reiseavstanden mellom bustaden eller innlosjeringsstaden og fiskebåten må vere minst 2,5 km kvar veg.

Det er ikkje eit krav at du har hatt kostnader til transport. Det har heller ikkje noko å seie korleis du reiser til og frå fiskebåten.

I tillegg til avstandsfrådraget, kan du også ha krav på frådrag for kostnader til bompasseringar eller ferjereiser med bil.

Du fører avstandsfrådraget og utgiftene til bom/ferje i skattemeldinga di, og ikkje i rekneskapen/næringsspesifikasjonen.

Rekn ut reisefrådraget ditt

Viss du ikkje har reiser til/frå fiskebåten etter reglane om arbeidsreiser i punktet over, blir transport til/frå fiskebåten rekna som yrkesreiser, og du vil då ha rett til frådrag for dei faktiske transportutgiftene dine.

Desse kostnadene fører du i rekneskapen/næringsspesifikasjonen.

Du har rett til frådrag for utgifter til premie til pensjonstrygda for fiskarar, eventuelt andre pensjonspremiar.  

Sjekk at pensjonspremie står oppført i skattemeldinga.

Du har rett til frådrag for kontingent til arbeidsgivarforeiningar og visse yrkes- og næringsorganisasjonar. Norges fiskarlag organiserer både arbeidstakarar og arbeidsgivarar innan fiske, og er i tillegg ein yrkes- og næringsorganisasjon.

Det samla frådraget kan ikkje overstige 7 700 kroner (2023) eller inntil to promille av den samla utbetalte lønna.

Du skal føre frådrag for kontingent til arbeidsgivarforeiningar og yrkes- og næringsorganisasjonar i rekneskapen/næringsspesifikasjonen.

Som eigar av fiskebåt, har du rett til frådrag for utgiftene i verksemda, til dømes til båt, drivstoff, reiskapar, sjøhyre, overlevingsdrakt og eventuelle tilsette.

Viss til dømes innkjøpsprisen til maskinar og fiskereiskapar er over beløpsgrensa for kjøp, og dei har ei forventa levetid på minst tre år, skal du avskrive dei.

Viss innkjøpsprisen er under beløpsgrensa for kjøp, eller utstyret har ei forventa levetid på under tre år, kan du krevje direkte frådrag for heile utgifta i det aktuelle inntektsåret.

  • til og med inntektsåret 2023: 15 000 kroner
  • frå og med inntektsåret 2024: 30 000 kroner

 

Meir om aktivering og avskrivingar

Om frådrag, avskriving og meirverdiavgift når du kjøper eller sel ein fiskebåt og/eller eit fiskeriløyve (fiskekvote).

 

Formuesverdi på fiskebåt og fiskeriløyve

Du må rekne ut den rette skattemessige formuesverdien og føre han i skattemeldinga. Sjå korleis du gjer dette i dei årlege takseringsreglane til Skatteetaten under "§ 2-1-4 Verdsetting av skip, fiskefartøy, borefartøy mv."

For fiskeriløyve skal du setja formuesverdien til kostpris, det vil seie kjøpesummen du opphavleg betalte til seljaren.

Formuesverdien av strukturkvotar som berre gjeld for nokre år (tidsavgrensa) er ikkje skattepliktig formue.

Dokumentasjon

Du må ta vare på vedlegg og annan dokumentasjon, men du treng ikkje å leggje ved noko i skattemeldinga. Viss Skatteetaten treng fleire opplysningar, kontaktar vi deg.