Fiske med lott og hyre

Når du har inntekter frå både lott og hyre (lønn) må du fordele utgiftene dine mellom dei to inntektstypane for å få rett frådrag.

Gjeld det meg?

Dette gjeld deg som fiskar eller deltar som mannskap på fiskebåt, og som får både lott (næringsinntekt) og hyre (lønn/arbeidsinntekt). 

Dette må du gjere

  • Hugs å sjekke skattekortet ditt. Du skal oppgi hyra som lønnsinntekt. Lottinntekta skal du spesifisere under næring (under fiske og fangst).

  • Sjekk kva frådrag du har krav på.

  • Ta vare på vedlegg og annan dokumentasjon på utgifter du skal krevje frådrag for.

  • Sjekk at den førehandsutfylte skattemeldinga har med dei frådraga du har krav på, og at beløpa er rette.
  • Sjekk at inntektene frå lott og hyre er fordelte rett i skattemeldinga, slik at fiskarfrådraget og minstefrådraget blir rett.
  • Viss du oppdagar feil, endrar du opplysningane i skattemeldinga di.

Fiskarfrådrag

Viss du har fiske langs kysten eller på havet som hovudarbeid i minst 130 dagar i året, har du krav på eit eige fiskarfrådrag (særskilt frådrag for fiskarar og fangstfolk).

Fiskarfrådraget er 30 prosent av den totale hyreinntekta di. Det maksimale frådraget er 154 000 kroner.

Fiskarfrådraget blir rekna ut automatisk, men du må sjå til at driftstida (talet på arbeidsdagar) er rette, og at inntekter og kostnader er førte inn med rette beløp.

Arbeidet i dei 130 dagane treng ikkje å vere ein samanhengande periode. Dersom du jobbar mindre enn 130 dagar om bord på grunn av oppstart, avslutning eller uventa avbrott i fisket, kan du likevel ha krav på fiskarfrådraget.

Når du har starta eller avslutta i løpet av inntektsåret

Du kan få fiskarfrådraget viss du har jobba under 130 dagar når

  • du har starta som fiskar i løpet av inntektsåret, og det er sannsynleg at du oppfyller vilkåra for frådraget året etter, eller
  • du har avslutta som fiskar i løpet av inntektsåret og du har oppfylt vilkåra for frådraget tidlegare år

Når du jobbar både som fiskar og sjømann

Jobbar du delvis som fiskar og delvis som sjømann, er det nok at du jobbar til saman 130 dagar i året. Du må sjekke at den samla driftstida (talet på arbeidsdagar) er rett i skattemeldinga di.

Fiskarfrådraget blir rekna ut med utgangspunkt i den totale inntekta di frå fiske. Sjukepengar og feriepengar frå arbeid på fiskebåten inngår også i utrekningsgrunnlaget.

Inntekter frå arbeid på land blir hovudsakleg ikkje tatt med i grunnlaget for utrekninga av frådraget. Slike inntekter blir førte som inntekt på land.

Viss du har lottinntekter som landmann, med til dømes egning av liner, skal dette likevel vere med i utrekninga av fiskarfrådraget. 

Du er landmann viss du høyrer til det faste mannskapet og deltar om bord i fiskebåten på vanleg måte saman med resten av mannskapet utanom line-fiskesesongen. Du må i tillegg vere med om bord og delta i fisket i større grad enn du arbeider på land.

Lottinntekter frå sal av tang og tare blir heller ikkje tatt med.

Utgifter du har hatt knytte til fisket blir trekte frå utrekningsgrunnlaget, men følgjande utgifter skal likevel ikkje redusere utrekningsgrunnlaget:

  • minstefrådrag i hyreinntekt
  • kostnader til sjøhyre og liknande
  • reisekostnader til/frå fiskebåt
  • meirkostnader ved opphald utanfor heimen
  • rentekostnader
  • kostnader til trygdepremiar

Viss du har krav på både sjøfolkfrådrag (særskilt frådrag for sjøfolk) og fiskarfrådrag i same inntektsår og desse overstig maksgrensa på
154 000 kroner, blir fiskarfrådraget redusert. Dette blir rekna ut automatisk i skattemeldinga di.

Døme:

Jens tener 300 000 kroner i året som gir rett til sjøfolkfrådrag og 250 000 kroner i året i lott og hyre frå fiskebåt som gir rett til fiskarfrådrag. Jens har ingen utgifter.

Sidan Jens har rett på sjøfolkfrådrag, vil han først få dette. Sjøfolkfrådraget er 30 prosent av inntekta og har ei maksgrense på 83 000 kroner. 30 prosent av inntekta på 300 000 kroner som sjøfolk er 90 000 kroner. Jens vil derfor berre få 83 000 kroner i sjøfolkfrådrag.

Jens vil så få fiskarfrådraget på inntekter frå lott og hyre. 30 prosent av inntektene på 250 000 kroner er 75 000 kroner.

Samla frådrag kan ikkje overstige 154 000 kroner. Sidan Jens får sjøfolkfrådrag på 83 000 kroner, kan han få maksimalt 71 000 kroner i fiskarfrådrag (154 000 – 83 000 = 71 000).

Minstefrådrag

Du får automatisk eit minstefrådrag som blir trekt frå hyreinntekta. Minstefrådraget kjem i tillegg til fiskarfrådraget.

Minstefrådraget skal dekkje dei faktiske utgiftene dine til hyreinntekta, til dømes utgifter til arbeidsklede.

Viss dei faktiske kostnadene dine knytte til hyreinntekta er større enn minstefrådraget, kan du i staden krevje frådrag for desse utgiftene.

Spesielt for deg som

Kost

Viss du har hatt utgifter til mat som ikkje var dekt av felles kosthald om bord i båten, kan du få frådrag for desse utgiftene.

Viss du deltar i fiske der du overnattar heime og ikkje kan dokumentere utgiftene, kan du bruke den gjeldande satsen på 106 kroner per dag.

Du må fordele utgiftene til mat på lottinntekta og hyreinntekta.

Døme

Du har 300 000 kroner i lottinntekter og 200 000 kroner i hyreinntekter. Den samla inntekta di er 500 000 kroner. Fordelinga av inntekta blir slik:

Lottinntekter:
300 000 kroner av den totale inntekta på 500 000 kroner er 60 prosent.

Hyreinntekter:
200 000 kroner av den totale inntekta på 500 000 kroner er 40 prosent.

Du har hatt utgifter til mat på 6 000 kroner.

      60 prosent av dette er knytt til lottinntektene.
      60 prosent av 6 000 kroner er 3 600 kroner.

      40 prosent av dette er knytt til hyreinntektene.
      40 prosent av 6 000 kroner er 2 400 kroner.

Losji

Viss du har utgifter til losji fordi du må overnatte ein annan stad enn heime eller på fiskebåten i samband med eit fiske eller reisa til/frå eit fiske, kan du i nokre tilfelle krevje frådrag for utgiftene. Sjå satsar for kost og losji.

Godtgjersle og refusjon av kostnader til losji

Viss båteigaren dekkjer dei dokumenterte utgiftene dine til losji på eit fiske der du berre får hyre, blir ikkje denne dekninga rekna som lønnsinntekt. Då kan du heller ikkje krevje frådrag for desse utgiftene.

Viss båteigaren dekkjer dei dokumenterte utgifter dine til losji på eit fiske der du berre får lott, kan du krevje frådrag for desse utgiftene. Dekninga er likevel skattepliktig inntekt.

Viss båteigaren dekkjer dei dokumenterte utgiftene dine til losji på eit fiske der du får både lott og hyre, kan du berre krevje frådrag for andelen som gjeld lottinntekta.

Du kan ha rett til frådrag for transport- og reiseutgifter.

Kor mykje du kan få i frådrag kjem an på om du har ei fast reise til/frå fiskebåten eller ikkje.

Du kan ha rett til frådrag for transportutgiftene dine dersom

  • du reiser frå bustaden din eller ein innlosjeringsstad til ein fiskebåt som ligg på ein fast plass i ein samanhengande periode på meir enn 2 veker, og
  • du ikkje overnattar på fiskebåten

Sjå satsar for reisefrådrag

Du får eit avstandsfrådrag i staden for eit frådrag for dei faktiske transportkostnadene. Det vil seie at vi reknar ut frådraget ut frå avstanden på reisa. Reiseavstanden mellom bustaden eller innlosjeringsstaden og fiskebåten må vere minst 2,5 kilometer kvar veg.

Det er ikkje eit krav at du har hatt kostnader til transport. Det har heller ikkje noko å seie korleis du reiser til og frå fiskebåten.

I tillegg til avstandsfrådraget, kan du også ha krav på frådrag for kostnader til bompasseringar eller til ferjereiser med bil.

Berekn reisefrådraget ditt

Godtgjersle og refusjon ved arbeidsreiser

Viss båteigaren dekkjer kostnadene dine til arbeidsreiser, blir dekninga rekna som hyre eller næringsinntekt (ved lott).

Du kan likevel krevje frådrag for reisekostnader etter reglane for arbeidsreiser.

Du får altså sjølve dekninga som inntekt, men du taper likevel ikkje retten til å krevje avstandsfrådraget.

Viss du ikkje har reiser til/frå fiskebåten etter reglane om arbeidsreiser i punktet over, vil du ha ulik frådragsrett avhengig av om du på eit fiske berre skal få hyre eller berre skal få lott:

  • På eit fiske der du berre får hyre, vil transport til/frå fiskebåten bli rekna som tenestereiser, og utgiftene inngår då i minstefrådraget.
  • På eit fiske der du berre får lott, vil transport til/frå fiskebåten bli rekna som yrkesreiser, og du vil då ha rett til frådrag for dei faktiske transportutgiftene dine.

Ved transport til/frå ein fiskebåt til eit fiske der du får både lott og hyre, må du fordele transportutgiftene på lottinntekta og hyreinntekta. Du kan krevje frådrag for den andelen av transportutgiftene som er knytt til lottinntekta.

Døme:

Du har 112 000 kroner i lottinntekter og 28 000 kroner i hyreinntekter. Den samla inntekta di er 140 000 kroner.

Fordelinga av inntekta blir slik:
Lottinntekter:
112 000 kroner av den samla inntekta på 140 000 kroner er 80 prosent.
Hyreinntekter:
28 000 kroner av den totale inntekta på 140 000 kroner er 20 prosent.

Du har hatt transportutgifter på 10 000 kroner.

80 prosent av dette er knytt til lottinntektene.
80 prosent av 10 000 kroner er 8 000 kroner.

20 prosent av dette er knytt til hyreinntektene.
20 prosent av 10 000 kroner er 2 000 kroner.
 
Godtgjersle og refusjon ved tenestereiser

Viss båteigaren dekkjer kostnadene dine til tenestereiser, vil du ikkje få særskilt frådrag for desse utgiftene verken ved lott eller hyre. For hyreinntekta inngår det i minstefrådraget.

Viss beløpet som båteigaren dekkjer er høgare enn dei faktiske utgiftene, vil overskottet bli sett på som inntekt.

Døme:

Viss du har 1 000 kroner i utgifter, og arbeidsgivaren gir deg 2 000 kroner for å dekkje utgiftene dine, har du 1 000 kroner i overskott som du må skatte av som lønn.

Dersom du også har lottinntekter på dette fisket, må du fordele overskottet mellom hyra og næringsinntekta med same forhold som desse inntektene.
 
Godtgjersle og refusjon ved yrkesreiser

Kostnadsdekninga blir rekna som næringsinntekt dersom du berre skal få lott på eit fiske. Du kan likevel krevje frådrag for dei faktiske utgiftene dine.

 

Du som får lott har rett til eit eige frådrag for utgifter til sjøhyre (ytterklede inkludert hanskar og langstøvlar) og overlevingsdrakt.

Utgifter til arbeidsklede knytte til hyreinntekta blir dekt av minstefrådraget. 

Sjøhyre

Du må rekne ut og føre opp andelen av utgiftene som fell på lottinntekta.

Døme

Du har 300 000 kroner i lottinntekter og 200 000 kroner i hyreinntekter. Den samla inntekta di er 500 000 kroner.

Fordelinga av inntekta blir slik:

Lottinntekter:
300 000 kroner av den samla inntekta på 500 000 kroner er 60 prosent.

Hyreinntekter:
200 000 kroner av den samla inntekta på 500 000 kroner er 40 prosent.

Du har kjøpt sjøhyre til 6 000 kroner.
60 prosent av dette er knytt til lottinntektene.
60 prosent av 6 000 kroner er 3 600 kroner.

Viss du ikkje kan dokumentere utgiftene, må du bruke gjeldande satsar.

Viss du kan dokumentere at du har hatt høgare utgifter enn satsane, kan du krevje større frådrag.

Overlevingsdrakt

Viss du har kjøpt ei overlevingsdrakt som kosta under 15 000 kroner, må du rekna ut andelen av utgiftene som fell på lottinntekta.

Viss overlevingsdrakta kosta over 15 000 kroner, og andelen av utgiftene som fell på lottinntekta også er over 15 000 kroner, skal du skrive av overlevingsdrakta på saldogruppe d.

Du har rett til frådrag for utgifter til premie til pensjonstrygda for fiskarar, og eventuelt andre pensjonspremiar.  

Sjekk at pensjonspremien står oppført i skattemeldinga.

Du har rett til frådrag for kontingent til landsomfattande medlemsorganisasjonar, som til dømes Norges fiskarlag.

Det er avgrensingar knytte til storleiken på frådraget.
Maksimalt frådrag for 2023 er 7 700 kroner.

Viss du betaler kontingentar til fleire arbeidstakarorganisasjonar, må frådraget samla vere innanfor maksgrensa.

Om fagforeiningsfrådrag

 

Viss du får lott ved fiske på andre sin fiskebåt, vil du normalt ha krav på frådrag for alle utgiftene du har hatt knytt til lottinntekta.

Eigen fiskereiskap

Viss du stiller opp med eigen fiskereiskap, som til dømes garn, nøter og fiskekrokar til fisket i andre sin fiskebåt, har du som hovudregel rett til frådrag for desse utgiftene.

Viss innkjøpsprisen til slike reiskapar er over 15 000 kroner og reiskapane har ei forventa levetid på minst tre år, skal du avskrive dei.

Viss innkjøpsprisen er under 15 000 kroner eller har ei forventa levetid på under tre år, kan du krevje direkte frådrag for heile utgifta i det aktuelle inntektsåret.

Dokumentasjon

Du må ta vare på vedlegg og annan dokumentasjon, men du treng ikkje å leggje ved noko i skattemeldinga. Viss Skatteetaten treng fleire opplysningar, kontaktar vi deg.