Arbeidsgivar med arbeidstakarar i kjeldeskatt på lønn-ordninga
Kjeldeskatt på lønn er ei frivillig skatteordning for utanlandske arbeidstakarar med korte arbeidsopphald i Noreg. Dei fleste utanlandske arbeidstakarar som er nye i Noreg blir automatisk med i ordninga når dei søkjer om skattekort. Arbeidstakaren kan velje seg ut av kjeldeskatt på lønn-ordninga og betale ordinær skatt i staden viss det lønner seg.
Viss det er du som arbeidsgivar som søkjer om skattekort for arbeidstakaren, kan ikkje du velje han eller ho ut av ordninga. Arbeidstakaren kan då først velje seg ut når han eller ho har time hos Skatteetaten for ID-kontroll.
Du får informasjon om arbeidstakaren er med i kjeldeskatt på lønn-ordninga når du hentar skattekort på arbeidstakaren. Skattekortet er merka med tilleggsopplysninga "Kildeskatt på lønn". Det er viktig å sjekke om skattekortet til arbeidstakaren har denne tilleggsinformasjonen før du rapporterer lønn og skattetrekk.
Du fastset skattegrunnlaget
Arbeidstakarar i ordinær skatteordning fastset skattegrunnlaget sjølv når dei leverer skattemelding. Skattestyresmaktene bereknar deretter skatten. I kjeldeskatt på lønn-ordninga er det du som fastset skattegrunnlaget til arbeidstakaren og bereknar skatten når du rapporterer i a-meldinga.
Har du ein arbeidstakar i kjeldeskatt på lønn-ordninga, skal du trekkje skatt etter ein fast prosent alle månader i året og rapportere både lønn og skattetrekk i a-meldinga. Du skal berekne kjeldeskatt av all lønn og alle godtgjersler som er skattepliktige for arbeidstakaren.
For arbeidstakaren er skatten ferdig gjort opp når du rapporterer lønn og skattetrekk i a-meldinga. Arbeidstakaren vil ikkje motta skattemelding neste år.
Det er du som er ansvarleg for at fastsettinga og skattetrekket er rett. Dersom du har rapportert feil, må du rette a-meldinga.
Slik bereknar du kjeldeskatt
Det er nokre viktige skilnader mellom kjeldeskatt på lønn-ordninga og ordinær skatteordning. Ein av dei er at du skal trekkje kjeldeskatt av alle pendlarutgifter du dekkjer. Hugs også at det er ingen trekkfrie månader eller halv skatt før jul i kjeldeskatt på lønn-ordninga. Du skal heller ikkje redusere trekkgrunnlaget med pensjonsinnskot eller fagforeiningskontingent.
Her får du ei oversikt over kva du skal berekne kjeldeskatt av, og kva som ikkje er skattepliktig for arbeidstakarar i kjeldeskatt på lønn-ordninga.
Du skal berekne kjeldeskatt av
- all lønn og alle godtgjersler for arbeid utført i Noreg (inkludert feriepengar)
- honorar, godtgjersler og liknande ytingar til utanlandske styreleiarar eller utanlandske styremedlemmar i norske selskap
-
Om du har arbeidstakarar i kjeldeskatt på lønn-ordninga som er pendlarar, skal alle pendlarutgifter du dekkjer for arbeidstakaren inngå i skattegrunnlaget, og du skal berekne kjeldeskatt av heile beløpet.
Du skal rapportere beløpet du dekkjer som trekkpliktig, og du skal trekkje skatt etter satsen på skattekortet av heile beløpet.
Du kan ikkje bruke dei trekkfrie pendlargodtgjerslene i a-meldinga når du rapporterer på ein arbeidstakar i kjeldeskatt på lønn-ordninga.
Døme på korleis du skal rapportere på arbeidstakarar som pendlar:
- Trekkpliktig bilgodtgjersle – besøksreise til heimen for utlending med opphald i Noreg
- Trekkpliktig utgiftsgodtgjersle – besøksreise til heimen for utanlandsk arbeidstakar med opphald i Noreg
- Heilt eller delvis fri kost og fritt losji
- Bustad heilt eller delvis stilt til disposisjon
- Trekkpliktig godtgjersle til kost til utanlandsk arbeidstakar med opphald i Noreg
- Trekkpliktig godtgjersle til kost på reiser
- Trekkpliktig anna godtgjersle på reise
- utgiftsgodtgjersler, refusjonar og naturalytingar som er skattepliktige fordelar for arbeidstakaren
-
Dersom du dekkjer private kostnader for arbeidstakaren, til dømes reiser til og frå jobb, skal heile beløpet inngå i skattegrunnlaget, og du skal berekne kjeldeskatt av heile beløpet.
Du skal rapportere heile beløpet som trekkpliktig i a-meldinga.
Du skal ikkje berekne kjeldeskatt av
-
Lønn og godtgjersler for arbeid utført utanfor Noreg er ikkje skattepliktig for arbeidstakarar som er i kjeldeskatt på lønn-ordninga. Slik inntekt skal derfor ikkje inngå i skattegrunnlaget, og du skal ikkje berekne kjeldeskatt av slik inntekt.
Hugs å oppgi oppteningslandet når du rapporterer inntekta i a-meldinga.
Her er eit døme på kva som skal inngå i grunnlaget du skal berekne og trekkje kjeldeskatt av for ein arbeidstakar som utfører arbeid både i Noreg og i Sverige:
Yting
Beløp
Inngår i grunnlaget for kjeldeskatt
Lønn (kontantlønn) opptent i Noreg
400 000
400 000
Lønn (kontantlønn) opptent i Sverige
50 000
0
Utgiftsgodtgjersle, flyttegodtgjersle
10 000
0
Naturalytingar, fri bil i Sverige
5 000
0
-
Dersom du dekkjer kostnader direkte i samanheng med arbeid, til dømes kostnader ved opphald utanfor heimen i samband med tenestereise/yrkesreise, skal berre eit eventuelt overskot inngå i skattegrunnlaget, og du skal berre berekne kjeldeskatt av overskotet. Du skal rapportere overskotet som trekkpliktig i a-meldinga. Den delen som ikkje gir overskot, skal du rapportere som trekkfri i a-meldinga.
Her er eit døme på kva som skal inngå i grunnlaget du skal berekne og berekne kjeldeskatt av, for ein arbeidstakar som du har dekt både pendlarkostnader og tenestereise (ikkje overskot) for:
Yting
Beløp
Inngår i grunnlaget for kjeldeskatt
Inngår i grunnlaget for skatt etter ordinær skatteordning
Lønn, kontantytingar
400 000
400 000
400 000
Naturalytingar, fri bustad
72 000
72 000
0
Utgiftsgodtgjersle, dekning av heimreise
10 000
10 000
0
Utgiftsgodtgjersle, dekning av tenestereise
20 000
0
0
Arbeidsgivar som har arbeidstakar med nettolønn
Har de inngått avtale om nettolønn, skal du betale skatten for arbeidstakaren. Det betyr at du skal rekne om nettolønn til bruttolønn ved å bruke skattesatsen i skattekortet og leggje inn tabellnummer "0000" i feltet for oppgrossingstabell når du rapporterer i a-meldinga.
Skattesatsar og arbeidsgivaravgift for kjeldeskatt på lønn
Informasjon om kva sats du skal bruke finn du i skattekortet til arbeidstakaren. Skattesatsen kan også påverke om du skal berekne arbeidsgivaravgift av lønn og andre godtgjersler.
Skattesats |
Arbeidsgivaravgift |
25 % for arbeidstakarar som er medlem i norsk folketrygd |
Arbeidsgivaren skal betale arbeidsgivaravgift etter dei ordinære reglane. |
17,2 % for arbeidstakarar som ikkje er medlem i norsk folketrygd |
Arbeidsgivaren skal ikkje betale arbeidsgivaravgift. |
22,3 % for arbeidstakarar som berre skal betale helsedelen i norsk folketrygd |
For arbeidstakarar utsende til Noreg frå USA eller Canada skal arbeidsgivaren betale arbeidsgivaravgift etter særskild sats. For andre arbeidstakarar skal arbeidsgivaren betale arbeidsgivaravgift etter dei ordinære reglane. |
Dersom du har berekna feil arbeidsgivaravgift, må du korrigere i a-meldinga.
Her finn du informasjon om kjeldeskatt på lønn for utanlandske arbeidstakarar.
Kildeskatt på lønn
Denne filmen er beregnet for arbeidsgivere med arbeidstakere i kildeskatt på lønn-ordningen. Vi forklarer hva kildeskatt på lønn er, hvem som kan være med i denne ordningen, og hva du som arbeidsgiver skal gjøre.