Bustad
Gjeld når du får bolig helt eller delvis stilt til disposisjon i arbeidsforhold.
Kort om bustad
Før opp fordelen når arbeidsgivaren stiller bustad heilt eller delvis til fri disposisjon til arbeidstakar i Noreg eller utlandet.
Gjeld fordelen ved å bu:
- i meir enn eitt rom
Gjeld ikkje fordelen ved å bu:
- i eitt rom åleine
- i eitt rom saman med andre
Dette skal du oppgi som fritt losji.
Sjå òg Skatte-ABC om fri bustad
Sjå òg Skatte-ABC om fri bustad utland
Merk!
Skattepliktig kompensasjonstillegg skal du føre opp som «kontantyting» og «kompensasjonstillegg – bustad».
Verdsetjing av leigeverdi
Leigeverdien for bustaden skal verdsetjast av skattemyndigheita når:
- arbeidsgivar stiller bustaden til disposisjon og
- fordelen er skattepliktig for mottakaren
Dette gjeld både når arbeidsgivaren eig og når arbeidsgivaren leiger bustaden, sjølv om arbeidstakaren betaler leige. Verdsetjinga skal gjerast snarast råd og seinast når ein tek i bruk bustaden.
Leigeverdien skal leggjast til grunn første heile månad etter at verdien er fastsett.
Arbeidsgivar skal sende inn RF-1158 for å få boligen verdsatt.
Dersom du leverer krav om verdsetting for seint, tek den fastsette leigeverdien til å gjelde frå første heile månad etter at bustaden er teken i bruk.
Når bustaden blir overteken av ein annan
Dersom ein annan arbeidstakar skal overta ein bustad som tidlegare har vore verdsett, treng ein ikkje verdsetje bustaden på nytt.
Dette gjeld
- dersom bruken ikkje blir endra og
- eller ikkje andre grunnar taler for ei ny verdsetting.
Verdsetting av bustad i utlandet
Bustad i utlandet er skattepliktig og skal verdsetjast dersom
- arbeidstakaren disponerer fri eller subsidiert bustad og
- vedkomande ikkje blir rekna som pendlar
Verdsetting av fri bustad i utlandet som arbeidsgivar eig
Bustaden skal verdsetjast av skattestyresmaktene på same måte som bustad stilt til disposisjon i Noreg.
Verdsetting av fri bustad i utlandet som arbeidsgivar leiger
Bustaden skal verdsetjast av arbeidsgivar
- etter ein sjablong eller
- gjennom individuell verdsetting
Kva for opplysningar skal du oppgi
Beløp | x kroner |
Type lønn eller yting | naturalyting, bustad |
Trekkplikt | ja |
Grunnlag for arbeidsgivaravgift | ja/nei |
Skatte- og avgiftsregel | dersom aktuelt |
Tilleggsinformasjon | - |
Beløp
Før opp leigeverdien (skattepliktig fordel).
Dersom arbeidstakaren har betalt noko for ytinga og dette kan dokumenterast, skal den skattepliktige fordelen reduserast med betalinga. Betalinga må vere ført til inntekt hjå arbeidsgivaren.
Type lønn eller yting
Før opp «naturalyting» og «bustad».
Trekkpliktig
Ytinga skal alltid førast opp som trekkpliktig.
Ta med leigeverdien i utrekningsgrunnlaget for forskotstrekk frå og med den første heile månaden etter du har teke imot verdsetting frå skattestyremaktene og bustaden er teken i bruk.
Dersom arbeidstakaren har betalt noko for ytinga skal du trekkje dette frå før du gjennomfører forskotstrekket.
Du kan late vere å gjennomføre forskotstrekk dersom trekkbeløpet er under minstegrensene for forskotstrekk.
For naturalytingar skal du gjennomføre forskotstrekket i dei kontante ytingane så langt dei rekkjer. Er det ikkje dekning for samla forskotstrekk i dei kontante ytingane, skal du melde frå til skattekontoret.
Grunnlag for arbeidsgivaravgift
Du skal berekne arbeidsgivaravgift av denne ytinga.
Ta med leigeverdien i arbeidsgivaravgiftsgrunnlaget den første heile månaden etter at du har teke imot melding om leigeverdi frå skattestyresmaktene, og bustaden er teken i bruk.
Dersom du har levert krav om verdsetting av leigeverdien for seint, skal leigeverdien takast med i arbeidsgivaravgiftsgrunnlaget den første heile månaden etter at bustaden er teken i bruk.
Unnatak:
Du kan late vere å berekne arbeidsgivaravgift når inntektsmottakaren
- kjem inn under trygdelovgivinga i eit anna land i samsvar med ein sosialkonvensjon eller EØS-avtalen
- er ein utanlandsk arbeidstakar som ikkje er medlem av trygda og som arbeider på norsk kontinentalsokkel eller i norsk territorialfarvatn
Skatte- og avgiftsregel
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra, skal du bruke skatte- og avgiftsreglane:
Skatte- og avgiftsregelen gjeld:
- inntektsmottakarar som kjem inn under Svalbardskattelova
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «Svalbard».
Du må òg markere forskotstrekk som høyrer til, med nemninga «Svalbard».
Sjå utfyllande informasjon om forskotstrekk i a-meldinga
Hugs óg å oppgi riktig nemning av frådraget når det er ei eiga frådragsnemning for Svalbard, sjå fagforeiningskontingent, premie til pensjonsordningar, premie til fond og trygd og brakkeleige.
Skatte- og avgiftsregelen gjeld:
- inntektsmottakarar som kjem inn under Jan Mayen-skattelova.
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «Jan Mayen og bilanda».
Du må òg markere forskotstrekk som høyrer til med «Jan Mayen og bilanda».
Sjå utfyllande informasjon om forskotstrekk i a-meldinga
Hugs óg å oppgi riktig nemning av frådraget når det er ei eiga frådragsnemning for Jan Mayen og bilanda, sjå fagforeiningskontingent og premie til pensjonsordningar.
Skatte- og avgiftsregelen gjeld:
- sjøfolk som har krav på eit eige frådrag (sjømannsfrådrag) i lønn og andre ytingar,
- når dei har tent opp dette ved å arbeide om bord på skip i fart.
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «særskilt frådrag for sjøfolk».
Sjå òg utfyllande informasjon om særskilt frådrag for sjøfolk
Dersom du sender a-melding for ein skattefri organisasjon, kan du bruke skatte- og avgiftsregelen:
Dersom du sender a-melding for ein skattefri organisasjon (skattefrie selskap, foreiningar og institusjonar som nemnt i skattelova § 2-32 første ledd), kan du markere lønna eller ytinga med "skattefri organisasjon".
Gjer du dette, treng du ikkje vurdere om inntektsmottakaren kjem til å passere grensa for opplysningsplikta på 10 000 kroner i løpet av året. Ein må då nytte markeringa frå første krone og for utbetalingar heile året.
Tilleggsinformasjon
Ingen tilleggsinformasjon.
Oppteningsperiode (frivillig)
Du kan oppgi oppteningsperiode for alle typar lønn og andre ytingar i a-meldinga. Både startdato og sluttdato for oppteningsperioden må vere innanfor same rapporteringsmånad.
Når skal du rapportere
Før opp leigeverdien (skattepliktig fordel) den første heile månaden etter at du har teke imot melding om leigeverdi frå skattestyresmaktene, og bustaden er teken i bruk.
Dersom du har levert krav om verdsetting av leigeverdien for seint, fører du opp leigeverdien (skattepliktig fordel) den første heile månaden etter at bustaden er teken i bruk.
Rette feil
MAGNET_EDAG-114 Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-114B Ugyldig verdi for denne kalendermånaden |
MAGNET_EDAG-200 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
MAGNET_EDAG-230B Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-243 Opplysningar om oppteningsperiode er ugyldig |
MAGNET_EDAG-298 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
Kva brukar vi opplysningane til
NAV brukar opplysningar om lønn og andre ytingar til å rekne ut dagpengar og kontrollere ytingar som sjukepengar, foreldrepengar, uføretrygd og bidragsforskot.
Skatteetaten brukar opplysningar om bustad til å fylle ut skattemeldinga på førehand og til kontroll.
Statistisk sentralbyrå (SSB) brukar opplysningane til statistikkføremål.
Aktuelt regelverk