Kompensasjonstillegg bustad
Gjeld fordelen ved heilt eller delvis fri tenestebustad for statstilsette i utlandet.
Kort om kompensasjonstillegg bustad
Frå og med inntektsåret 2008 blei det innført skatteplikt på fordel ved heilt eller delvis fri tenestebustad for statstilsett i utlandet.
Fleire statlege arbeidsgivarar (Utanriksdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet og Forsvarsdepartementet) gir ein økonomisk kompensasjon for å nøytralisere denne skattlegginga.
Denne kompensasjonen skal du føre opp som «kompensasjonstillegg bustad».
Kva for opplysningar skal du oppgi
Beløp | x kroner |
Type lønn eller yting | kontantyting, kompensasjonstillegg bustad |
Trekkplikt | ja |
Grunnlag for arbeidsgivaravgift | ja |
Skatte- og avgiftsregel | - |
Tilleggsinformasjon | statstilsett i utlandet |
Beløp
Før opp bruttobeløpet.
Merk!
Gjeld berre det skattepliktige kompensasjonstillegget, og ikkje verdien av fri bustad.
Fri bustad fører du opp som Naturalyting – bustad.
Type lønn eller yting
Før opp «kontantyting» og «kompensasjonstillegg bustad».
Trekkpliktig
Ytinga skal alltid førast opp som trekkpliktig.
Du kan late vere å gjennomføre forskotstrekk dersom trekkbeløpet er under minstegrensene for forskotstrekk.
Grunnlag for arbeidsgivaravgift
Du skal berekne arbeidsgivaravgift av denne ytinga.
Skatte- og avgiftsregel
Du kan ikkje bruke særskilde skatte- og avgiftsreglar for denne ytinga.
Tilleggsinformasjon
Før opp «statstilsett i utlandet».
Oppteningsperiode (frivillig)
Du kan oppgi oppteningsperiode for alle typar lønn og andre ytingar i a-meldinga. Både startdato og sluttdato for oppteningsperioden må vere innanfor same rapporteringsmånad.
Når skal du rapportere
Før opp ytinga den kalendermånaden du utbetaler beløpet.
Rette feil
MAGNET_EDAG-114 Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-114B Ugyldig verdi for denne kalendermånaden |
MAGNET_EDAG-200 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
MAGNET_EDAG-230B Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-243 Opplysningar om oppteningsperiode er ugyldig |
MAGNET_EDAG-298 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
Kva brukar vi opplysningane til
NAV brukar opplysningar om lønn og andre ytingar til å rekne ut dagpengar og kontrollere ytingar som sjukepengar, foreldrepengar, uføretrygd og bidragsforskot.
Skatteetaten brukar opplysningar om kompensasjonstillegg bustad til å fastsetje inntekt. Beløpet skal summerast med andre ytingar og overførast til skattemeldinga. Både den utrekna fordelen ved fri bustad og kompensasjonsbeløpet er skattepliktige som personinntekt og fører til opptening av pensjon. Denne auka oppteninga av pensjon kan på grunn av samordningsreglane for offentlege tenestepensjonsordningar føre til at somme statstilsette får meir utbetalt i alderspensjon. Dette er ein utilsikta overkompensasjon, og ved å rapportere kompensasjonstillegget særskilt skal ein motverke dette.
Statistisk sentralbyrå (SSB) brukar opplysningane til statistikkføremål.
Aktuelt regelverk