Australia

Personar som ikkje er skattemessig busette i Noreg, skal betale skatt på pensjonar, uføretrygd og andre uføreytingar som blir utbetalte frå Noreg. Skatten er 15 prosent av brutto pensjon/uføreytelse, og den som betalar ut pensjonen/uføreytinga skal trekkje skatt.

Kjeldeskatten på pensjon og uføreytingar omfattar:

  • pensjon frå folketrygda
  • offentlege tenestepensjonar
  • private tenestepensjonar
  • andre private pensjonar
  • uføretrygd frå folketrygda
  • uføreytingar frå andre ordningar

Ein skal ikkje betale kjeldeskatt på barnepensjon til barn som er under 17 år ved utgangen av inntektsåret.

Desse unnataka gjeld frå skatteplikta for personar busette i Australia:

  • Personar som kan dokumentere at dei er busette i Australia etter skatteavtalen mellom Noreg og Australia, har krav på skattefritak i Noreg for pensjon og for uføreytingar frå ei livrenteforsikring.
  • Skattefritaket gjeld ikkje pensjon tent opp ved arbeid i norsk offentleg teneste og den tilsvarande delen av grunnpensjonen når mottakaren ikkje er australsk statsborgar.
  • Personar som ikkje har tent opp pensjonspoeng eller opparbeida pensjonsbehaldning i den norske folketrygda, skal ikkje betale skatt av pensjonar og uføreytingar frå private tenestepensjonsordningar og andre private pensjonsordningar, og av krigspensjon.

Skatteavtalen mellom Noreg og Australia

Skatteavtalen mellom Noreg og Australia regulerer retten til å skattleggje pensjonar og uføreytingar i artiklane 17, 18 og 21.

Uføretrygd og andre uføreytingar

Uføreytingar frå livrenteforsikringar (IPA/IPS) skal ikkje skattleggjast i Noreg når du kan dokumentere at du er skattemessig busett i Australia etter skatteavtalen.

Andre uføreytingar er skattepliktige i Noreg, jf. artikkel 21 nr. 3 i skatteavtalen. Dette gjeld uføretrygd frå folketrygda og uføreytingar frå offentlege tenestepensjonsordningar, private tenestepensjonsordningar og andre private pensjonsordningar (som ikkje er livrenter).

Pensjon

Desse pensjonane er alltid skattepliktige i Noreg:

  • pensjon tent opp ved arbeid i norsk offentleg teneste og den tilsvarande delen av grunnpensjonen når mottakaren ikkje er australsk statsborgar

Andre pensjonar skal ikkje skattleggjast i Noreg når du kan dokumentere at du er skattemessig busett i Australia etter skatteavtalen.

Det er berre personar som kan dokumentere at dei er skattepliktige i Australia som busette der etter skatteavtalen, som kan få skattefritak for pensjon/uføreytingar som etter skatteavtalen ikkje skal skattleggjast i Noreg. Du må difor kunne leggje fram ein bustadattest (Certificate of Residence) frå australske skattemyndigheiter som uttrykkjeleg stadfestar at du er skattemessig busett i Australia etter skatteavtalen med Noreg.

Ein person som ikkje kan dokumentere at han er busett i Australia etter skatteavtalen, kan ikkje få skattefritak. Alle pensjonar og uføreytingar vil då vere skattepliktige i Noreg.

Forskotstrekk for inntektsåret 2023

Dersom du meiner at pensjonen/uføreytinga di er heilt eller delvis skattefri i Noreg etter skatteavtalen med Australia, må du kontakte skattekontoret og søkje om frikort eller skattekort med lågare trekk enn 15 prosent.

Søkjer du om frikort eller skattekort for 2024 må du:

  • oppgi kven som betalar ut pensjonane eller uføreytingane, kva typar pensjonar du får og korleis forventa bruttoinntekt fordeler seg på dei ulike pensjonane eller uføreytingane
  • opplyse om du har arbeidd for ein norsk offentleg arbeidsgivar og eventuelt kor mange år du har vore tilsett i offentleg teneste og kor mange år du har vore tilsett i privat teneste og/eller har vore sjølvstendig næringsdrivande. Dette gjeld når du får pensjon.
  • oppgi kor stor del av pensjonen som ikkje skal skattleggjast i Noreg når pensjonen blir utbetalt av Nav. Du kan til dømes leggje ved ein kopi av ein utbetalingsslipp for ein av dei siste månadene frå Nav.
  • opplyse om uføreytingar frå livrenteforsikringar (IPA/IPS)
  • leggje ved ei stadfesting på bustad (Certificate of Residence) frå australske skattestyresmakter

Certificate of Residence må vere utferda av australske skattemyndigheiter og uttrykkjeleg stadfeste at du er skattemessig busett i Australia etter skatteavtalen med Noreg. Attesten må vere i original og ikkje eldre enn tre månader.

Søknader om skattekort/frikort vil bli handsama fortløpande. Du får tilsendt informasjon om skattekortet ditt (skattetrekksmelding) i staden for eit skattekort. Her får du mellom anna informasjon om utrekna trekkprosent/frikort. Er berre ein del av pensjonen/uføreytinga skattefri, får du eit skattekort med lågare trekk enn 15 prosent. Du skal ikkje levere noko til dei som betalar ut pensjon/uføreytingar. Dei hentar skattekortet/frikortet elektronisk frå Skatteetaten. Skattetrekksmeldinga blir sendt til den adressa som er registrert på deg i folkeregisteret. Er du e-brukar, får du skattetrekksmeldinga i meldingsboksen din i Altinn.

Hadde du pensjon/uføreytingar i 2021 som ikkje var skattepliktig og/eller du har frikort eller skattekort med lågare trekk enn 15 prosent i 2022, treng du ikkje å søkje om frikort for 2023. Skattekontoret skriver ut et nytt frikort/skattekort på grunnlag av dei opplysningane som dei har om din skatteplikt.

Du må søkje om nytt skattekort når du:

  • flytter frå Australia eller du av andre grunnar ikkje lenger er skattepliktig der
  • får ein ny pensjon/uføreyting frå Noreg
    • Dette gjeld også når du får ein annan pensjon/uføreyting frå same pensjonsutbetalar.

Er heile pensjonen/uføreytinga skattefri og du får frikort, kan du søkje om å få utbetalt trekt skatt. Du kan lese meir om tilbakebetaling av trekt kjeldeskatt på pensjon.

Fastsetting av skatt for inntektsåret 2022

Personar som er omfatta av reglane om kjeldeskatt på pensjon og uføreytingar vil få tilsendt ei norsk skattemelding i april 2023.

Meiner du at heile eller delar av pensjonen/uføreytinga er skattefri i Noreg, må du levere skattemeldinga og gje opp om kva for beløp som er skattepliktig i Noreg.

Skattekontoret kan krevje at du sender inn ein bustadattest (Certificate of Residence) som uttrykkjeleg stadfestar at du er skattemessig busett i Australia etter skatteavtalen med Noreg. Skattekontoret kan òg krevje at du sender inn dokumentasjon som viser kva for beløp som er skattefritt i Noreg.

Certificate of Residence må vere utferda av australske skattemyndigheiter. Det må vere i original og ikkje eldre enn seks månader. Du kan sende inn eit Certificate of Residence som er utferda av australske skattemyndigheiter før du har fått skatteoppgjeret for 2022 i Australia.

Leverer du ikkje skattemedlinga, får du 15 prosent skatt på pensjonen/uføreytinga ved skatteoppgjeret. Dette gjeld også når du har hatt frikort eller skattekort med lågare trekk enn 15 prosent.

Har du ikkje fått skattemeldinga innan 15. april 2023 kan du kontakte Skatteetaten.

Har du ikkje tent opp pensjonspoeng eller opparbeida pensjonsbehaldning, og du har private pensjonar, uføreytingar eller krigspensjon?

Dersom du ikkje har tent opp pensjonspoeng eller opparbeidd pensjonsbehaldning i den norske folketrygda, er du ikkje skattepliktig i Noreg for pensjonar og uføreytingar frå private tenestepensjonsordningar og andre private pensjonsordningar. Du er heller ikkje skattepliktig for krigspensjon.

Dersom dette gjeld deg, kan du søkje om nytt skattekort.

Reglane om kjeldeskatt på pensjonar og uføreytingar gjeld berre for deg som er skattemessig emigrert frå Noreg. Dersom du framleis er skattemessig busett i Noreg etter skattelova, skal skatten reknast ut etter dei vanlege reglane. Føresegnene i skatteavtalen gjeld også for deg.

Alle førespurnader om kjeldeskatt på pensjon og uføreytingar skal rettast til:

Skatteetaten
Postboks 9200 Grønland
NO-0134 OSLO

Telefon frå utlandet  +47 22 07 70 00
Telefon frå Noreg  800 80 000

Sende melding:  Du kan ikkje nytta e-post, men send oss ei melding.

Hugs å gje opp fødselsnummeret eller D-nummeret ditt når du vender deg til Skatteetaten.